Annbjørg Lien får Osaprisen i samband med 30-årsjubileum
Annbjørg Lien har sidan midten av 1980-talet vore ein av dei mest sentrale utøvarane i norsk musikkliv, og stend i ei direkte musikalsk line etter Sigbjørn Bernhoft Osa (1910-1990). Tysdag denne veka blei ho sjølv mottakar av prisen som delast ut i Osa sitt namn. Samstundes feirar Osafestivalen 30 år neste helg.
I samband med 30-årsjubileet til Osafestivalen – som avviklast neste helg – vedtok styret i Ole Bull Akademiet å dele ut Osaprisen i 2024. Prisen har blitt gjeve ut med ujamne mellomrom til personar som har brukt, henta inspirasjon frå eller fornya folkemusikken på ein framifrå måte.
Prisen kan anten gjevast til ungdom under musikkutdanning eller ein norsk komponist, «som legg vinn på å bruke norsk folkemusikk i sitt arbeid, eller den/dei som gjer godt arbeid med å gjere norsk folkemusikk kjend i andre land.»
LES OGSÅ: Osa i Ulvik
Tidligare har Håkon Høgemo (1992), Agnes Buen Garnås (1994), Einar Mjølsnes (1997), Lasse Thoresen (1997), Einar Olav og Gjermund Larsen (2004) og Nils Økland (2010) motteke prisen, og i år er det altså Annbjørg Lien som har fått den. I ei pressemelding skriv Osafestivalen:
«Annbjørg Lien har sidan midten av 1980-talet vore ein av dei mest sentrale utøvarane i norsk musikkliv. Ho har opna øyrene for hardingfela som instrument for eit heilt nytt publikum, og vore ein døropnar inn til folkemusikken for ein ny generasjon. Ikkje minst har ho vore svært viktig som førebilete for unge folkemusikarar, ikkje minst for alle kvinnelege utøvarane som har etablert seg i norsk musikkliv dei siste 30 åra.»
LES OGSÅ: Annbjørg Lien har to typer hørsler i hodet: Den ene styres med lydprøver via Rikshospitalet
Festivalen seier vidare at Annbjørg Lien er «ein uredd musikar som torer å gå eigne vegar.»
Dei forset si begrunning med å skildre litt av Annbjørg Liens livsverk:
«Gjennom 11 soloproduksjonar har ho utforska vegen frå tradisjonsmusikken ho har vakse opp med, til å skape sitt eige musikalske univers. Samarbeidsprosjekta ho har vore med på har vore mange, men særleg Bukkene Bruse (trio med Steinar Ofsdal og Arve Moen Bergset, journ. anm.) har vore ein viktig del av det musikalske virket hennar. Det same har samarbeidet med Sondre Bratland vore. String sisters har også vore ein viktig del av den musikalske vegen hennar. Saman med fem av dei fremste kvinnelege felespelarane i nordisk og keltisk tradisjonsmusikk, har ho skapt musikalske band på tvers av landegrensene i snart 25 år. Ho har også hatt eit langt samarbeid med gitaristen Roger Tallroth.»
Annbjørg Lien står i ei direkte musikalsk line etter Sigbjørn Bernhoft Osa (1910-1990), konstaterar festivalen også.
–Han våga å bruke hardingfela og tradisjonsmusikken til å nå ut til eit større publikum både nasjonalt og internasjonalt, og skape nye musikalske rom. Annbjørg Lien har skapt sine musikalske rom som har opna øyrene for nye lyttarar. Viktigast er likevel at ho har gjeve mot til stolte unge utøvarar med felekassa under armen.
LES OGSÅ: Inspirasjoner: Johanne Flottorp velger Annbjørg Lien
Denna prisutdelinga markerar på mange måtar startskotet for Osafestivalen, som vert arrangert siste helga i oktober kvart år og tilbyr om lag 50 arrangement i ulik storleik fordelt over fire dagar.
I år fyller festivalen 30 år, og programmet byr på historiske tilbakeblikk med kjende osanamn og solospel, sterke vokalopplevingar, ei dansebølge som utan tvil har nådd Voss, og ikkje minst ein ny generasjon allsidige unge utøvarar, som rører seg mellom ulike tradisjonar, stiler og tonalitetar.
Ledige stillinger
Stipendiatstilling i musikkterapi
Griegakademiet - Institutt for musikkSøknadsfrist:24/02/2025
Stipendiatstilling i musikkvitskap
Griegakademiet - Institutt for musikkSøknadsfrist:24/02/2025
Kantor/kirkemusiker
Vågsbygd menighet - Kristiansand Søknadsfrist:06/02/2025
A&R Manager
Universal Music ASSøknadsfrist:05/02/2025
Prosjektansvarlig
MusikkforleggerneSøknadsfrist:27/01/2025