Hopp til innhald

Manger Skulemusikklag med ny musikk

Manger Skulemusikklag reiser til Oslo i helga for å spele samtidsmusikk. Som tittelforsvarar i NM for skulekorps skal dei spele «Myte for brassband», komponert av dirigenten for korpset, Torstein Aagaard-Nilsen. Konserten er i Oslo Kongressenter på laurdag.

Manger SML har jobba med nyare musikk i fleire år allereie, og dei komponerte blant anna eit eige verk for seg sjølv for nokre år sidan. Dei har vore med på musikkorpsforbundet sin Frisk Pust-satsing, der dei fekk spele
improvisert musikk med eit Donald-blad som noter!

Dei første ti åra etter at dei vart stifta, var Manger Skulemusikklag eit janitsjarkorps, men midt på 70-talet gjekk ein over til rein brassbandbesetning. Frå å vera eit «vanleg» skulekorps ein berre såg og høyrde på 17.mai og julekonsertar, utvikla Manger Skulemusikklag seg på 70- talet til å verta eit av dei leiande skulekorpsa i landet. Deltaking i mange konkurransar var sjølvsagt med på å heva det musikalske nivået. I 1980 tok korpset sin første NM-tittel i 2. divisjon brass. Seinare har det blitt mange sigrar, også i den gjevaste divisjonen. Frå 1989-1995 innkasserte dei 6 sigrar i første divisjon. Det heile vart krona med EM-siger i Skottland i 1990.

Som dei fleste andre skulekorps har også Manger Skulemusikklag vore gjennom bølgjedalar. Etter fleire år med dårleg rekruttering var korpset i 1997 heilt nede i berre 16 medlemar.På nytt vart store krefter sette inn på opplæringssida og korpset har dei siste åra heva seg frå 3. divisjon til 1. divisjon. Gode dirigentar og eit tett samarbeid med Manger Musikklag, Manger Folkehøgskule og Musikkskulen har vore naudsynt for å greia dette. I 2004 vart korpset Noregsmeistrar i føsrste divisjon.

Manger Skulemusikklag er ikkje berre eit skulekorps, men ein svært viktig organisasjon for Manger. Foreldregruppa i skulemusikken er i dag involverte i dei fleste større arrangement på Manger, som 17. mai, julegateopning, senterdagar, dansegalla og konsertar i Radøyhallen.

Korpset tel idag 38 musikantar.

Verket Myte er i fem satsar og fortel historia om Sigurd Fåvnesbane. – Det har mange toneganger som ikkje er vanleg for skolekorps å spele, seier dirigent og komponist Torstein Aagaard-Nilsen.

Manger Skulemusikklag skal spele i Oslo Kongressenter laurdag ca. Kl. 14.30 med komponisten som dirigent.

Ledige stillinger

Relaterte saker

2005 festivalen (Plakat fra Norges Musikkorps Forbund)

Norges største barne- og ungdomsfestival starter i Oslo torsdag

Hva har Ravi, Morten Abel, Maria Arredondo, Ole Edvard Antonsen, Wig Wam, H.M. Kongens Garde og 12.000 korpsmusikanter felles? De...

Forsvarets Stabsmusikk (Foto:www.fsmk.no)

Gallakonsert med verker av Nordheim, Westby og urfremføring av Åm

2005-festivalen er Norges største ungdoms- og barne-festival, der mer enn 12 000 unge korpsmusikanter for tiden setter sitt preg på...

Ole Edvard Antonsen, 2005 (Fra www.oea.no)

Ole Edvard Antonsen: – Gleder meg til 2005-konserten!

Årets desidert mest omfangsrike musikkfestival er 2005-festivalen, som samler hele 12 000 korpsmusikanter i Oslo for å feire at det...

Ravi under vann (2003)

Musikkorpsfestival feirer frigjøringen

Musikkorpsfestivalen 2005 skal i hvert fall ikke beskyldes for å være sjangerbundne: I løpet av tre junidager presenterer de artister...

Torstein Aagard Nilsen (Foto: Mic.no)

Torstein Aagaaard-Nielsen: – Det koster å kjøpe kuler og krutt

– I de spede forsøkene på en offentlig kulturdebatt finner vi ingenting om forsvarskorpsene. Men det er altså slik at...

Kulturløftet

Norges Musikkorps Forbund forventningsfull etter valget

– Nå gleder vi oss til å gå fra prat til penger. Det har vært store løfter i partiprogram og...

Flere saker

Oslo Filharmoniske Orkester

Orkestrene spiller gammel musikk av menn

En av fem norske komponister er kvinner, men verkene deres blir lite spilt. De store orkestrene spiller minst ny musikk,...

Galakse

Finn én feil

”Galakse fantasi” er et stort musikalsk samarbeidsprosjekt – for stort for konseptet som skal samle det, skriver Gustav Borgersen.

Utsnitt forsiden på rapporten The Polaris music survey: Digital Music Services

Norsk ungdom strømmer mest musikk i Norden

Ny TONO-undersøkelse viser at norske ungdommer også laster ned mer, og går på fler konserter enn ungdom i Danmark, Sverige...