Progrockbandet Saft frå Bergen spela ein legendarisk konsert foran 30 000 publikummarar under Ragnarock-festivalen i Holmenkollen i 1973. Saft samarbeidde med felespelaren Sigbjørn Bernhoft Osa, og på den tida var det uhøyrt å blande folkemusikk og rock. Biletet viser Saft i byrjinga av konserten, før Osa kom på. (Foto: Lasse Klæboe / Riksarkivet (CC BY-SA))

I nynorskens skog: Slagersong og svartmetall  

Praktverk om den nynorske populærmusikken.

Kalender

Det norske musikkbiblioteket veks jamt og trutt – til glede for oss som liker å lesa om plater og musikk mellom to permar. Samtidig kjem nok dei langt fleste bøkene ut på bokmål.

Det har Arild Torvund Olsen prøvd å gjera noko med, når han no har sleppt boka Slagersong og svartmetall – godbitar frå den nynorske populærmusikken.

Dette er ei gjennomillustrert bok på 168 sider, rikt illustrert og med namneregister. Boka tek for seg 80 år med nynorsk platehistorie, frå 1938 til 2018. Ho er i eit hendig coffee table-format og inneheld grundige gjennomgangar av godt over 100 album med nynorske songtekstar, i tillegg til særskilt historisk interessante singlar og EP-ar.

Bokomslaget til Arild Torvund Olsens Slagersong og svartmetall. Godbitar frå den nynorske populærmusikken. (Foto: Fonna Forlag)

Kvart enkelt tiår frå 50-talet og utover har også fått eigne introduksjonar, der Torvund Olsen set den historiske utviklinga i perspektiv. Boka er elles rikt illustrert med faksimilar, artistbilete og plateomslag, noko som gjer henne hyggjeleg å bla i òg. Sjølv er Torvund Olsen høgskulelektor ved Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa ved Høgskulen i Volda.

– Gratulerer med fin bok! Når fekk du først ideen om at ei slik framstilling burde skrivast? Og kor lang tid tok det frå start til mål?

– Det er ei veldig god kjensle å sitja att med eit handfast resultat av alt arbeidet. Eg har samla aktivt på nynorske plater – og historiene bak platene – i litt over ti år, og såg tidleg at her var det mykje spanande stoff som det ikkje har vore skrive skikkeleg om før.

– Draumen om å laga ei bok om emnet har dermed ulma i bakhovudet lenge. Då Fonna Forlag tok kontakt ved inngangen til 2023, var eg difor ikkje vanskeleg å be.

Om nokon kjøper boka for å mimra om svartmetall frå nittitalet og endar opp med å oppdaga Ivar Medaas, eller omvendt, so er ingenting betre enn det, seier forfattar og høgskulelektor ved Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa, Arild Torvund Olsen. (Foto: Mari Torvund Måseide)

Torvund Olsen fortel at skriveprosessen til boka tok kring eitt og eit halvt år. Boka dekker eit stort spekter – og mange ulike musikalske uttrykk. Målgrupper for boka er både dei som er interesserte i musikk og i språk.

– Det har også vore viktig for meg at boka skal ha noko både for dei som vil mimra og lesa om plater dei har eit sterkt forhold til – og for dei som ynskjer å gå på oppdagingsferd og kan henda finna godbitar dei ikkje visste om frå før. Om nokon kjøper boka for å mimra om svartmetall frå nittitalet og endar opp med å oppdaga Ivar Medaas, eller omvendt, so er ingenting betre enn det.

– Materialet er veldig bra biletbelagt. Er dette for stor del henta frå eigne samlingar?

– Plater er eit veldig visuelt medium for meg – det har det vore sidan eg i barndomen sat på guterommet og gjekk på oppdagingsferd i plateomslaga til Iron Maiden. Eg har difor arbeidd med den visuelle sida av boka frå dag éin, og har formgjeve oppslaga parallelt med at eg har skrive dei.

Bortsett frå tre plater som Torvund Olsen har fått bilete av frå andre samlarar, er alle 266 plateomslaga i boka henta frå hans eiga samling.

– Eg har i overkant av 500 nynorskplater på vinyl. Alle dei nynorske kassett- og CD-utgjevingane i samlinga mi kjem i tillegg. For å få utvalet i boka representativt – og interessant å lesa – var det dermed mange tunge val som måtte gjerast.

Om dette hadde vore ei «Arild skriv om alle nynorskplatene han liker»-bok, ville det ha vorte ei langt tjukkare, men også mindre leseverdig, bok, meiner han.

– Eg nytta mykje tid i byrjinga på å setja saman eit utval plater som til saman skulle få fram både dei store linene og det store mangfaldet, der eg særleg prioriterte dei platene som representerte noko nytt eller som fekk stort gjennomslag.

Reklameplakat for Undertakers Cirkus’ plate Brød & Cirkus frå 1975. – Eg vart blåsen av banen då eg fyrste gong kom over den sjeldne andreplata til Undertakers Cirkus og fekk høyra det ni minutt lange nynorske progrock-meisterverket «Brød & cirkus», seier Torvund Olsen. (Foto: Arkiv)

– Som platesamlar får eg aha-opplevingar heile tida. Det var til dømes fyrst då eg byrja samla aktivt på nynorske plater at eg oppdaga kor mykje nyskapande og spanande Ivar Medaas gjorde på seksti- og syttitalet. Og eg hugsar framleis korleis eg vart blåsen av banen då eg fyrste gong kom over den sjeldne andreplata til Undertakers Cirkus, og fekk høyra det ni minutt lange nynorske progrock-meisterverket «Brød & cirkus». Å snubla over obskur norsk hiphop som samplar Ingebrigt Davik er heller ikkje å kimsa av.

– Nokon forventar kanskje å lesa om artistar som Stein Torleif Bjella, Vamp eller Vassendgutane i boka. Er det lett å setja eit skilje mellom nynorsk og bruk av dialekt?

– Nynorsken er jo laga med utgangspunkt i alle dei norske dialektane. Alle dialektar – anten det er oslomål, ørsting eller bodøværing – er slik sett «nynorske». Men i denne boka har eg avgrensa meg til dei artistane som framfører tekstar som er skrivne på normert nynorsk. Stort sett er det då relativt lett å høyra eller sjå om noko er på nynorsk eller dialekt.

– Samstundes er jo folkemusikken er ei form for tradert populærmusikk, slik at skiljet mellom folkemusikk og andre sjangrar på ingen måte er eintydig. Eit godt døme er at mykje av det som på engelsk ville vorte kalla for «folk music», er slikt som her til lands vert kalla visesong.

– Mykje av det traderte stoffet i den norske folkemusikken er på dialekt. Og jamvel om det er nynorsknære dialektar, fell det utanfor rammene til denne boka. Folkemusikarar som syng ting på normert nynorsk er derimot innanfor, og det er det fleire døme på i boka.

– Mange har hylla nynorsk som eit songbart og poetisk språk, noko til dømes Det Norske Teatret har vist igjen og igjen. Men har det også vore motstand mot bruk av nynorsk som du kjenner til?

– Med tanke på den til tider sterke motstanden nynorsk og nynorskbrukarane kan møta i mange andre samanhengar, er det nesten påfallande kor lite motstand det har vore mot nynorsk som songspråk. Dei nynorske songane når tydelegvis inn til hjarta til folk på ein meir direkte måte enn det tekstar på papiret kan, slik at folk gløymer ein del av fordomane dei eventuelt måtte ha. Populærmusikken har difor vore viktig for å gje folk positive møte med nynorsken.

Både ordklangane og det rytmiske viser at Hartvig Kiran var ein skribent som var gjennomgåande musikalsk, fortel Torvund Olsen. Her er Kiran i 1944, frå tida han var programsekretær ved London-kontoret til NRK under krigen. (Foto: Riksarkivet)

Av dei tidlege nynorske tekstforfattarane er det få som kan måla seg med Hartvig Kiran, meiner Torvund Olsen.

– Kiran hadde ei utruleg evne til å laga gode formuleringar. Både ordklangane og det rytmiske viser at han var ein skribent som var gjennomgåande musikalsk. Det er ikkje utan grunn at so ekstremt mange norske artistar har spelt inn tekstane og attdiktingane hans på plate.

– Av nyare artistar tykkjer eg Odd Nordstoga er ein av dei mest spanande. Teksten hans på «Skodda» frå plata Kløyvd er til dømes eit meisterstykke innanfor historieforteljande låttekstar, der tekst og melodi saman dreg deg inn i handlinga. Kvar einaste gong eg høyrer den låten, vert eg like gripen av slutten, der forteljaren stiller kva som kunne ha hendt, opp mot kva han vel at skal henda i historia.

Odd Nordstoga, her på coveret til plata BesteVenn frå 2011. Denne plata var inspirert av den kritikerroste barneboka Vaffelhjarte, skrive av Maria Parr. Tittelsporet «Bestevenn» var hovudsong i NRK-serien «Vaffelhjarte», basert på same boka. (Foto: Universal Music Group)

Alt i 2019 var Torvund Olsen kurator for utstillinga Nynorsk vinyl hos Ivar Aasen-tunet. Også den utstillinga var laga med utgangspunkt i hans eiga platesamling.

– Kan me seia at det er nokon hovudtendensar i den nynorske populærmusikken – stemningsmessig eller temamessig? Er han tradisjonelt meir rural enn urban?

– Både òg. Bygda er til stades i ein del av den nynorske populærmusikken, men byen har òg spelt ei stor rolle. Då norske rockegrupper for alvor byrja eksperimentera med å syngja på norsk tidleg på syttitalet, var det til dømes mange bygrupper som tok i bruk nynorsken. Den alt nemnde lillestrømsgruppa Undertakers Circus, som på fyrsteplata i 1973 skreiv «Circus» med c, nytta til dømes nynorsken til å syngja om draumen om ei betre framtid – frå eit tydeleg byperspektiv.

Slagersong og svartmetall inneheld også ein nedlastingskode for Spotify, der du kan høyra songar frå boka. I tillegg er det også laga ein fire timars video (!) rundt prosessen med å fotografera LP-omslaga til utgjevinga.

– LP-omslag er ikkje det enklaste å fotografera, so difor allierte eg meg med Fylkessenter for digitisering av kulturarven ved Interkommunalt arkiv her i Møre og Romsdal. Dei gjorde ein strålande jobb med å fotografera omslaga, og laga til og med ei slags sakte-tv-sending av prosessen. Den kan alle interesserte sjå døme på her.

 

For å kommentere og diskutere artikkelen må du være logget inn på Facebook. Dersom du har en mening du ikke får postet her kan du alltid sende oss en e-post.
Konserttips Oslo