Britt Pernille Frøholm (Foto: Andreas Ulvo)

Britt Pernille Frøholm feat. Sigurd Hole: 11 klangportrett av året i Nordvest

Albumet «Årringar» syner korleis tonespråket frå folkemusikken kan brukast som palett i abstrakte lydbilete på ein innovativ måte. Likevel ligg det potensial i ideane for å utviklast enno lenger.

Kalender

Krantz // La bohème

01/12/2021 Kl. 19.30

Oslo

Operapub på Røverstaden

01/12/2021 Kl. 19:00

Oslo

Britt Pernille Frøholm feat. Sigurd Hole
Årringar
Gitt ut 29. oktober 2021, Kviven Records

Platecoveret til Britt Pernille Frøholms Årringar. (Foto: Kviven Records)

 

Årringar er Britt Pernille Frøholm si tolking av det nordvestlandske året. Gjennom eigne komposisjonar og nytolkingar av tradisjonelle folketonar teiknar ho lydbilete, som jo kanskje er betre eigna til å skildre møte med natur og vér enn fotografar og biletkunstnarar. Lyttaren ser det komplekse i «Nyårssola», kjenner hendene røre ved «Rimfrosten» og den eksistensielle roa i «Myrkret».

Årringar opnar kvasst og bestemt i «Snøfòk». Strengane skjærer seg ut av høgttalarane, og i mellom kvart anslag opnar det seg eit enormt rom. Med «Nyårssol» heng musikken i lufta, og Sigurd Hole og kontrabassen kjem inn med vidvinkellinse og syner storleiken av landskapet. Skarpe, forsiktige solstrålar treff mellom tindane.

I «Erlerida» blir Frøholm og Hole sine bilete meir abstrakte som lyd – var det tidlegare landskapsfotografi, er det no eit abstrakt måleri av stemninga denne frosten gir. Det ligg likevel små spor, detaljar frå tonespråket i folkemusikken. Det er fascinerande subtilt spelt av Frøholm, som her viser seg som ein improvisatør som veit å plukke frå kvarandre referansebiblioteket og setje det saman på nytt, på sin personlege måte.

Det er ein modig bruk av digital klang på plata. På sitt beste er dette med på å forsterke den kompositoriske streken til Frøholm. På «Dvergmål» blir klangen av fela behandla elektronisk og dannar motstemmer som hintar om nye harmoniske kontekstar rundt fela. Vidare, i «Skyming» får kontrabassen den same behandlinga og veltar mot oss som tung skodde, om vi skal halde oss til Nordvestlandske talemåtar.

Både Frøholm og Hole er virtuose musikarar med teknisk presisjon på sine instrument. Ein sit som lyttar med eit inntrykk av at kvar tone som landar i øyret, landar slik musikarane ville det. Med kontrabass og fele i store rom, og med slike klangmedvitne og lyttande musikarar, går vi som lyttarar rett inn i det meditative. Fullt fokus.
Men skal vi vidare?

På «Skyming» kjem også den første konkrete referansen til tradisjonsmateriale. Frøholm strekk sakte ut «Gammel Bryllupssang» etter O.P.M. Blindheim frå Sykkylven. Det ligg ei forløysing når denne melodien kjem. Forløysinga ligg ikkje i at det er ein melodi, misforstå meg rett – neste spor, «Skrømt», har også ei forløysande effekt. Det handlar om retning, at musikken før og etter får ny kontekst etterkvart som vi lyttar. Dette punktet, «Skyming» og «Skrømt», er for meg det sterkaste på plata nettopp av den grunn.

Eg sit likevel att med ei kjensle av at ideane på Årringar har potensial for å byggjast meir ut enn det dei blir, at ideane nettopp kunne fått utvikla seg tydelegare i ei retning. Omtrent gjennom heile plata flyt musikken på ei drone – anten frå fela, kontrabassen, ein synth eller eit klangteppe av ein eller anna sort.

Det hadde styrkt den heilskaplege lytteopplevinga om musikken fekk bevege seg noko meir, anten harmonisk eller rytmisk. Somme gonger blir vi lulla ned i klanghavet, og då er det lett at musikken mistar retning og lyttaren mistar interessen.

Det ligg likevel så mykje kraft i tonespråket, spelet og uttrykket til Frøholm at på kvart enkelt spor blir vi løfta innatt i lyttinga. Det er lett å bli med på titlane – bileta av årstidene, vérfenomena og stemningane som Frøholm klangteiknar. Kanskje blir Årringar sterkast om vi lyttar til plata som ei fotoutstilling med elleve forskjellige portrett frå året på Nordvestlandet.

Og dette kan eg snart setje som fast signatur – hugs å lytte til denne musikken på gode høgttalarar og med minst mogleg komprimert lyd. Dette er musikk der du går glipp av det viktigaste om det store rommet blir avskore.

Hold deg oppdatert

Meld deg på vårt nyhetsbrev

Previous Next
Close
Test Caption
Test Description goes like this