Vår meldar spør etter at ISÁK viste fram dansemusikkens frigjeranda kraft under Oslo World lørdag.

ISÁK på Blå under Oslo World Foto: Simen Omland

Eit utseld Blå var elektrisk av forventning til ISÁK. “Det er ikkje ofte vi opnar med headlineren”, opna ein stolt festivalsjef frå scena. Oslo World markerte festivaltemaet fridom med dansemusikkens frigjerande kraft.

Fersk Stjernekampvinnar Ella Marie tok rommet stolt frå første tone. Gjennom festbeaten til Daniel Eriksen, kjent for å ha produsert mellom andre Alan Walker og Bendik, strålar Ella Marie speleglede. Pur glede. “Så gøy det e å spille!”.

Det hadde vore to månader spelepause for ISÁK i forkant av denne konserten. Heilt naturleg, med humor og stoisk scenero smitta entusiasmen frå Ella Marie over på publikum.

ISÁK på Blå under Oslo World Foto: Simen Omland

Det første som slår deg ved Ella Marie er stemma. Eller, rettare sagt, stemmene. Ho varierer klangen heile tida. Det skiftar mellom den sterke, episke og den forsiktige, luftige. Kor mange stemmer har du i deg?!

Denne klangvekslinga, som også ligg i sjølve joiketeknikken, tek ho med seg i dei låtane som er meir rett fram elektropop. Slik integrerer Ella Marie joiken i EDM djupare enn å berre legge EDM-beat på joik.

Slik Mari Boine har integrert joiken inn i sitt musikalske landskap.

“Jeg hadde aldri turd å stått her om det ikke var for henne”.

Når Boine i januar i år mottok Spellemannsprisens heiderspris, hylla ISÁK henne med sin versjon av “Elle” som Boine skreiv til filmen Kautokeinoopprøret (2008). På det tidspunktet hadde ikkje Ella Marie helsa på Boine, men fortalde frå scena på Blå at Boine gjennom heile Stjernekamp hadde sendt støttande meldingar og heia ho fram. “Det trumfe liksom alt”.

Gjennom ISÀK sin “Elle” viser Ella Marie at ho har med seg Boine si styrke, stoltheit, sinne og kraft. I det heile tatt virkar Ella Marie til å ha ei insisterande vilje til å danse og synge ut heile kjenslespekteret.

ISÁK på Blå under Oslo World Foto: Simen Omland

ISÁK har endå til gode å debutere med plate, men både “Curves Munnje” og “In Comparison”, vart akkompagnert av eit allsongivrig publikum. Desse er kanskje også dei sterkaste ISÁK-låtane vi får høyre denne kvelden. Førebels er låtutvalet litt lite variert og likt i uttrykket. Kanskje er ein ikkje er heilt ferdig med utvalet til ei komande debutplate.

Mest elektrisk var stemninga under powerjoiken “Masi (Máze)”, protestjoiken mot utbygginga av Altavassdraget tidleg på syttitalet. Det vart truga med å demne ned den samiske bygda Masi, men bygda vart verna i 1973. Det er sterk kost Ella Marie formidlar med si fandenivoldske stemme, manipulert av den dirrande synth-bassen. Rett i trynet.

ISÁK på Blå under Oslo World Foto: Simen Omland

Eg må kome med i innrømming – eg såg ikkje Stjernekamp. Eg måtte innom NRK-arkivet etter konserten på laurdag. Men la meg sitere Ella Marie Hætta Isaksen frå scena: “Det e kjedelig å vær på TV og sånn. Det gidde vi ikke. Det e det her vi ska gjøre!”. No var dette sagt med eit glimt i auget, og Stjernekamp har utan tvil vore enormt viktig for Ella Marie.

Men la no for all del ISÀK vere noko meir enn Stjernekamp-Ella Marie.

Les også: Puskas: Musikkhub med makroner

Det var eit genialt trekk frå festivalen å plassere Benin International Musical til slutt. Rundt midnatt tok dei over eit overgira publikum frå ISÁK. Gruppa, som nyleg gav ut plata BIM#1 (World Tour Records 2018), kom dansande og syngande inn i rommet og tok gradvis over lydbiletet frå høglydt klubbsnakk. BIM visste å heve forventningane. Frå første trommeslag kasta dansegolvet seg rundt. No var folket smilande metta av lykkekjensle.

Denne kvelden vart fridomen markert med dansemusikkens frigjerande kraft.

Publisert:

Del: