Hopp til innhald
Gjermund Bråten

Vinneren av Eckbo Legaters Folkemusikkpris

Eckbo Legaters Folkemusikkpris for unge utøvere 2007 går til den 16 år gamle dansaren Gjermund Bråten frå Ål i Hallingdal.

Gjermund Bråten har i fleire år utmerka seg som ein framifrå dansar. Han vann c-klassa i lausdans suverent på Landskappleiken på Geilo tidlegare i sommar, der han også hadde suksess som sentral dansar og skodespelar i opningsprogrammet.

Juryens uttale:
Gjermund Bråten (16) frå Ål i Hallingdal, er ein framifrå ung dansar som, trass sin unge alder, har utmerka seg i mange ulike samanhengar gjennom fleire år. Gjermund har dansa laus sidan 1996 da han begynte på kurs på Torpo hos dansaren Martin Myhr. Han utmerka seg tidleg som ein svært talentfull utøvar, og er i dag eit førebilete for mange unge i miljøet.

Gjermund Bråten har markert seg på ulike stemne og kappleikar, og har dei siste åra hevda seg heilt i toppen i juniorklassa i lausdans på Landskappleiken. Han stiller også opp og gjer det godt i lagdans junior og i pardans saman med Tonje Risdal. Gjermund har også deltatt i fleire ulike danseprosjekt og forestillingar både nasjonalt og internasjonalt; i 2006 var han t.d.med i den nyskapande og kritikarroste forestillinga «Laus» av Hallgrim Hansegard.

Gjermund er ferdig med første året på Toppidrettsgymnaset på Geilo, og i tillegg til å vere ein dyktig fotballspelar, syner han også fram talent som ein lovande snøbrettkøyrar.

Gjermund Bråten er ein flott og talentfull representant for unge folkemusikkutøvarar, og for norsk folkedans spesielt. Han er ein verdig vinnar av Eckbo Legaters Folkemusikkpris for unge utøvere 2007. Prisen er eit diplom og kr 15.000,-.

På vegner av juryen for Eckbo Legaters Folkemusikkpris for unge utøvere 2007
Bø i Telemark 29. juni 2007

Prisutdelinga finn stad under Telemarkfestivalens opningskonsert i Gullbring kulturhus i Bø 19. juli kl. 19.00.

Dette i følgje ei pressemelding.

Ledige stillinger

Relaterte saker

Arild Andersen 07/Foto: Varden/Halvor Ulvenes

Pionerar i folkemusikken

INTERVJU: Kirsten Bråten Berg og Arild Andersen tek opp to gamle forestillingar under Telemarkfestivalen. «SAGN» og «ARV» utgjer tidlege samarbeid...

Annbjørg Lien 1 (Foto: annbjorglien.com)

En godt bevart hemmelighet

INTERVJU: Annbjørg Lien står bak årets bestillingsverk på Telemarkfestivalen i Bø. Lien har satt sammen en internasjonal strykekvartett til framføringen...

Øyonn G. Myhren 07/Foto: Varden/Halvor Ulvenes

Andre generasjon Lindemangranskarar

INTERVJU: Under Kvedarmøtet i Bø Museum framfører Ingvill Buen Garnås og Øyonn Groven Myhren songskattar frå Oslo og Øvre Telemark,...

Torgeir Straand 07/Foto: Varden/ Halvor Ulvenes

Tilbake til Borgja gård

INTERVJU: Torgeir Straand er årets spelemann under Telemarkfestivalen. Søndag gjennomfører han festivalens avslutningskonsert som i år finn stad på Borgja...

Lars Ánte Kuhmunen

Joik ved midnatt

INTERVJU: Ved midnatt fredag kan Telemarkfestivalen by på midnattskonsert på Kvennøya, Bø Museum ved Oterholt. Det er Lars-Ánte Kuhmunen og...

Annbjørg Lien, stort bilde

Frå Agder og Valdres til Uganda og Marokko

FESTIVAL: Telemarkfestivalen 2007 finn stad frå 19.-22. juli. Festivalen, som gjer hevd på å presentera dei beste folkemusikarane i landet,...

Flere saker

Samling av alle deltagerne i workshopen dag to av FoU konferansen. Foto: Lars Opstad

– Vi behøver fortsatt en nasjonal samtale om kunst og kvalitet

Gustav Jørgen Pedersen i Kulturtanken svarer Glenn Erik Haugland.

Stillbilde fra opptak av debatten om å være kulturarrangør under pandemien. Fra venstre Christer Falck, Erik Egenes, Erlend Mogård Larsen, Fredrik Fagerli Dahle og moderator Siri Narverud Moen

– Bylarm er feige når de ikke arrangerer på planlagt dato

Fra bjellesau til etterdilter? Bylarms grunnlegger tar kraftig oppgjør med at den 24. versjonen av bransjefestivalen har bestemt seg for...

Seilet

Åpner eget hus for kunst og kultur i skolen

Huset Seilet, som ligger på Gruünerløkka i Oslo, får offisiell åpning torsdag 15. mars.