Hopp til innhald
Tango, Gediminas Karoblis (Foto: karoblis.apie.lt/)

Trondheim: Seminar om kroppsleg refleksjon og pedagogiske prinsipp

Håpet er å få til ei fulltids utøvarutdanning i folkedans, på lik linje med utøvarutdanningane innafor folkemusikken.

Dagsseminaret i Trondheim den 18. september tek opp temaet evaluering av pedagogikk innafor folkedansefeltet: Kva slags pedagogiske prinsipp kan brukast, og kva resultat gjer ulike typar pedagogikk i høve til ein tradisjon som har vore kroppsleg/ikkje verbalisert.

Seminaret er ei praktisk vidareføring av Rundebordskonferansen som Norsk Folkemusikk- og Danselag (NFD), Rådet for folkemusikk og folkedans (Rff)og Ole Bull-akademiet hadde på Voss 23. mars, der ein fikk eit rungande ja til eit utøvande studium i tradisjonsdans.

Noreg har nyleg ratifisert UNESCOs konvensjon om den immaterielle kulturarven. Som eit ledd i satsinga på å ta vare på Noregs immaterielle kulturarv vert tiltak for å verne folkedansen ei viktig politisk satsing. «Bygda dansar» er allereie ei slik. Håpet er no å også få til ei fulltids utøvarutdanning i folkedans, på lik linje med utøvarutdanningane innafor folkemusikken. Det føreligg allereie planar for ei slik utdanning laga i samarbeid mellom Dansevitskap/Rff-sentret og Ole Bull-akademiet, men ved ei realisering vil det bli nødvendig med ei nærare konkretisering av pedagogiske prinsipp og innhald. Kva pedagogiske prinsipp bør liggja under for planlagt utøvarutdanning i folkedans?

Seminaret ønskjer å sjå på og invitere til diskusjon omkring pedagogiske prinsipp for opplæring i norsk folkedans allereie utvikla og under utvikling av pedagogisk personale som jobbar med folkedans i det høgre utdanningssystemet i Noreg. Innleiargruppa er personar knytte til Rff-sentret og deira pedagogiske verksemd. Desse er Dansevitskap ved NTNU og samarbeidspartnar Folkekulturforbundet og Norsk folkelig dans, Ole Bull-akademiet og Bygda dansar.

Gediminas Karoblis, dr. phil og danselærar frå Litauen vil danna eit teoretisk grunnlag for diskusjonen omkring kroppsleg refleksjon.

I tillegg vil Birgitte Rørvik Bruun frå danselinja på Manger folkehøgskule ha eit innlegg. Ein skriftleg rapport i etterkant av seminaret vil danna utgangspunkt for vidare arbeid med temaet både innafor ramma av immatrikuell kulturarv og utøvarutdanning.

Seminarleiar: Egil Bakka
Innleiarar: Ami Peterson Dregelid, Siri Mæland, Kari Margrete Okstad, Vegar Vårdal, Birgitte Rørvik Bruun og Sigurd Johan Heide.
Målgruppe: Dansepedagogar/danseinstruktørar som vil føra debatt om pedagogikk eller påverka læreprinsippa i utøvarutdanninga.

Tid: Tysdag 18. september kl 10-16 ved Rff-sentret, Trondheim
Påmeldingsfrist: Måndag 8. september.
Pris: 200 kr for inkl. lunsj. (100 kr for stud/0 kr for stud. som ikkje skal ha mat.)
Arrangør: Rff-sentret i samarbeid med Folkekulturforbundet, Ole Bull-Akademiet, Bygda dansar og Program for dansevitskap, NTNU.

Det er Rff som melder dette.

Ledige stillinger

Relaterte saker

Mattisgard/Røine (Foto: Sidsel Røine, talik.no)

Tildelingane frå Rådet for folkemusikk og folkedans er klare

Rådet for folkemusikk og folkedans gjorde i juni ei fordeling av tiltaksmidlar, arbeidsstipend og formidlingsstønad. Løyvingane er no offentlege, og...

Mikal Lundemo og Jan Johansson (Foto: Marte Frihetsli)

Pøbb, Pippi, pols og polsdans

Helga 16. til 18. februar var omlag 30 unge dansere og spellmenn med tilknytning til Nord-Norge, samlet i Ramfjord utenfor...

Sigurd Johan Heide (2007, Foto: Rff)

Sigurd Johan Heide tar ny runde som prosjektleder i Bygda dansar

– Jeg er fascinert og gleder meg! sier Sigurd Johan Heide. Han har fått jobben som prosjektleder i neste Bygda...

8mm film fra Drangedal (Foto: RFF senteret)

Digitaliserer folkedans fra 8mm film

De siste ukene har personale ved Rff-sentret og EB-videoprodukter A/S v/ Bjørn Fjelnset arbeidet med å digitalisere og synkronisere bilde...

Pols skyggeillustrasjon

Polsk pols

Fredag er det populærvitenskapelig foredrag på Rff-sentret (Norsk senter for folkemusikk og folkedans). Temaet er Polske folkedanser og norsk pols...

Rådet for folkemusikk og folkedans logo

Rådet for folkemusikk: Sølvbergs tale

Riksscene, tradtak.no, Stavanger som kultuby i 2008 og UNESCO-konvensjonen om den immaterielle kulturarven var noen av punktene Arne M. Sølvberg...

Flere saker

Ida Habbestad Foto: Anniken Mohr

Ida Habbestad takker for seg i Ballade

Journalist Aslaug Olette Klausen fungerer som redaktør frem til Guro Kleveland tar over fra desember.

Anton Solberg, her på festivalen Sommerøya, som han ledet i flere år

Festivalen Kadetten nullet i kompensasjonsmidler

Etter et turbulent økonomisk år går bærumsfestivalen mot å få 0,- i koronaavlysningsmidler fra staten.

Komponist Martin Hirsti Kvam er ein av kunstnarane som deltek på den første digitale utgåva av Only Connect

Festival på trygg avstand

Då Only Connect 2020 vart avlyst, vart ein ny festival født. Only Connect – From A Safe Distance startar på...