Hopp til innhald

Kvarts i Oslo konserthus

Folkemusikkgruppa Kvarts spelar i Lille sal på Oslo Konserthus, tysdag 8. mai, og har gitt musikken ei ny kammermusikalsk drakt. Gruppa opererer i krysselden mellom det tradisjonelle og det eksperimentelle, med ei rekkje instrument og med humør og speleglede.

Folkemusikkgruppa Kvarts vart skipa vinteren 1998. Første CDen til gruppa er kritikarrost i ei rekkje aviser, fagblad og i radio, og fekk Spellemannprisen 1999 for beste folkemusikk-/gammaldansproduksjon.

Kvartetten spelar folkemusikk med røter i Gudbrandsdalen og på Voss, men har no gitt musikken ei ny kammermusikalsk drakt. Gruppa vart skipa i samband med Jo-Asgeir Lie sin hovudfagseksamenskonsert ved Norges Musikkhøgskule våren 1998. Då vart det sett saman ein kvartett av handplukka utøvarar, noko som sidan resulterte i CDen «Kvarts», som altså fekk Spellemannspris.

Repertoaret til kvartetten spenner frå bygdedans til runddansmusikk, og i kraft av at tre av medlemmene har solid bakgrunn i ulike musikalske distrikt innan folkemusikken, gjev dette seg også utslag i eit breitt utval av slåttar. Gruppa har mellom anna vore med på Førde Internasjonale Folkemusikkfestival 2000, Landsfestivalen i gammaldans på Geilo i 1999, Peer Gynt-stemna på Vinstra i 1999, i Grieghallen i Bergen i 1999, og på Den Norske Folkemusikkveka 2000, der dei sto for urframføring av tingingsverket «Gneistar»

Mennene bak kvartetten er: Jo Asgeir Lie – spelar trekkspel og bur på Ål, men kjem frå Voss. Felespelaren Øystein Rudi er frå Sør-Fron i Gudbrands-dalen. Desse to kan du lese meir om ved å klikke på namna deira. Tom Willy Rustad spelar gitar, kontrabass, torader og munnharpe og kjem frå Tveita i Oslo. Gitaristen Erlend Styve bur på Voss. Du finn og meir om Kvarts hos Norsk Folkemusikkatalog.

Tid: Tysdag 8. mai, 2001, Kl. 19.00
Stad: Oslo Konserthus, Lille Sal

Ledige stillinger

Relaterte saker

Låvende saker

Låvende saker på Rudi Gård

Låvende Saker er et nytt arrangement på Rudi Gard i Sør-Fron. Låvende Saker skal være en smeltedigel der ulike musikksjangere,...

Fra «Skal – skal ikkje»

Folkemusikk og drama med Kvarts

Forestillinga «Skal – skal ikkje» hadde urpremière under folkemusikkfestivalen i Førde i år, og gjorde stor suksess. No skal «Skal...

Kvarts

«Skal – Skal ikkje»: Ny CD med Kvarts

Kvarts er på banen med ein ny CD-produksjon, «Skal-skal ikkje». Dette er musikk komponert av Kvarts for folkemusikalen med same...

Kvarts 2 (kvarts.no)

Kvarts: gnikker døde dyr levende

Til helgen går Folkelarm 2006 av stabelen. Ballade har i en miniserie presentert noen av artistene som skal delta på...

Flere saker

Album Cover by Alfred Brekke

Dette har vi venta på

Endeleg slepp sensasjonen JUNO sin oppfølgar til Young Star – den sparkar. Og Røsten inviterer deg inn i ei romantisk...

Ola Fløttum

Ola Fløttum nominert til nordisk filmmusikkpris

Komponisten er nominert til HARPA for musikken til filmen THELMA.

Samsaya delte ut tekst prisen i EDVARD serien til Myra tirsdag 9. september

EDVARD-prisen til Myra for «Hjemløs i egen by»

Artisten Myra har siden hun kom til Norge som flyktning alltid følt på utenforskap. Nå har hun fått Edvard-pris for...