Hopp til innhald
Musikkundervisning på Bogstad skole, Oslo.

(Foto: Lars Opstad)

Færre lærarar som kan undervisa i musikk

Opp mot halvparten av lærarane som underviser i – mellom anna – musikkfaga i grunnskolen har ikkje studiepoeng.

I Statistisk sentralbyrå si ferske kartlegging av lærarkompetanse kjem det fram at over halvparten av lærar som underviser i mat og helse eller musikk ikkje har studiepoeng i faget. Tala er noko betre for kunst og handverk og kroppsøving. Det skriver Khrono, nettsida for aktuelt stoff om høgare utdanning i Noreg.

– Dette er noko som er politisk styrt. No er det større vekt på fagkompetanse i teoretiske fag. Det er bra det òg, men det er behov for varierte læremåtar i skulen. Ved OsloMet bankar hjarta vårt òg for dei praktisk-estetiske faga, og me har teke dei inn på andre måtar, til dømes i fleirfaglege opplegg der studentane arbeider med bruk av estetiske læringsprosessar i faga, seier prodekan på Fakultet for lærerutdanning og internasjonale studier ved OsloMet, Finn Aarsæther.

Khrono skriv og om Universitets- og høgskulerådet sitt lærarutval, UHR-Lærarutdanning, og deira notat til Kunnskapsdepartementet hausten 2022:
– Gjennomgangen viser tydeleg at situasjonen for dei praktisk-estetiske faga i lærarutdanninga er og har vore vanskeleg over lang tid, og at det er ei rekkje utfordringar som må forserast før ein kan realisera den ønska politiske satsinga [på praktisk-estetiske fag].

Les meir om tiltak for å auke talet på nye lærarar med musikkompetanse – mellom anna på NLA Høgskolen – hos Khrono.

 

Ledige stillinger

Flere saker

Enslaved Foto: Thor Broedreskift

Slik gjorde Enslaved det

Fra gauling over demo i platebutikken Helvete, til skoleturneer og bestillingsverk til grunnlovsmarkeringen. Dette er også en historie om norsk...

Åpningseremonien i Oslo Rådhus

Litt mye tran?

Den nye spektakulære kunstmusikken, som avskaffer konsertformatet og i stedet insisterer på å levere en totalopplevelse av dans, sirkus, lysshow,...

2000px Norway counties blank

Oppgaver fra Kulturrådet til kompetansesentrene?

Kulturrådet har vurdert om enkeltoppgaver kan flyttes ut av Oslo. På musikkfeltet foreslås det å styrke de regionale kompetansesentrene for...