Hopp til innhald
Ole Henrik Mohn Pettersen Conoco2007

Saksofonist vann ConocoPhillips-finalen

Saksofonisten Ole-Henrik Mohn Pettersen (26) vann Conoco Phillips finalekonsert og får eit stipend på 100 000 kroner. Han var ein av fire finalistar som spelte på Noregs musikkhøgskole, og han vann med det japanske stykket Maï av Ryo Noda. «Teknisk komplett, fokusert og sceneutstråling» er dommen fra juryleder Eirik Birkeland.

— Det var eit jamt høgt nivå på årets finalistar, og det var vanskeleg å skilje ut ein vinnar. Men Ole-Henrik Mohn Pettersen hadde ein gjennomført konsert. Han spelte teknisk komplett, han hadde fokus og dessutan utstråling på scenen, seier rektor ved Noregs musikkhøgskole og leiar i juryen Eirik Birkeland.

Elles besto juryen av pianist Liv Glaser, cellist Åge Kvalbein og songaren Siri Torjussen.

Samarbeid på åttande året

Dette er åttande gong energiselskapet ConocoPhillips samarbeider med Noregs musikkhøgskole om stipendkonkurransen for mastergrads- og diplomstudentane ved Musikkhøgskolen.

23 deltakarar prøvespelte tidlegare i vår, og fire gjekk vidare til finalen. Dei andre tre finalistane, slagverkaren Wendy Greenberg, pianisten Natallia Papova og cellisten Jan Clemens Carlsen, delte andreplassen og får eit stipend på 10 000 kroner kvar.

— Meir slik musikk på TV

Dan Børge Akerø leia finalekonserten og han var imponert over nivået på finalistane:

— Dette er musikk vi skulle hatt meir av på TV, sa Akerø etter at slagverkaren Wendy Greenberg opna konserten med eit kinesiskinspirert stykke av Per Nørgård.

Om vinnaren

Ole-Henrik Mohn Pettersen er 26 år og frå Fredrikstad. Han er utdanna klassisk saksofonist ved Noregs musikkhøgskole kor han tar mastergrad som solist no i vår. Han har studert hos Geir Holm og den verdenskjende saksofonisten John-Edward Kelly. Ole-Henrik er frilans musikar med eit repertoar som strekk seg frå klassisk saksofonrepertoar til samtidsmusikk og jazz. Masterarbeidet hans har blant anna vore å spesialisere seg på heile saksofonfamilien og å innleie samarbeid med samtidskomponistar.

Ledige stillinger

Ole-Henrik Mohn Pettersen leier sitt eige storband, The Livin’ Jazz Orchestra.

Ledige stillinger

Relaterte saker

Blåseinstrumenter

NM for solister og ensembler

20.-21. april arrangerer Norges Musikkorps Forbund finale i NM for solister og ensembler og Nordisk solistkonkurranse på Norges musikkhøgskole (NMH)...

Marita Kvarving Sølberg og H.M. Dronning Sonja

Startskudd for Dronning Sonja-konkurransen

Lørdag 24. mars samles 26 av våre fremste sangtalenter på Norges Musikkhøgskole. Deltagerne synger to operaarier i kontrasterende stiler, og...

Eirik Birkeland 07/ Foto: Marius E. Hauge

Musikkhøgskolen med høye søkertall og pris for utdanningskvalitet

NMH melder om en økning i søkertallene på 16,7 % fra i fjor – og siden 2001 har tallene økt...

Art Directors

Musikkhøgskolen med 24 jazzkonserter på en uke

I dag starter jazzfestivalen Jazz i 2. hus på Norges musikkhøgskole. Fra 8. til 16. juni kan publikum gå på...

Norges Musikkhøgskole, elevtime

Debatt – skapende læring

Noregs Musikkhøgskoles har i haust etablert eit nytt debattforum, Gjenlyd. Fredag 16. november stilles spørsmålet: Kva slags lærarar og kunstnarar...

Det Norske Kammerorkester

Norges musikkhøgskole – Bylyder

Frem til april byr Norges musikkhøgskole på Bylyder, lyder fra Norges fremste orkestre som alle spiller i skolens storstue i...

Flere saker

Ed Murphy

Notodden Blues Festivals Bluespris til Ed Murphy

Murphy er festivalens tidligere bookingsjef. Og får blant annet prisen for å ha styrket dens omdømme.

Edward Gardner Randi Stene Ingrid Lorentzen DNOB

Bergens sjefsdirigent Edward Gardner ny musikksjef i Den Norske Opera & Ballett: Publikum skal møte noe utenom det vanlige

– Jeg har hatt et fantastisk samarbeid med de dyktige musikerne her det siste året, og ser fram til å...

Still fra musikkvideoen til Kalandra

Ballade video: Fra Nøkken til vannet  

Toppet utgave med Dirty Oppland, Helene Bøksle, Kalandra, Cherry Cinema, Mayflower Madame, SoftSun, Vilde Bye og Stjerneskudd-vinner Randi Oline.