Lofoten Internasjonale Kunstfestival har som mål «å bli Nord-Norges viktigste og mest spennende arena for internasjonal samtidskunst». Den internasjonale profilen blir halden ved lag i 2004, og tema for hovudutstillinga vil vere «Human, Fucking Human». Bakgrunnen er at dei nordiske landa i dag søkjer å få innverknad på område som tidlegare var dominerte av stormakter: konfliktløysing, mekling og deltaking med stridande styrkar i internasjonale militære aksjonar. Utstillinga vil problematisere ulike sider ved eit slikt engasjement, men også i kva grad samtidskunsten har høve til å formidle kunnskap om makt og overgrep i dagens mediesamfunn. Kurator for hovudutstillinga vil vere Tor Inge Kveum.
Kulturrådet gir 600 000 kroner til hovudutstillinga under kunstfestivalen Momentum i Moss i 2004. Utstillinga vil romme verk av mellom 30 og 40 kunstnarar, og kuratorar er Caroline Corbetta frå Italia og Per Gunnar Tverbakk. Tematisk vil utstillinga reflektere ein nordisk røyndom i brytninga mellom tradisjonelle og nye verdiar. Festivalen opnar i mai 2004 og rommar fleire parallelle utstillingar og seminar og konsertar. Kulturrådet har tidlegare gitt en million kroner til utvikling av Moss Bryggeri til fast kunstformidlingsarena for Momentum.
Unge Kunstneres Samfund får 100 000 kroner til UKS-biennalen i Oslo i 2004. Biennalen reiser spørsmåla: Korleis formar kunsten byen, og korleis formar byen kunsten? Gjennom seminar, sosiale prosjekt og ei utstilling i UKS´ nye lokale og uteromma rundt vil biennalen utforske kva kunsten kan gi tilbake til omgivnadene. Utstillinga vil romme verk av rundt ti kunstnarar, og kuratorar er Ida Kjerulf og Helga-Marie Nordby.
Interesserte kan lese meir på nettsida liaf.no, der dei og lenkar vidare til UKS og Momentum.

Ny mentorordning for unge orkestermusikere fra nord
Musikkstudenter fra Nord-Norge kan nå søke opptak til mentorprogrammet Arktisk Mentor Arena. Programmet skal gi unge orkestermusikere erfaring, veiledning og et springbrett til profesjonell karriere.

Den største norske artisten i Spotifys historie
Sammenlagt seier til Kyrre.

Blodtur til København
I midten av januar dro ein full buss frå Oslo og omland til København med Tuvas Blodklubb. Sjå korleis det gjekk med "den norske invasion” på dansk folkemusikkfestival.

Slik ble jeg en diva
KRONIKK: – Jeg må slutte å late som om forståelsen av sangerens rolle i jazzmusikken ikke henger sammen med likestilling og en kjønnsdefinert og forutinntatt forståelse av hva sangere befatter seg med.

Ballade video: Trygghet og kontroll
På utstilling med Himmelleite, Luna Mare, Andie Loui, Maizu & Richard, Kristine Blir Rapper, Kamelen, Rule Of Two og Clawfinger.



















































