Benedicte Maurseth og Knut Hamre (Foto: Anders Bergersen)

Meister og elev

- Det er aldri eit mål å verta ferdig. At det kjennest ut som om du nett har byrja, skal du vera takksam for, seier Knut Hamre. Les utdrag frå Benedicte Maurseths «Å vera ingenting».

Folkemusikk

Folkemusikar Benedicte Maurseth har notert ned samtalar og inntrykk frå dei så langt 24 åra med Knut Hamre som læremeister. Me gjengjev her to korte utdrag frå boka, det første skildrar den fyrste gongen Hamre møtte ein av sine tre viktigaste læremeistrar, Bjarne Herrefoss (1931–2002).

1968 | Heilt uventa står Bjarne Herrefoss i døra på gamle Sandven kafé. Knut er seksten år og har teke turen åleine frå Granvin til Bø for å vitja lokalkappleiken. Han kjenner ingen og sit for seg sjølv på ein benk mot veggen på kafeen. Det vrimlar av folk. Larmen er stor med latter, spel og drøs om einannan. Dampen stig frå suppeskåler med gloheit lapskaus, og folk i sveitte bunader skåler og drikk. Feleskrina er overalt, hardingfeler kryssar bord og går frå spelemann til spelemann. Somme lyder, andre skravlar.

Bjarne seier ingenting, står berre, kraftig og høg i sin svarte dress i døropninga på kafeen. Han kikkar rundt og oppdagar ein forkomen og redd Knut åleine inst inne i lokalet. Knut veit vel kven Bjarne Herrefoss er frå bilete han har sett av han. Og spelet hans kjenner han endå betre frå Folkemusikkhalvtimen i radioen. Men han har aldri helsa på han før. Knut får eit brennande sug etter å høyra Bjarne spela og kjenner seg nærast paralysert av trongen til det såre spelet. Dei får augnekontakt, og Bjarne går rett over golvet bort til Knut, rekkjer ut den store handa si og seier: «Bjarne Herrefoss.» Så set han seg ned ved sida av Knut på benken, tek han i handa og held i henne lenge. Dei seier ikkje noko. Og slik sit dei, tause, og held kvarandre i handa, til dess Bjarne reiser seg brått opp, tek det halvt lukka feleskrinet sitt og går ut med silketørkleet til fela si halvt hengande ut mot golvet.


Foto: Vidar Herre

I startfasen
2012 | Eg ringjer Knut ein tidleg morgon. Eg har øvd på hardingfela mi lenge, kanskje for lenge, og eg kjem ingen veg. Det er ikkje berre i dag det kjennest slik, men det har vore på same vis over lengre tid.

– Det er rart, Knut, eg har spelt og spelt no dei siste åra, fått mange utfordringar og vore med på veldig mykje på relativt kort tid med konsertar, innspelingar og liknande. Men inni meg kjennest det som eg ikkje har kome eit skritt lenger. Faktisk, dess eldre eg vert, dess mindre føler eg at eg kan. Og dess fleire stadfestingar eg får, dess meir uro får eg også. Det kjennest som at eg nett har byrja, sjølv om eg er 29 år og har spelt sidan eg var åtte år.

– Nett slik kjennest det for meg òg. Eg òg har nett byrja.

– Men du er jo fylt 60 år?

– Ja, men det kjennest slik likevel. Eg arbeider medvite for alltid å vera i startfasen. Ein må aldri gløyma å sjå verda, menneska eller ein gammal slått med nye, friske augo, slik borna gjer. Pablo Picasso sa det slik: «Det tok meg eit år å læra å måla som Rafael, men det tok meg eit heilt liv å greia å måla som eit barn.» Det er med andre ord aldri eit mål å verta ferdig. Og at det kjennest ut som om du nett har byrja, skal du vera takksam for. For på mange vis har ferda di som kunstnar nett byrja. No meistrar du handverket og kan leggja analysen meir bak deg, og når analysen står bak deg, då fyrst byrjar livet og den djupt åndelege ferda di. Kanskje du ikkje skal øva så mykje ein periode, men heller arbeida med å stå open, slik at du er i ei konstant rørsle? Og i ein flyt?

Me avsluttar samtalen. Idet eg legg frå meg telefonen, tenkjer eg på at noko av det verkeleg gode med meister- og-elev-forholdet er den generelle aksepten for at læring aldri tek slutt. Det einaste kravet er at det faktisk skal ta tid. Det handlar ikkje om speletimar på 22 minutt, og det handlar ikkje om eksamen, men det handlar om å læra seg eit fag så framifrå som råd, gjennom eit heilt liv, og så gje det vidare.

Eg pakkar ned att fela mi i feleskrinet. Eg har nok øvd meir enn lenge nok, som Knut ymta frampå om, og eg kjem på det han så ofte seier: «Me må hugsa på at me er i teneste for musikken og ikkje musikken i teneste for oss.» Og eg ser ut glaset på dei spirande kvistane utanfor og prøver å stå i ro, samstundes i rørsle, medan eg opnar barneaugo.

For å kommentere og diskutere artikkelen må du være logget inn på Facebook. Dersom du har en mening du ikke får postet her kan du alltid sende oss en e-post.

Flere saker
Med Tuvaband ned under vannskorpa

Med Tuvaband ned under vannskorpa

2025 ble det store drømmepopåret. Bli med ut å svømme, i Tuvas klang!

Fratrer på grunn av sykdom

Fratrer på grunn av sykdom

Music Norways direktør trer til side på grunn av alvorlig sykdom.

Notodden Blues Festival i økonomisk krise

Notodden Blues Festival i økonomisk krise

Til tross for et av tidenes beste besøk går festivalen mot et underskudd på opptil fire millioner kroner. Nå jobber styret på spreng for å løse de økonomiske utfordringene.

Kim Stian Gjerdingen Bakke skal jobbe for korene

Kim Stian Gjerdingen Bakke skal jobbe for korene

Bakke blir ny generalsekretær i Norges Korforbund.

Eurovisjon med Israel tross protester

Eurovisjon med Israel tross protester

Det ble ingen avstemning om Israels deltakelse i ESC-konkurransen.

Ida Maria: Polsk orgelkassett banet vei for punkrocken

Ida Maria: Polsk orgelkassett banet vei for punkrocken

Da Ida Maria var åtte år gammel kom foreldrene hennes hjem fra Polen med orgelmusikk i bagasjen. Det ble en skjellsettende opplevelse som for alvor inspirerte henne til å vie livet til musikken.

Se alle saker
Konserttips Oslo

Serier
Video
Radio