
Torgeir Vassvik – ute med si tredje soloplate, på Bugge Wesseltoft sitt selskap OK World.(Foto: OK World)
Rik, men splitta lydverd frå Vassvik solo
Torgeir Vassvik kan visa til eit halvt århundre med nysgjerrigheit. På hans tredje soloplate får vi vere med inn i lydlandskapa hans, eg skulle berre ynskje vi kunne vere lenger i kvart landskap.
Vassvik Solo – A Place Behind The Gardens Of The Houses. BÁIKI (Foto: OKWorld 2022)
Anmeldt: Torgeir Vassvik A Place Behind The Houses. Báiki. (OK World / Jazzland Rec.)
Det er ein intens energi som møter meg i det eg let Vassvik Solo ta over høgtalarane. Det krev noko av lyttaren å gå inn i A Place Behind The Gardens Of The Houses. BÁIKI. Av og til er energien mørk og tung – fascinerande mørk og tung. Andre gongar er den like fascinerande optimistisk.
Torkjell Hovland er kritikar for ballade.no. (Foto: privat)
Komponist, lydkunstnar, vokalist, multiinstrumentalist – kva er han ikkje? Torgeir Vassvik har gitt ut si tredje soloplate, denne gongen på Bugge Wesseltofts OK World. Eg kjem ikkje unna å nytte ordet mystisk. Om eg skulle bestilt mystisk musikk til ein podkast eller film, så hadde eg bestilt Vassvik.
Vassvik bur i dag i Oslo, men er frå Gamvik i Finnmark. Og han er kystsame – ein identitet som er sentral i musikken. Gjennom plata blir vi med til minner og stader som betyr noko for Vassvik. Her er titlar som «The Snowy Owl» som tek oss med til snøugla i Gamvik, og til hesten som bestefar hans transporterte gods frå hurtigruta med i «The Horse is Passing By». Og han ser både framover og bakover. På siste spor er dotter Tuula Sharma Vassvik med å syng.
Om eg skulle bestilt mystisk musikk til ein podkast eller film, så hadde eg bestilt Vassvik.
Men uavhengig av desse titlane og skildringane, så høyrer eg først og fremst ein kjærleik og nysgjerrigheit på lydar og lydlandskap i uttrykket til Vassvik. Han konstruerer ei lydverd på kvart spor som vekkjer fantasien i lyttaren. Han har produsert, spelt inn og miksa plata sjølv, og ein kan høyre at han også i denne prosessen har slept kreativiteten laus. Stemma er ofte intim, spelt inn med mikrofonen tett inntil. Høyr for eksempel på «Ein Lied» der ein slags sovande, drøymande strupesong kjem tett inn til øyret ditt.
Det er eit enormt mangfaldig lydrepertoar på denne lyttereisa, med instrument som munnharpe, og prosessert igil (ei slags fele frå Tuva, Mongolia). Spora som heilt enkelt heiter «Gitar» og «Dobro» 2, 3 og så vidare, kjem som brot med det andre lydlandskapet på plata. Her står instrumentet i fokus heilt aleine, og i denne enkle gitarklimpringa lét det ofte optimistisk, det er godt å vere i det.
Høgdepunktet er «Internered 666». Om denne skriv Vassvik at vi høyrer eit opptak av ein vind som bles gjennom huset i Gamvik under eit voldsomt stormver. Vassvik kunne godt reindyrka dette gjennom ei heil plate, og strekt ut tida i kvar enkel lydverd. Det hadde nok gitt ei større lytteoppleving på plate. Eg opplever nemleg denne plata litt for oppstykka, og den fungerer meir som smaksprøver på Vassviks musikalske verd – og den verda er rik. Og unik.









