I 2009 var det 200 år sidan ein av dei mest legendariske spelemennene gjennom alle tider blei født. Ein skal ikkje røre seg mykje innan slåttespelet føre ein råkar på namnet til Håvard Gibøen frå Møsstrond. Men kva var det eigentleg med denne mannen og musikken hans?

Når ein snakkar om Håvard Gibøen, snakkar ein om noko storfelt og monumentalt. Det er fyrst og fremst på grunn av musikken som er etter honom at namnet hans stadig dukkar opp på folketunga – og ikkje fordi det er særskilt mykje sogemateriale etter denne likevel så myteomspunne spelemannen. Han levde nemleg eit, etter måten, stillfarande liv.

Likevel veit me at historia om Håvard Gibøen er ei av dei mest tragiske livshistoriene i norsk musikkliv, og eit av dei største døma på kor hardt det kunne vera for ei kunstnarsjel å leva med så stor gjevnad for noko som på det jamne ikkje kasta av seg i tilstrekkeleg grad. I alle høve ikkje økonomisk der og da.

Men slike gåver som Håvard hadde i seg måtte få utløp. Slik kasta til sjuande og sist dette likevel av seg, da alt det Håvard skapa og vidareforedla seinare blei ei skattekiste for alle spelemenn og folkemusikkinteressera i ettertida. Til og med ein storkult som Edvard Grieg tok nytte av denne skatten. Han tok slåttane etter Håvard inn i sitt musikalske landskap, og gjorde honom verdskjent ved å nytte mange Gibøslåttar i eitt av sine verk – Opus 72 ”Slåttar”.

Eg trur ikkje eg tek munnen min for full når eg seier at alle betydelege spelemenn i Telemark i ettertid er påverka av spelet til Håvard. Eg kjem ikkje på éin einaste betydeleg spelemann i dette fylket som ikkje har hatt Håvard sine slåttar på standardrepertoaret sitt.

Den musikken Håvard Gibøen i si tid meistra å framodle baor i seg ei slik kraft at ein framleis sit her 200 år etter han blei født og undrar seg over eit spel ein eigentleg aldri har høyrt, og ein spelemann ein enda mindre har møtt. Dei slåttane som ein gong trilla ut frå Håvards hand skapar framleis ei unik interesse for kven denne mannen var, og korleis han spela.

Men det skulle i alle høve ikkje vera nokon tvil at det her er snakk om noko utanom det vanlege. Som blodbroren Torgeir Augundson (1801-1872), betre kjent som ”Møllarguten”, ein gong sa: ”Ja, Havår e’ nok mester åt kånn elle.”

Livet
Håvard Gibøen var født 12. mars 1809 på Møsstrond. Det finst ikkje bilete av honom, da han ikkje ville la seg fotografere. Han hadde ei lyte i nasen på grunn av ratesjuken, ein sjukdom dei var plaga med i familien. Nasen rotna vekk i ungdommen, og det var berre att eit søkk etter ho. Men Rikard Berge karakteriserar han slik:
”Håvard Gibøen var ein midels stor eller heller litenvoren kar, før og rundvaksen og velfallen all veg. Han var sterk som han var velvaksen. Han var ljos i hudkosten og noko bleikkjaka, rundleitt og småbroten, og var i ungdommen ein rettig ven kar.”


Vis Møsvatnet, Telemark i et større kart

Den spesielt fine musikaliteten til Håvard kom nok ikkje ut av ingenting. Det var spelemenn og musikalske folk på både mor- og farsida.
Oldefaren, Tore Kolbeinsson Knaben, var av ei slekt der mange var gode på både fele og langeleik. Han og fleire av brødrane brørne hans kom til Telemark frå Fjotland i Kvinesdal i Vest-Agder fyrst på 1700-talet. Det var han som kom til Møsstrond og kjøpte Gibøen. Sonen hans, Håvard Toreson, var òg god spelemann. Slik var både oldefar og bestefar til Håvard gode spelemenn. Men gamle Håvard døydde det året vesle-Håvard blei født, så han høyrde aller forfedrane sine spela. Likevel fekk truleg Håvard lære noko av dette stoffet gjennom faren, Knut, men òg av bestemora, Barbro.

Mor til Håvard, Åsne, var frå Djuvland på Rauland. Ho var av den gåverike Berge-ætta, og hadde god songstemme. Åsne var religiøs og lika ikkje at sonen var nyfiken på fela. Ho hadde mang ein gong sett korleis eit spelemannsliv kunne utvikle seg. Difor freista ho å nekte Håvard å prøve seg på fela som låg att etter bestefaren, og skremde honom med at det var Gygra som åtte fela. Men bestemor Barbro léèt han likevel få prøve seg på fela. Ho såg nok kva som budde i guten, og ønskte gjerne også at han skulle ta opp arven etter mannen og svigerfaren.
Denne kampen mellom det religiøse, og den enorme hangen til å uttrykke seg med fela, kom stadig att oppigjennom livet til Håvard. Han gret tidt og jamt når hovudverken tok honom.
Da kom han gjerne med religiøse funderingar.

Og det skulle koma til syne at mora hadde grunn til å engste seg. Alt medan Håvard ennå var i oppveksten, han var kring 12 år gamal, spela han i eit bryllaup. Der fylde dei honom opp på øl og brennevin så han blei stuvfull. Etter dette blei han svært utolleg mot det sterke. Det skulle ingenting til før han ikkje var kar til spela lenger – anna berre sat og gret og klaga seg over lagnaden sin. Men av og til spela han også så fint at dei fleste tok til tårene – og han sjølv au.

Møllaren sa det slik: ”Det gjeng i mergen når Havår spelar!”

Håvard prøva seg fram på eige hand etter beste evne frå starten av. Men etter kvart skulle han få god hjelp. Morsyster til Håvard blei nemleg gift til Lurås i Tinn – nærare bestemt med bror til den kjende spelemannen Knut Lurås (1782-1843). Og slik råka det til at Knut kom innom på Gibøen da Håvard var berre gutungen. Knut høyrde ein av desse gongene at den vesle gutungen sat og neka og spela. Da skal han ha sagt: ”Der e no ein som kjem ti’ spølå låttan åt Luråsen!”

Knut Lurås var hyppig innom på Gibøen heretter, og han blei slik ein mentor for Håvard. Og Håvard blei nok også viktigaste læreguten til Knut. Knut kunne ikkje fullkyte kva læreguten tok til seg. For som han ein gong sa: ”Når Håvard spølå, da sto e’ ’ti svòli o’ gret.”

I 1834 gifte han seg med Mari Eikja frå Bø. Ho var av velhaldne folk, og dei hadde stølen sin på Møsstrond, som så mange andre bønder frå Midt-Telemark den tida. Det var ei kjent sak at det eigentleg var ei anna jente Håvard ville ha, nemleg ei anna utmannsjente som låg på stølen i nærleiken. Det var Åste Ryntveit frå Sauherad. Men farens meining og fornuft sigra, og Håvard blei overtala til å bli Mari sin trulova. Ho var veldig begeistra for Håvard, og Håvard hadde ikkje noko særleg mot ho heller. Men dagen han skulle hente henne til bryllaup heitast det at han ikkje gjekk med lette steg. Håvards dystre tankar kring giftarmålet med Mari kom også av og til fram i svake stunder. Ein gong sa han gråtkvelt til Knut Dahle: ”Det æ’ sò mangt som heve gjengje meg imot. Sò fekk eg no ’kje gifte meg som eg ville helle’. Eg ha’ alli havt hug tì ’a Mari.”

Bryllaupet sto i Bø og vara i åtte dagar. Det blei ikkje eit særleg lukkeleg samliv. Det var vel nærmast som eit tvangsekteskap å rekne. Men Mari var trass alt veldig glad i mannen sin, og det falt aldri store ukvemsord dei i mellom. ”Eg blir lei elle spelemennar,” sa Mari, ”men Håvards spel blir eg aller lei.”

Håvard og Mari fekk fem5 born – tre gutar og to jenter. Det var velhaldne folk på både mor- og farsida til Håvard. Slik sett sat Håvard godt i det frå bornsbein av, og det meste skulle liggelåg til rettes for at han skulle kunne ta seg av ein heil familie. Og enda lettare skulle det bli når han valte Mari Eikja til kone. I medgifta følgde det med mykje sølv, buskap og pengar til Gibøen.

Men diverre ville lagnaden det annleis for desse to.

Mor Åsne døydde da Håvard berre var 13 år, og 11 år seinare døydde faren òg. Knut Gibøen rakk difor ikkje å sjå at Håvard og Mari blei vigde året etter, som han hadde vore den store pådrivaren for. Slik var Håvard berre 24 år da han blei foreldrelaus og måtte overta garden, og i tillegg skulle stifte sin eigen familie.

Det var stor forskjell for Mari å leva i fjellbygda Møsstrond i mot å bu på ein storgard i Bø. Ho greidde aldri å tilpasse seg heilt. Ikkje levde ekteskapet med Håvard opp til forventningane heller, og det heitast at ho blei slurveleg og likeglad med det meste. Håvard hadde ei kunstnarsjel og flakka mykje. Sjølv om han var god arbeidskar og var perfeksjonist i alt han gjorde, så var det vel ikkje akkurat vanleg arbeid han aller helst ville drive med. Og spelinga var det ikkje allstøtt like mykje å tene på. Av og til betala dei dårleg, og det kunne råke til at han blei lura òg. Det var ikkje kvar gong han fann att pengane dagen etterpå heller.

Difor måtte dei frå garden etter kvart, og fór bygdene imellom med heile huslyden. Dei flutte frå gard til gard og frå bygd til bygd. Dei var til tider som det reine fantefølgjet å rekne.
Slike følgje var ikkje alltid like velsedde der dei kom. Men Håvard hadde heldigvis den fordelen at han var lett å like, og når han da også tok fram fela, blei nok mange mykje meir gjestmilde og hjelpsame.

Difor kom dei seg gjennom desse vanskelege åra – om ikkje heilskinna, så i alle fall godt nok til at dei kom seg heim til Møsstrond att, og fekk dei siste leveåra sine her – og mesteparten av desse heime på Gibøen.

Møllarguten var omtrent åtte år eldre enn Gibøen. Dei to råkast så tidleg som da Håvard berre var åtte8 år, da Møllaren var på Gibøen for å gjete. Det heitast at Håvard allereie var god spelemann i så ung alder. Han spela faktisk fyrste bryllaupet som 10-åring. Og sjølv om Møllarguten var dobbelt så gamal som Håvard nett da, fann dei fort tonen. Eit utruleg fint venskap utvikla seg straks mellom dei to, og ein kolossal gjensidig respekt.

Dei kunne ikkje fullkyte einannan, sjølv om dei truleg hadde temmeleg ulikt spel.

Håvard og Møllarguten blei som blodbrødrar å rekne, og følgdes livet ut.

Da Håvard fekk høyre at Møllaren døydde i november 1872, kjende Håvard på seg at han heller ikkje hadde lenge attigjen.

I slutten av juli 1873 døydde Håvard Gibøen, heime på Møsstrond.


Kjetil Vågen, Håvard Gibøens oldebarn

Slåtter
Håvard Gibøen hadde ei utruleg slåttekunne. Knut Dahle (1834-1921) fortalde at han mang ein gong trudde han hadde lært alle slåttane til Håvard, men blei like mange gonger forbausa. Han sa det slik: ”Det tok aller ende det han kunne. Han kom ti’ Dahle, også tenkte e’ e’ sku konna alle låttan honoms. Men so begynna’n på ein ny den fysst’n tok i. Da blei e reint forondra.”

Det er umogleg å halde styr på kor mange slåttar han eigentleg kunne. I Håvard si tid var det ikkje like vanleg å ha namn på slåttane som det er i dag. Mange av slåttane har fått namn i ettertid, og er gjerne kalla opp etter spelemannen. Døme på slike slåttar er ”Håvardsdraumen”, ”Håvards sorg”, ”Håvardstubben”, ”Håvard Gibøens brudemarsj” og ”Håvard Gibøens minne”. Andre slåttar er knytt til hendingar eller omgjevnadar kring Håvard, som ”Floketjønn”, ”Falkeriset”, ”Han dryfta godt spelet Knut”, ”Høyvêrsdagen”, ”Sørjefuen” eller ”Draghaugen”. Samtidig er det tallause slåttar som berre er nemnt som til dømes .d. ”Springar etter Håvard Gibøen” eller ”Gibøgangar”. Vidare har ein også ein heil bunt med slåttar som blir nemnde som ”Luråsspringar” eller ”Gangar etter Knut Lurås”.

Mange av desse er også namnlause, mens nokre har namn – slik som t.d. ”Helge Treisk”, ”Nordfjordingen”, ”Pål Løytnantsdreng” og ”Moguten”, som me veit var den siste slåtten Håvard lærde av Knut. Dei absolutt fleste av desse må ein også rekne med at på ein eller annan måte har gått gjennom Håvard, gje og med at han var den fremste læresveinen til Knut. I tillegg veit ein at han lærte mykje også av andre eldre spelemenn. Jon Kjos (1754-1826) og Øystein Langedrag (1785-1848) lærde han ein del av. Og sjølvsagt bytte han også slåttar med meir jamgamle spelkameratar som til .ddømes. Tov H. Sagafoss (1825-1873), og særleg med Møllarguten. Mange av dei kjende storslåttane ein reknar som Møllarslåttar, finn ein også i Gibøformer – da ofte i ei heilt anna form med andre fargar, lynne eller uttrykk. Eit godt døme på dette er ”Fossegrimen”.


Trygve K. Vågen, tippoldebarn av Håvard Gibøen. Fra Telemarksfestivalen i 2009. (Foto: Knut Utler)

Sjølv om han måtte ha ein enorm formsans og nok var som ein perfeksjonist å rekne når det gjaldt å passe på formene på slåttane, hadde han i tillegg ein enorm musikalitet og kreative evner. Det gjorde at han ikkje greidde å la vere å tillegge noko sjølv i slåttane, og mange slåttar er nok rein dikting av Håvard.

Eg har også ein mistanke om at Håvard makta å halde på formene slik han hadde lært dei og lære dei vidare slik, men samtidig forme dei ut etter eige hovud. Kanskje lærde han også ulike former av same slåtten, om dei var ulike nok. Det er nærliggande å tru det, da ein faktisk har opptak av spelemenn som har lært direkte av Håvard, eller er andre ledd i rekka av læregutar. Om ein til dømest.d. tek ”Skuldalsbrure” som Knut Dahle spela inn på voksrull i 1912, og samanliknar det med opptak med Høye Kvåle (1879-1967) med same slåtten, slik han lærte han av son til Håvard, Kjetil Håvardson (1844-1919), høyrer ein da to utgåver med same tematikk, men med heilt ulikt innhald. Det same gjeld ein annan slått som har gått gjennom same traderingsprosessen, nemleg ”Hjerki Haukeland” med dei same spelemennene. Det er slettes ikkje uvanleg at dagens spelemenn maktar å halde ulike former frå kvarandre på denne måten, og det er heller ingen grunn til at dei ikkje skulle greie det tilsvarande i Håvard si tid. Det er berre interessa som kan hindre slikt om evna er der.

Håvard blei regna som sjølve basen når det gjaldt å spela på andre felestille.

Noko av det eg likar aller best med slåttane etter Håvard, er det enormt uttrykksfulle – det veldige mangfaldet av ulike uttrykk. I Håvardslåttane er det noko å hente uansett kva slags sinnstilstand ein er i. Det fins slåttar som kan gjenspegle alle slags kjensler. Ein har dei lette, glade danseslåttane, og dei noko meir sørgmodige eller meir sentimentale. Men i nokreon av slåttane, og kanskje særleg i nokre av slåttane på nedstilt bas, er det eit meir angstfylt uttrykk som kjem fram – særleg slik dei blir spela i Tinn. Dei tonane som kjem ut i desse er nærmast uhyggelege. Men me har godt av å kjenne på dei kjenslene òg – alt kan ikkje bare vera sukkersøtt, eller glede og latter.

Det blei sagt at når Håvard spela slik, trefte han nokre tonar så det var som om fela gret. Dette gjenspeglar den sørgmodige naturen til Håvard.

Stil
Om ein ser vekk i frå sjølve repertoaret Håvard truleg har nytta, og slåttane som lever att etter honom, og heller lyer på måten dei spela, dei som truleg ligg nærast Håvard i spelstil som ein har opptak av i dag, kan ein danne seg eit slags inntrykk av omtrent korleis det lét når meistaren sjølv framførde dei.

Som nemnt finst det opptak av spelemenn som levde tett opptil og inntil Håvard Gibøen, og som Håvard sjølv skal ha gått god for. Går ein eitt ledd vidare i generasjonane er det plutseleg flust med opptak av spelemenn ein kan rekne som nærskylde i musikalsk uttrykk. Faktisk finst det også særskilt oppegåande og aktive spelemenn i dag som berre er tredje eller fjerde ledd i traderingsprosessen etter Håvard, sjølv om det er 136 år sidan han døydde. Slik kan ein framleis leite fram tydelege spor av Håvard blant nålevande og døde spelemenn.
Det er sjølvsagt ei sanning at det berre skal eitt einaste ledd til for å snu om på ein heil tradisjon, om arvtakarane har andre intensjonar enn å ivareta det dei lærer. Men det er heller ingen automatikk i at ting treng forandre seg så veldig mykje på 3-4 generasjonar – i alle fall ikkje utover der evner og det personlege spelar inn. Det er ikkje eine og aleine å spela slåttane slavisk etter læremeisteren som er det viktigaste i så måte, men det å makte å fange opp det som ligg over slåtteforma – nemleg det som handlar om uttrykk, dåm, føredrag eller musikalsk natur.

Det finst levande prov på at det faktisk er mogleg å spela veldig tett opp i mot idealet sitt, og i rekkene etter Håvard er eg viss på at det er mange spelemenn som har evna nettopp dette.
Om ein lyttar til desse, og leitar etter fellestrekk, oppdagar ein lett at det ikkje er så langt attende til det same idealet.

Skal ein dra dette heilt ned på eit botnnivå teoretisk, har ein spelemann i grunn berre to ting å nytte seg av om dei skal framføre slåttar med ei fele og ein boge – nemleg bogehanda og fingerhanda. Det er enkelt og greitt samspelet mellom desse to hendene som utgjer uttrykket til kvar enkelt spelemann. Og det er også i bruken av dette ein kan finne fellestrekka mellom arvtakarane til Håvard, og slik danne seg eit omtrentleg bilete av korleis det lét når han spela.

Sjølv har eg oppdaga at Gibøspelet har ein særskilt avansert tonalitet – meir avansert og uoversiktleg enn mange forskarar og kunnige har freista forklare. Denne blir ofte karakterisert som alderdommeleg, og har blitt nemnt som t.d. naturtoneskala eller kvarttoneskala. Men det er så mykje meir enn det. Det er ei kjent sak at denne tonaliteten skil seg frå den tempererte skalaen det ålmenne øyret i dag reknar som rein – slik ein høyrer han på pianoet. Problemet er berre at når ein prøvar forklare denne type tonalitet på denne måten, pressar ein den alderdommelege tonaliteten inn i det same skjemaet som den tempera – noko eg meiner blir feil, da pianoskalaen på sett og vis er oppkonstruert i meir moderne tid. Det er difor ikkje enkelt å finne den same logikken i den eldre tonaliteten. Det er nemleg ikkje berre snakk om kvarttone- eller naturtonetrinn, men noko enda mindre enn det, som ein må måle på mikronivå, om ein i det heile kan måle det.

Måten t.d. dei næraste arvtakarane etter Håvard Gibøen fargelegg slåttane på, er veldig nyansert når det gjeld korleis ein grip an tonen, kvar ein plasserar han og kva klang ein legg innåt.

Eg skal freiste å forklare kva eg meiner ved å nemne eit enkelt døme: Granskar ein dei næraste tradisjonsberarane etter Håvard Gibøen, vil ein raskt merke at mange av dei til dømes stundom set andre fingeren på kvinten ekstremt høgt, jamført med ein låg andrefinger som grip tonen g. Det er difor lett å berre oppfatte det, og tru at den skal stå spikra her om ein skal spela i denne stilen. Men granskar ein det nøye, oppdagar ein at denne heile tida varierar. Same taket i ein slått kan repeterast fleire gonger, og denne tonen flyttast litt opp eller litt ned kvar gong, eller leggast innåt ein annan underklang. Og det er slettes ikkje sikkert at dei same tonane blir nytta i ein annan slått eller ved neste gjennomkøyring.

Håvard hadde stutte, kraftige fingrar. Så butte, så dei nesten såg ut som dei var kabba beint av. Det var mange som undra seg over korleis det gjekk an å spela med slike fingrar. Men det var særleg fingerbruken Håvard var så beundra for. ”Når eg hadde ein fing’ på strengen hadde Havår’ to”, sa Møllarguten.

Også her er me inne på det med fargelegging av slåttar. I Gibøspelet er det ein utvikla og variert bruk av ulike kvelegrep, men også ein smakfullt uttenkt bruk av opne klangar. Det er heilt tydeleg at spelemennene i denne tradisjonen har vore medvitne på ulikskapane i klangfargene når det gjeld å nytte opne strengar kontra det å nytte fingrane. Ein høyrer tsåleis.d. ofte at dei vel å bruke open tenor og kvart [d-streng og a-streng, red.mrk] i staden for tredje finger på basen, som er det mest standardisera i dag, om dei til dømest.d. skal klatre opp frå andre finger på basen – berre for å nemne eitt av mange døme. Så nyttar dei kanskje den stengde klangen ved neste høve.

Om ein lærer seg desse nyansane å kjenne og å ta nytte av dei, opnar det seg ei heilt ny og spanande verd. På same måte som ein kunstmålar nyttar mange andre nyansar i fargar enn t.d. blå, gul og blågul, eller gul, grøn og gulgrøn, kan ein spelemann slik også boltre seg i dei same nyansane innan tonefargar. Eg finn ikkje noko betre bilete på det enn å samanlikne det med fargelegging.

Og inniblant dette enorme mangfald av klangar og tonar, finn ein også i Gibø-spelet eit heilt arsenal av ulike likringar, triller, forsiringar, ornamenter, forslag og utsøkte smådetaljar, som det er beint ut umogleg å forklare på papir.

Enda vanskelegare er det kanskje å forklare bogebruken i Gibøspelet. Men det som er eit fellestrekk mellom spelemennene i direkte Gibøtradisjon er den ekstremt rasjonelle og nøye utmåla bruken av bogelengda. Det er med andre ord ikkje om å gjera nytte heile bogen heile slåttane igjennom. Eg har lagt spesielt til merkje korleis dei på ein fangande måte nyttar bogen til å markere og understreke rytmen. Ofte er det farten på bogehanda som styrer krafta i spelet, i staden for trykket på bogen. Da har ein enda meir å gå på når det gjeld dynamikk.

Samtidig har ein alltid mykje bogelengde å gå på, så ein ikkje må snu i tide og utide – noko som igjen skapar den framdrifta eg synst eg kjenner att i det meste av det eg karakteriserar som Gibøspel. Så kan ein ta nytte av heile bogelengda når dette er naudsynt, eller når inspirasjonen verkeleg tek overhand. Dei spelemennene som herskar over denne teknikken har eit stort føremon med at dei verkeleg kan leike seg med bogen og rytmen, og slik også slåttane, og dernest dra slåtten opp eller ned til dei høgder eller djupner dei føler for der og da.

Det er verkeleg ikkje gjort på ein dag å tileigne seg Gibøspelet. Det er berre yttarst få som greier det på eit heilt liv.

Arvtakarane
Det musikalske lynnet låg tydeleg i Håvard Gibøen. Dette har også gått i arv. I alle ledd i slektstreet etter Håvard Gibøen har det vore gode spelemenn. Og dessa har alle vore sterke nok til å bevare mykje av den monumentale musikken etter stamfaren.

Kjetil Håvardson var, som nemnt, spelemann. Diverre hadde han ei skjelving i bogehanda som hemma han noko, men han høyrde sjølvsagt mykje spel av faren, og blei slik ei særs viktig kjelde for spelemennene i ettertida. Det er ikkje mykje som kan erstatte det å vekse opp i ei toneverd når det gjeld å tileigne seg ein spesiell stil, og sjølv om Kjetil ikkje akkurat var av typen som pugga slåtteformer, baor han vidare eit musikalsk uttrykk som mange seinare storspelemenn kunne hauste av.

Kjetil skulle sjølv oppleva å få ein solid arvtakar i sonen Knut Vågen (1883-1939). Son hans att, Kjetil Vågen, lærde seg store delar av slåttetilfanget etter Håvard, og kunne vidarebringe dette til sonen Trygve K. Vågen (f. 1950), som er den næraste slektningen til Håvard blant spelemenn i dag. Men Trygve har ikkje berre høyrt familietradisjonen gjennom farsida. Onklane på morsida, Trygve og Olav O. Vågen (1918-1988) var båe gode spelemenn. Olav lærde mykje spel av sambygdingen Knut Vågen, og vidareførte dette både til broren og nevøen. I denne tradisjonen finn ein att mange av særtrekka ein har høyrt og lese om at Håvard skal ha hatt. Og alle desse spelemennene har vore med på å spreie eit ekte Gibøspel også utanom familien og heimbygda.


Kjetil Håvardsson,Håvard Gibøens sønn

Kjetil Håvardsson skulle også oppleva at det var mange andre enn familien som skulle interessere seg for det han sat inne med.

Høye Kvåle frå Seljord var ein av dei som interessera seg spesielt for det Kjetil hadde å fara med, og var fleire turar opp til Kjetil for å lære. Mykje av dette kunne han lære vidare til nevøen, Eivind Mo (1904-1995) frå Rauland og Seljord. Men Eivind hadde Gibøspel frå fleire kantar. Han lærde mellom anna.a. ein del av Eilev Smedal (1889-1938) frå Åmotsdal. Bestemor til Eilev, Signe, var syster av Håvard Gibøen og ho tralla fleire slåttar etter Håvard for Eilev, som Eivind fekk lære. Eilev var også av dei mange storspelemennene som var opp til Kjetil Håvardson.

Ein annan av læremeistrane til Eivind Mo, Torkjell Haugerud (1876-1954) frå Bø og Seljord, var også av dei som lét seg inspirere av Kjetil, og var merksam på verdien av det han sat inne med. Eivind Mo fortalde at Torkjell hadde stor respekt for den tradisjonen Kjetil vidareførte, og han var overbevist om at det var ekta Gibøspel han her fekk høyre.

I Tuddal budde det ein annan god spelemann med namn Ola Sud-Bøen. Han var om lag på same alder som Håvard, og uttrykte stor respekt for Håvard sitt spel. Han lærde og hørde mykje av Håvard, og det seiast at det var her Sud-Bøen henta mest inspirasjon for sitt spel, som gjekk vidare til yngre spelemenn i Tuddal. Ein av arvtakarane hans her var meistaren Svein K. Løndal (1864-1949), som blir rekna som sjølve grunnleggaren av Tuddalsspelet. Slik kan ein finne spor av Håvard Gibøen også i Tuddal. Men Svein lærte ekta Gibøspel også frå andre kantar, nemleg av sjølvaste Knut Dahle frå Tinn.

Det var nok ingen som lærte så mange slåttar direkte av Håvard Gibøen som Knut Dahle, og Håvard gav mang ein gong uttrykk for at han var særs nøgd med læreguten sin frå Tinn. Gjennom Håvard fekk også Knut hente mykje av Luråsstoffet heimatt til Tinn. Og Knut skulle også vera så heldig at han skulle få solide arvtakarar i slekta. Sonesønene Johannes K. (1890-1880) og Gunnar Dahle (1902-1988) blei særs gode spelemenn, og særleg lærde eldstemann av desse Håvard sitt spel direkte av godfaren. Det var sjølvsagt andre enn desse to og Svein Løndal som fekk lærdom innan spel av Knut Dahle. Mellom andre.a. var Torkjell Haugerud også heim til Knut Dahle fleire vender for å lære. Men det var nok ingen som kunne vidarebringe det spelet på den måten som Dahle-karane sjølve. Deisse kunne bringe desse gullkanta slåttane vidare til dagens spelemenn, og særleg må Olav K. Øyaland (f. 1922) nemnast som den næraste kjelda for denne tradisjonen blant dagens spelemenn. Han lærde jamleg av Johannes K. Dahle i ein mannsalder, og har tileigna seg det stoffet så nøyaktig og med så stor musikalitet, at ein synst Håvard pustar ein i nakken om ein set seg ned og lyer på det.

Slik er det framleis mogleg å både å oppleva og tileigne seg høgbore Gibøspel av ekte merkje, ved å ta seg ein tur til anten Tinn eller Møsstrond, sjølv 200 år etter Håvard Gibøen sjølv blei født.

KJELDER:
Knut Buen: ”Som Gofa Spølå”
Rikard Berge: ”Haavard Gibøen”
Trygve K. Vågen: CD-hefte til ”Gibøspel” (TKVCD001)
Eivind Mo, direkte samtaler

Denne artikkelen er tidligere trykket i Årbok for folkemusikk 2009.

Publisert:

Del: