Hopp til innhald
Øyvind Mæland

(Foto: Grete Zahl Kvakland)

Frodig dystopi

Øyvind Mæland har komponert ein opera om ei verd i forfall. Men Øyvind Rimbereid sitt langdikt er for rikt til å bli redusert til eit «klima-dikt», meiner komponisten.

Nyskriven norsk opera i Operahuset er ein sjeldenheit. Det er heller ikkje så ofte opphavspersonen er så ung som Øyvind Mæland. Men så starta det ikkje som ein opera heller.

— Eg hadde først ikkje tenkt å skrive opera, fortel Mæland i innspurten til førebuingane.

— Det var teksten som kom først. Den «oppdaga» eg saman med impro-songaren Stine Motland for snart tre år sidan. Eg samarbeidde med henne og pianist Sanae Yoshida om ein ca 30 minutt lang songsyklus, som fekk namnet «Ad undas – sci-fi-Lieder fra Nordsjøen!».

Følg musikkdebatten: Ballade på Facebook
Ballade på Twitter

Noko hende som gjorde at ideane vaks seg større. Øyvind Rimbereid sitt langdikt Solaris Korrigert blei lengre og lengre.

— Den lange, underlege monologen hadde òg eit dramatisk forløp, meinte eg. Trass i det klossete hybridspråket, og trass i det ofte pragmatiske og tekniske språket, tenkte eg at opera kunne vere ein mulig musikalsk form for teksten. Det har definitivt gitt nokre morosame utfordringar. Samtidig er dette lyrikk med stor «L», og denne blandinga skapar ei kraft i librettoen, og eit kompositorisk potensial, meiner Mæland.

Då han i diplomstudiet sitt ved NMH fekk til eit prosjekt mellom NMH og Operahøgskolen, gjekk det altså i retning av opera, laga i samarbeid med regissør Lisa Lie.

Les også:

Forfattarens originaltekst frå 2004 er redigert for anledninga.

— Rimbereid sendte oss fleire nyskrivne avsnitt, fordi me ønskte oss noko meir dialog. Me ville òg at fleire av karakterane i diktet skulle få si heilt eiga stemme, seier Mæland.

Ledige stillinger

Uvante moglegheiter
Han fortel vidare at opera er ei ein svært krevjande form. For å seie det litt stygt kan ein seie at operaen er dei store kompromissars kunstform.

— Det har vore ei utroleg lærerik prosess for meg. Eg ville ikkje vore forutan den. Operaforma er krevjande, men òg ei form som kan gje store og uvante kunstnariske moglegheiter. Eg har nok teke nokre val her som eg ikkje hadde turt å gjere i instrumentalmusikk.

Les også:

— Kva val tenkjer du på då?

— Det gjeld både det melodiske hos songarane, det harmoniske og det gestiske. Mellom anna kan ein finna tradisjonelle firklangar stylta oppå kvarandre i orkesteret, før dei mister all sin kraft. Eg hadde ikkje skrive slik for instrument åleine.

Vala er òg motivert av eit forsøk på å halde på det frodige i dystopi-diktet.

— Hovudpersonen – operatøren – har til dømes «utbrot» av patos, robot-sentimentalitet, melankoli, nostalgi og av og til humor. Men – dei fører stadig tilbake til glimt av det reint «nøkterne», fortel Mæland.

Noko frodig finst òg i orkestersatsen, som igjen peikar mot vendingar hjå Rimbereid. Orkesteret får sitt «apokalyptsen skreikmare» og «din beauti draum». Men så let han dei valdsame, og av og til nesten parodiske gestane bli tørka ut til ein meir «nøytral» musikk.

Les også:

— «Det som korkje er behageleg eller ubehageleg» kan ofte vere det mest skremmande, seier Mæland og hintar igjen til teksten.

Meir utdjupande er han ikkje om musikken, men er heilt klart spent på resultatet.

— Dette er sjølvsagt eit grusomt risikabelt musikalsk konsept – særlig når ein arbeider med opera som form. Det har eg lært… Men det får bære eller briste, eller begge delar.

— Dette er den andre norske operaen på kort tid som handlar om korleis vår levemåte fører til undergang. Kva konkret kritiserer denne teksten?

— Når eg får slike spørsmål, tenkjer eg at Solaris Korrigert er for rikt til å bli reduserast til berre eit «klima-dikt» eller liknande. Rimbereid har sagt at dette er hans forsøk på å ta sci-fi-sjangren på alvor. S.K fungerer som eit speil på vår eigen tid – som dystopisk framstilling.

— Kva er planen etter at diplomarbeidet ditt er fullført?

— Eg har eit par små bestillingar. Eg kjem til å halde fram med pianoelevar og små speleoppdrag – og så håper eg på andre oppdrag. Operaen har vore eit altoppslukande underskotsprosjekt. Nå gjeld det å prøve å få det til å gå rundt. Eg skal ta meg saman. Kanskje skrive miniatyrar for svært små besetningar?

Ledige stillinger

Relaterte saker

Oslo Sinfonietta08

Luftspeglingar i Logen

KONSERTMELDING: Oslo Kammermusikkfestival rommar årleg ein konsert med Oslo Sinfonietta, der musikk av unge, norske komponistar, saman med «klassikarar» frå...

Bergen Nasjonale Opera forestilling

Hva er en god opera?

Det viktige skal skje i salen, mener dramatiker Tale Næss, mens komponist Eivind Buene er avhengig av et framoverlent publikum.

Fra Lulu. Regi: Stefan Herheim

Hvor radikal er regioperaen?

KRONIKK: Hedda Høgåsen-Hallesby åpner for en interessant diskusjon om konservatisme og radikalitet. Her følger noen spørsmål, skriver Emil Bernhardt.

Flere saker

La voix ensemblet under arena:klassik i 2017 Foto: Anderz Døving

Nå kan klassiske musikere søke om spillejobb på arena:klassisk

30 utvalgte får spille på festivalen som vil gå av stabelen i mai 2019.

Popsenteret – 1985 utstilling

Kulturell krisetid: Popsenteret bevarer byens musikalske nerve i fortid, nåtid og fremtid

Oslo kommune ignorerer en av de beste arenaene de har for å skape positive opplevelser rundt musikk og kultur for...

Bergen Filharmoniske Orkester fremfører musikk av Nordheim og Nørgård under konserten Nordisk Prisme i juni 2015 . Foto: Oddleiv Apneseth

Edward Gardner fortsetter som sjefdirigent i Bergen Filharmoniske Orkester

Har forlenget kontrakten frem til 2021.