Hopp til innhald
One Small Step

(Foto: Thor Hauknes)

One Small Step gir deg steppdans og dadaistisk stemmeleik

Gløym Riverdance og vaudeville – Janne Erakers skoperkusjon i samspel med kontrabass på kyrkjegolvet i Gol stavkyrkje vil opne synet ditt på steppdans. Men kanskje ikkje på plate?

«Dette var rare greier», er det første eg tenkjer. Og akkurat det gjer meg nysgjerrig.

Golvariasjonane startar med ein plystrande fugl. Fuglen heiter Vegar Vårdal og er felespelar og dansar. Så høyrer vi tramp og klapp frå Janne Eraker før også kontrabassist Roger Arntzen blir med. 

Etterkvart utviklar Vårdals lydar til eit improvisert språk.

One Small Step – Gol Variations (Clean Feed 2022) (Foto: Travassos)

One Small Step har eksistert som duo med Arntzen og Eraker frå 2011, før dei inviterte inn Vårdal i 2016. Når leiken skulle dokumenterast var Gol stavkyrkje ein naturleg stad, tenkte dei. Eit golv der steppdansen verkeleg får skine. Arntzen er kjent frå Ballrogg og Chrome Hill i tillegg til ein haug andre jazzprosjekt, Vårdal er folkedansar og felespelar, og Janne Eraker har teke inn steppdansen i samtidsdans og ulike prosjekt. Og Gol Variations gir dei ut på det portugisiske frijazzplateselskapet Clean Feed – det er litt av ein kombo!

Vårdal går teatralsk inn i denne musikken og leikar seg med etterlikningar av bilmotorar, gibberish og pustelydar når han blir sliten. Smatting og slurping – dette er ikkje for folk med misofoni. Men vi går også inn i lokke-tradisjonar, og han tek tak i ord og vendingar frå danseundervisninga lét det til; «1-2-klakk-klakk…»

Det er humoristisk og upretensiøst. Avantgarde-komponist og stemmeimprovisatør Jaap Blonk kjem raskt opp som referanse, i tillegg til tulletrøndersken John Pål Inderberg har snike inn imellom sine saksofonsoloar.

Men dadaisme til side – ofte opplever eg at delar av Vårdal sin «snakkeleik» blir banal i samspel med skoperkusjonen og kontrabassen. Eg må vere såpass ærleg at når Vårdal plukkar opp fela, så er det eit lydlandskap eg likar meg mykje betre i. Spesielt i samspel med Erakers steppegroove på «Yarny».

Har du eit forhold til steppdans, så er det fort frå vaudeville eller irsk Riverdance. Men høyrer du Eraker forstår du at potensialet i kva steppdans kan vere er noko heilt anna. Her er ho perkusjonist. Ho har ein vanvittig groove, og lydvariasjonen ho får fram med å treffe med skoen på golvet i ulike vinklar utgjer eit rimelig fett trommesett!

Ser ein på videoen, eller om ein hadde vore tilstades i rommet, får opplevinga heilt andre dimensjonar. Også lytteopplevinga blir annleis. Her ser vi Eraker i svevet med foten, vi ser korleis ho rører kroppen. Dette skaper ei spenning i musikken – om for eksempel Arntzen stryk ein tone på kontrabassen medan vi ser Eraker halde foten i lufta, så opplever vi den tonen annleis enn om ho står med føtene planta på bakken.

Denne dimensjonen opplever eg som sentral i uttrykket til One Small Step, og den går vi glipp av på plate. Eg trur ikkje eg kjem til å hente fram denne plata så ofte, men eg skal definitivt få med meg trioen live.

Ledige stillinger

Se One Small Steps musikkvideo til låta «Morning» her – og les gjerne meir om den og prosjektet i Ballade video-spalta frå tidlegare i månaden.  

Ledige stillinger

Relaterte saker

Kaizers Orchestra

Ballade video: Dine gamle dager er nå

Ti nye videoer, to premierer. Dobbel dose Röyksopp (med Astrid S.), Anna Of The North, FLTY BRGR GRL, Therese Ulvan,...

Torgeir Vassvik

Rik, men splitta lydverd frå Vassvik solo

Torgeir Vassvik kan visa til eit halvt århundre med nysgjerrigheit. På hans tredje soloplate får vi vere med inn i...

Hilde Fjerdingøy

Ballade radio: Stille – fem samtaler om folkemusikk

Kan man velge en tradisjon, eller eier man en tradisjon? Er det rom for glitter og glamour? Møt ti folkemusikere...

Stillbilde fra videoen til Vamp, Tiå det tar. Regi ved Thomas Mortveit. med regi av Thomas Mortveit.

Ballade video CIII: Alt er tid, tid for alt

Syv nye videoer, og hele fire premierer. Vi åpner døren for Vamp, Falkevik, Spira, Charlotte Jacobsen, Kate Havnevik, Chrome Hill...

Flere saker

Studenthuset Rokken fikk støtte til fremføringsutstyr i årets første tildelingsrunde fra MUO. Her spiller Karpe Diem Foto: Stian Raa

15,9 millioner til musikkarenaer

Årets andre tildelingsrunde fra Musikkutstyrsordningen gir løft i øvingsforholdene til rundt 1200 musikere.

Sarah Camille Spellemann

Spellemannpriser til Sarah Camille, Okay Kaya og Ivan Ave

Spellemannprisene i klassene barnemusikk, indie/alternativ og RnB/soul ble delt ut i dag. Vi har samlet bakgrunnsstoff, artikler, noen anmeldelser og...

Ole Henrik Antonsen, styreleder i NOPA

Musikkvalget 2021: – SV-Freddy og Sp-Åslaug har lyttet

– Signalene både fra venstre- og høyresiden er at nå er det det frie feltet sin tur. Musikkbransjen består i...