
Erlend Apneseth: – Eg fekk strekke meg etter dei som var eldre
Erlend Apneseth fra Jølster i Sogn og Fjordane er Husvarm på Riksscenen denne høsten. Her forteller den kritikerroste musikeren og komponisten om sin musikalske oppvekst – og gleden ved å spille sammen med andre.
Erlend Apneseth spiller konsert på Riksscenen i Oslo lørdag 7. oktober. I vår podkast Ballade radio gjør vi en livesamtale med musikeren i forbindelse med konserten, ledet av musikkskribent Audun Vinger. Teksten her er en utvidet utgave av et intervju musikkjournalist Arvid Skancke-Knutsen gjorde med Apneseth for Riksscenens programkatalog.
– Hvis vi starter med det helt grunnleggende: Hvorfor ble det hardingfele for deg?
– Litt tilfeldig var det nok, når eg tenker tilbake på det, at det blei akkurat hardingfele for meg. Men musikk hadde det nok blitt i ein eller annan form – eg merka tidleg at det å spele strengeinstrument låg ganske lett, og eg spelte lenge gitar parallelt. Men det var eit godt miljø for folkemusikk der eg vaks opp, og eg trur det gjorde at eg vart verande, sjølv om eg var på nippet til å gje meg mange gonger.

– Eg har vore mykje redd, eigentleg, kanskje litt for mykje til tider, men eg føler at eg er på ein bra plass no når det gjeld å stole på mitt eige uttrykk, sier Erlend Apneseth. – Ein må ut av komfortsona for å komme seg vidare. (Foto: Signe Fuglesteg Luksengard)
– Tidleg i tenåra kom eg over ein slags kneik og begynte i større grad å oppdage musikken for musikkens skuld. Det skjedde samtidig med at eg begynte å reise på kappleikar og fekk opplevelsen av at det kunne skje andre ting i møte med eit publikum enn berre i møte med meg sjølv. Sidan då har eg eigentleg ikkje hatt noko anna plan enn det å spele hardingfele.
– Eg gjekk først i lære hos Knut Sandal, så hos Sigmund Eikås. På kurs og kappleikar fekk eg henge med alle damene i Gamlebanken Spelemannslag, og er takknemleg for at dei tok seg av ein liten jypling på den måten – eg fekk alltid strekke meg etter dei som var eldre. Gro Marie Svidal og Synnøve S. Bjørset fekk eg lære hos også, og det var sjølvsagt inspirerande å sjå at dei gjorde karrierer i det eg skulle finne ut kva eg ville drive med sjølv.
– Hva betød tiden ved Ole Bull Akademiet på Voss for din utvikling som utøver og komponist?
– Det var nokre møter der som var veldig viktige. Eg fekk sjå og høyre Nils Økland, og det med improvisasjon vart ein døråpnar til det som etterkvart skulle bli min eigen musikk. Det åpna noko i meg. Eg skjønte meg sjølv bedre gjennom den, og dei grensene eg trudde låg der for korleis ein skulle komponere eller gjere musikk til sin eigen, forsvann eller vart mindre viktige. Fleksibiliteten i studiet betydde også mykje for meg, at eg kunne ta oppdrag og utvikle meg på scena og ikkje berre på eit øvingsrom.
– Eg trur jo framleis det er ein nøkkel då, at ein må ut av komfortsona for å komme seg vidare. Det er blitt eit slags mantra for meg eigentleg, det der, at om eg føler meg for trygg vil eg søke meg til situasjonar som føles ukjende eller farlege, fordi eg veit eg vil være tryggare i ein eller anna forstand etterpå, eller komme ut frå det med ein annan kompetanse enn eg hadde før. Så eg har vore mykje redd, eigentleg, kanskje litt for mykje til tider, men eg føler at eg er på ein bra plass no når det gjeld å stole på mitt eige uttrykk.

Erlend Apneseth har mottatt mange priser og fått stor anerkjennelse i internasjonale medier, blant dem MOJO og BBC Music Magazine. (Foto: Knut Utler)
– Du er 33 år gammel. Og tilhører vel en generasjon musikere som bygger på det tradisjonsrike, men også eksperimenterer med klang, improvisasjon og elektronikk?
– Det med klang og alternative teknikkar begynte med eit behov for å utvide mitt eget repertoar som improvisasjonsmusiker, altså ha mange verktøy å spele på når eg improviserte. Eg har stort sett holdt på med dette på eiga hand, det har kome ganske naturleg til i forsøk på å improvisere eller lage musikk. Blant anna trur eg ein del av dei pizzicato-teknikkane eg har kome fram til er eit slags spøkelse frå gitar-tida, at eg har kunna ta opp att ting som har låge godt i fingrane mine frå før, og overføre det til fela.
– Hardingfele-klangen er veldig særegen og dessutan fleksibel på sitt vis, det ligg mykje moglegheiter i den. Når det gjelder elektronikk så har det meir med musikalske møter å gjere, og først og fremst i det som vart Erlend Apneseth Trio til slutt: Øyvind Hegg-Lunde og Stephan Meidell og meg. Vi fann fram til eit uttrykk der elektronikk i ulike former er framtredande, og der vi kan ta inn våre gjeldande referanser til alle tider og det ikkje er nokre satte grenser for kor musikken kan gå. Solistisk har eg aldri drive med elektronikk, det er utelukkande i møte med andre.
– Apropos det: Hvor viktig er det for deg å musisere med andre?
– Svært viktig. Eg fekk veldig nok av soloformatet på eit tidspunkt, og syns til dels fortsatt at det er veldig krevande. Det å møte og musisere med andre med samme tankar om musikk og kunst løyste opp i masse for meg. Dessuten er det først og fremst der eg hentar impulsar frå til mine eigne ting, i direkte møte med andre, enten det er å lære nye låtar eller måtar å spele på.
– Du har mottatt en lang rekke priser, og har også blitt rost i internasjonale medier som MOJO og BBC Music Magazine?
– Det har vore veldig inspirerande. Det blir ein slags bekreftelse på at det eg gjer har noko for seg, og at det kan ha ein verdi også for andre. Det å stole på sitt eige og attpåtil gje det ut ut så alle kan høyre det. er ganske skjøre greie. Med soloprosjektene mine har eg nesten uten unntak hatt periodar der eg vil trekke meg like før kvar utgivelse. Så slike ting er gode bekreftelsar først og fremst, og i den forstand viktige, sjølv om eg nok hadde laga musikken på samme måte uansett.
– Du har komponert musikk for film, teater og dans, og skrevet flere bestillingsverk. Liker du å jobbe innen slike rammer, eller foretrekker du å jobbe helt fritt fra bunnen?
– Eg likar veldig godt bestillingsverksformen, eigentleg, ofte fordi det tvingar meg til å tenke nytt. Eg arbeider uansett fritt i starten, uten å tenke for mykje på målet, og så tilpassar eg heller eller lukar ut materiale etterkvart som ting kjem ut. Eg har erfart ein del gonger at musikken min er ganske fleksibel og omformbar, så det er ofte mange måtar å løyse ting på, sjølv om det er ei bestilling til eit spesifikt formål.
– Mellom anna laga eg musikk til ein NRK-podcast i haust der temaet skulle vere «Kirkenes» og forholdet mellom russarar og nordmenn der oppe i kjølvatnet av krigen, men så vart det av ulike årsakar ikkje noko av. Etter ei stund tok dei kontakt og sa at dei var i gang med ein ny podcast om ein flyktning frå Libanon, altså ei heilt anna greie, men at musikken passa perfekt som den var. Så eg veit ikkje, for meg er det vanskeleg å henge heilt med på min eigen musikk eller beskrive den når det skjer. Det blir som å skulle beskrive seg sjølv eller noko, litt kleint og antageleg unøyaktig. For meg har det å komponere mest mogleg intiuitivt vore viktig, enten det er ei bestilling eller ikkje. Finne ein slags tilstand av samtidig kompromisslaushet og åpenhet ovanfor meg sjølv, for å sei det litt unødig komplisert.

Erlend Apneseth er Husvarm-artist på Riksscenen denne høsten; et konsept der Riksscenen «setter følgespoten på viktige og toneangivende artister». Som Husvarm-artist gjør Apneseth flere konserter på Riksscenen i ulike konstellasjoner gjennom høsten, blant annet solokonserten 7. oktober og bestillingsverket Herifrå under Oslo World, med et band på 10 musikere. (Foto: Signe Fuglesteg Luksengard)
– Du har vært solist med klassiske orkestre, og har skrevet musikk for kammerorkestre. Føler du at alle disse aktivitetene befrukter hverandre, og får deg til å forstå det musikalske håndverket bedre?
– Ja, eg opplever at det gjer mykje meining i det å oppsøke ulike miljø og prøve å forstå dei, sjå korleis det påverkar meg og korleis eg kan påverke dei. Kvar grein har sine fordelar og sine begrensingar. Når det gjeld orkestra, så ligg det fantastiske moglegheiter i klang, styrke, kollektivet, alt det der. Musikarane der har alle ein ekstrem spisskompetanse. Og så ligg det ein åpenbar avgrensing i tidsbruken, tida til å dykke ned i ting saman. Tenk korleis det kunne låte om vi fekk veker eller månader saman, prate med kvar musikar, finne ut korleis vi kan låte mest mogleg som eit instrument, løyse rytmiske barrierer og så vidare. Eg trur det ligg eit stort potensial her for å vidareutvikle møtet mellom hardingfele/folkemusikk og orkester, om vi i større grad får til å møtast på ein felles plattform.
– Hva håper du at publikum ideelt skal sitte igjen med etter en konsert med deg og din musikk?
– Slike ting syns eg alltid det er veldig vanskeleg å svare på. Alle små ord påverkar måten ein lyttar på, og eg vil folk skal kunne ta i mot musikken på sine eigne premiss og tolke det som er naturleg for dei. Sjølv likar eg opplevingar som tek meg til ein stad eg ikkje venta å være, som rører ved meg og åpnar nye rom. Forhåpentlegvis kan musikken min verke slik på dei som sit i salen.
– Takk for en fin prat! Hvem har du med deg til Husvarm-konsertene på Riksscenen?
– Seinare i haust blir det Herifrå, eit bestillingsverk i forbindelse med Oslo World. Det er for eit band på 10 – og det gler eg med skikkeleg til! Eg har utfordra meg på å tenke større ensembler dei siste par åra, og det har dessuten vore veldig inspirerande å vere ein del av Frode Haltli sitt Avant Folk og sjå korleis han sjonglerer det med personleg frihet og rammer innafor ei såpass stor besetning.
– Så det blir bra ei utfordring for meg, og med så mykje ellevilt bra folk på ei scene så kan det vel ikkje gå heilt gale: Mats Eilertsen, Hans Hulbækmo, Helga Myhr, Veslemøy Narvesen, Selma French Bolstad, Rasmus Kjorstad, Henriette Eilertsen, Rolf-Erik Nystrøm og Anja Lauvdal. Og eg får være med også!
Lørdag 7. oktober inviterer Erlend Apneseth altså til en egen solokonsert på Riksscenen i Oslo. Etter konserten gjør musikkskribent Audun Vinger et liveintervju med Apneseth i regi av Ballade radio. Apneseth fullfører kvelden som solist med Landslaget for spelemenn, sammen med blant andre Tuva Syvertsen, Veslemøy Narvesen og ikke minst forfatter og skuespiller Liv Gulbrandsen. Herifrå, bestillingsverket Apneseth gjør for Oslo World, urfremføres på Riksscenen fredag 3. november.
Ledige stillinger
Lysmester
Stormen KonserthusSøknadsfrist:03/01/2024
Orkestersjef
Kilden teater og konserthusSøknadsfrist:31/12/2023
Avdelingsleder 1 Kulturskolen
Drammen kommuneSøknadsfrist:17/12/2023
Produsent
Opera Østfold Søknadsfrist:07/01/2024
Daglig leder
Trondheim CallingSøknadsfrist:11/12/2023