Hopp til innhald
Eldbjørg Raknes

(Foto: Sara Moutinho)

Jazz for dei yngste

Denne hausten vert det sett fokus på born og unge i ei rekkje norske jazzklubbar. Prosjektet tek sikte på å inspirere både deltakarar og konsertarrangørar.

— Barn er et åpent publikum. Det er utfordrende, utviklende og morsomt å spille for og med barn, seier Eldbjørg Raknes i ei pressemelding.

Ei totaloppleving

I oktober og desember skal jazzvokalist Eldbjørg Raknes og ei gruppe kunstnarar reise rundt på norske jazzklubbar med konseptet «Hva kommer nå…?». Dette er ei fleirkunstnarisk framsyning for born, med fokus på improvisasjon. Framsyninga vert ei totaloppleving med songar, pantomime, teatersport, historier og levande bilete.

— Dette vert kjempespennende, trur Raknes, og håpar på fulle hus

Trigge interesse

Eit av måla for dette prosjektet er å trigge interessa for kunstprosjekt med born og unge, hjå arrangørar innanfor jazz. Prosjektet er initiert av Norsk jazzforum sitt utval for born og unge, og støtta av Kunstløftet, Norsk kulturråd og Fond for utøvande kunstnarar. Turneen har i alt 9 stoppestadar, deriblant Bodø, Molde, Otta og Arendal.

— Barnejazzkonserter er en fantastisk rekrutteringsarena. Ikke bare barna, men hele familien kommer igjen, seier Trude Storheim frå Norsk Jazzforum sitt utval for born og unge.

Ledige stillinger

Flere saker

Pressebilder

Hultins liv med jazz

Randi Hultins unike jazzfotografier lander i Trondheim.

Utsnitt av forsiden på «Fleirstemt – Strategi for korutvikling i Noreg»

Hva skjer med ensemblestøtten til kor på høyt nivå?

Korforbundet er bekymret for ensemblene. Forbundet reagerer også på at Kulturalliansen forbigås.

Hans Ole Rian, forbundsleder i Creo

Statsbudsjettet 2021: Forutsetter at ordningene forlenges og forsterkes

INNLEGG: Creo er veldig tilfredse med 2.25 milliarder i langsiktige korona-tiltak, men vi forutsetter at ordningene vil forlenges og forsterkes...