Hopp til innhald

Sterke kulturstemmer i Stavanger

Sist tysdag, 26.11.02, presenterte Stavanger sin ferdigskrivne kulturbysøknad. Søknaden om å få status som europeisk Kulturby i 2008 har breid støtte, politisk, administrativt og geografisk. Stavanger har sørgd for å innhenta støtte frå alle omkringliggjande kommunar og dei ti største byane i Norge. I Stavanger bystyre har bare RV og FrP gått imot. Ballade presenterer her dei viktigaste visjonane frå søknaden, og lar dei innleia ein artikkelserie om brytningar og haldningar i eit sannsynlegvis kraftig ekspanderande kulturliv – kulturlivet i Stavanger.

Det er ikkje bare Stavanger by det dreier seg om, det er heile Stavanger-regionen. Kommunen har inngått ein samarbeidsavtale med Sandnes kommune og Rogaland fylkeskommune. I innleiinga til søknaden skriv dei tre ordførarane at Stavanger-regionen i 2008 vil presentera det mest uredde, nyskapande og spennande kulturprosjektet Norge kan by fram, for oss sjølv, og for eit breidt europeisk publikum. Regionen skal utviklast til å bli ei frihamn for kulturell utveksling mellom Norge og Europa.

I søknaden heiter det at prosjektet Stavanger 2008 skal byggja på og vidareføra verdiar som fridom, mangfald og fellesskap: Fridom, fordi det er ein menneskerett å kunna uttrykkja seg fritt, mangfald, fordi vi lever i globaliseringas tid, men erkjenner at vi er forskjellige og må møta det forskjellige med toleranse og respekt, fellesskap, fordi kultur kan knytta individ, grupper og nasjonar til kvarandre:

«Ved å fastholde de verdier vi setter pris på, og vise åpenhet for andre, skal vi bidra til å forme en norsk identitet uten fiendebilder.»

Stavanger 2008 ønskjer å leggja vekt på visjonar, kunnskap og vilje. Mottoet er «Explore! Horizons and dialogues». Ein understrekar at dette mottoet byggjer på ei verdiforankring som har djupe tradisjonar i regionen, Stavanger har alltid vore ein møtestad mellom Norge og Europa. «Explore!» er valt fordi vi skal søkja utover vårt eige, «horizons» for at vi skal søkja erfaringar bak horisonten, mot det ukjende og mot framtida, «dialogues» er valt for at vi skal erkjenna, akseptera og tiljubla det som er forskjellig og annleis i det nye, kulturelle fellesskapet.

Det er mange store ord her, visjonane kan synast i overkant politisk korrekte. Men dei evnar også å begeistra, linjene blir heile tida trekte og knytta til regionens historie og særpreg, i trekk som mange vil kjenna seg igjen i. Misjonsbyen, oljebyen, utferdstrong og internasjonalisering er faktorar som illustrerer den spesielle blandinga av sterkt tradisjonsbundne, nesten bakoverstrevande verdiar ein finn i Stavanger, og nysgjerrig søken utover desse.

Så heiter det også at programprofilen skal leggja vekt på kvalitet og breidde, med rom for både tradisjonskultur og nye kulturformer. Stavanger 2008 skal arbeida for å minska kulturelle og sosiale barrierar, og gjera kultur meir tilgjengeleg for dei som ikkje allereie er oppglødde kulturkonsumentar. Spesielt vil ein leggja til rette for at barn og unge skal delta og utfalda seg, på tvers av nasjonalitet, rase, religion og materielle vilkår.

Søknaden inneheld ikkje noko konkret programforslag for kulturbyåret, men listar opp følgjande tematiske område ei vil satsa på:

Litteratur og ytringsfridom: Skal blant anna ta initiativ til ein verdskongress for fribyar i 2008 (Stavanger er friby), som skal setja ytringsfridommens vilkår i eit globalisert Europa i fokus.

Film, TV og ny teknologi: Skal blant anna realisera prosjekt innanfor eit felt som er i ferd med å gå fra den verkorienterte til ein meir sosialt basert kunstproduksjon.

Visuell kunst: Markera Jan Groths 70-årsdag, utplassera Antony Gormleys skulpturprosjekt «Broken cloumn».

Ledige stillinger

Kulturarv: Retta søkjelyset mot tidlause og aktuelle tema, blant anna vern av kulturminne i forlenging av UNESCOS år for kulturarv i 2002.

Scenekunst: Utvikla dans som nytt satsningsområde i regionen ved internasjonalisering. Etablera nordisk kompetansesenter for barne- og ungdomsteater.

Musikk: Utvikla Bjergsted Musikkpark til eit nasjonalt kraftsenter for musikk og kunst, som blant anna skal innehalda eit konserthus av høg internasjonal standard. Utfordra Maijazz til å utvikla eit program med spesiell vekt på unge norske jazzmusikarar som kan presenterast på dei viktigaste jazzfestivalane i Europa.

Opera: Invitera operahus i Europa til gjestespel i Sandnes kulturhus gjennom heile kulturbyåret.

På tvers av kulturell identitet: Stavanger 2008 vil setja søkjelyset på dei nye oppdagingsreisande – våre nye landsmenn som er i ferd med å etablera seg her og setja sitt preg på kulturen.

Arkitektur: Skal gjennom prosjektet «Offshore-kultur» fokusera på oljetidas påvirkning av regionens kulturelle og arkitektoniske landskap.

Barn og ungdom: I tillegg til prosjekt som skal formidla barn og unges eigen kunst, vil ein iverksetja prosjekt som skal vera med på å auka kvaliteten på kunstformidling til barn og unge.

I tillegg til alt dette, gjer søknaden også greie for innsatsprogram og etterbruk, modernisering og infrastruktur, partnarskap og fellesprosjekt.

At søknaden unngår å bli konkret og detaljert, vekkjer både anerkjenning og ambivalens. Anerkjenning fordi ein dermed respekterer kunst- og kulturuttrykks fridom og rett til å vera i stadig forandring, ambivalens fordi den same måten å unngå konkretiseringar på, minner om tradisjonelle, tomme kulturpolitiske talemåtar.

Mens prosessen langsomt rullar vidare, skal vi i Ballade dei næraste dagane søkja å koma nærmare innpå brytningar og haldningar i Stavangers kulturliv.

Ledige stillinger

Relaterte saker

Stavanger Symfoniorkester

Stavanger Symfoniorkester møter fransk topporkester i Rogalands senter

Det pågående seminaret mellom det franske topporkesteret Ensemble Intercontemporain (EIC) og Stavanger Symfoniorkester krones de kommende dagene gjennom opptredener av...

Saxofon Concentus

Julen under ombygging i Stavanger

I Gamle Tou Bryggeri i Stavanger våkner en spennende kunstscene til liv hver 4. uke. I takt med oppussing og...

Nils Henrik Asheim

Ny musikk i gammelt bryggeri

Et vårlig Stavanger var vertskap for Ny Musikks landsmøte 5.-7. april. Rammen rundt en stor del av programmet var Stavangers...

Nils Henrik Asheim

Turbinvika

Pilota Fms Nicholas Møllerhaug fortel her om ein båttur i regi av Ny Musikk Rogaland, med Nils Henrik Asheim ved...

Café Sting – Stavanger

Introduksjon til Stavangers kulturliv

Stavanger er Norges mest internasjonale småby, både kontinental og provinsiell. På åttitalet vart Café Sting sjølve arnestaden for nyskapande kultur-...

Stavanger Konserthus

Etablissementet

Akkurat nå, i Stavangers offentlege samtalar om kultur, kan det synast som om dei mest radikale visjonane og haldningane kjem...

Flere saker

Håkon Austbø

Håkon Austbø: Evig outsider

ANMELDELSE: Håkon Austbøs memoarer tilbyr et nært blikk på et turbulent musikerliv.

Bilde fra Ny Musikks KinoKammer på Black Box Teater i Oslo – Lasse Marhaug og People like us

Lasse Marhaug og People Like Us: Dystopisk støyfilm frå Groruddalen og eit draumebad i kinokjensler

Ny Musikk inviterte førre veke til «kinokammer»; eit 360-graders lyd- og videoformat som multikunstnarane Lasse Marhaug og People Like Us...

Spektrogram av introen til Beethovens 9. symfoni, fremført av TSO.

Hva innebærer “HiFi-lyd”?

Ikke la deg lure av strømmetjenestenes markedskampanjer, skriver Mathieu Lacroix.