Hopp til innhald

Kåre Willoch opnar Telemarkfestivalen

Tidlegare statsminister Kåre Willoch har takka ja til å stå for den offisielle opninga av årets Telemarkfestival i Bø.

Telemarkfestivalen arrangerast i tida 2.- 5. august – og den høgtidelege opninga skjer i samband med opningskonserten i Gullbring kulturanlegg torsdag 2. august. Styret ser fram til dette møtet med glede og respekt. Kåre Willoch er ein framståande representant for norsk politikk og samfunnsliv; ein fritt-talande og engasjert person med stor evne til vidsyn og nytenking.

I sin periode som styreleiar for NRK (1998-2000); ein av landets største kulturinstitusjonar, var Kåre Willoch m.a. særskild oppteken av å ta vare på den norske kulturarven. Å legge til rette for formidling av norsk kunst og kultur ser han som eit viktig bidrag til å skape ein trygg identitet; ein identitet som er heilt avgjerande for korleis ein møter andre impulsar i eit internasjonalt samfunn. Dette er eit kulturpolitisk syn som Telemarkfestivalen m.a. med sin programprofil, også ønskjer å målbere. Det er gledeleg å få lov til å vere vertskap for ein av nestorane i norsk politisk liv, melder leiinga for festivalen.

For meir info om festivalprogrammet, sjå www.telemarkfestivalen.no

Ledige stillinger

Flere saker

– Jeg bestemte meg for å gjøre stemmen til hovedinstrumentet mitt, men beholdt dirigentdrømmen for bedre tider, forteller Nathalie Stutzmann, dirigent og kontra alt.

Nathalie Stutzmann: – Jeg var som en junkie uten narkotika

Hva har Kristiansand Symfoniorkester og det verdensberømte Philadelphia Orchestra til felles?

Langeland Nordstoga Tomter Maria Magdalena Foto Morten Krogvold

Mestermøte i Nidaros

Ingen kan koble bibelske kvinner med Bach som Sinikka Langeland.

Magnar Åm

«ditt avtrykk i tida». En samtale med Magnar Åm

Magnar Åm er komponist, organist, improvisasjonsmusiker – og lyriker i valg av titler. Lørdag 9. april fyller han 70 år....