Hopp til innhald
Mari Boine

Mari Boine (f. 1956) får statens æresløn frå 2027.(Foto: Knut Bry)

Æresløn til Mari Boine

Regjeringa foreslår å gi songaren, tekstforfattaren og musikaren Mari Boine æresløn frå 2027.

– Mari Boine har ein lang og rik musikkarriere. Ho har over fleire tiår vore ei viktig stemme og forbilde for særleg den samiske befolkninga og for urfolk generelt. Det er ei glede at vi no kan løfte fram ein av våre største kunstnarar med å gi ho æresløn, seier kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery (Ap) i ei melding frå departementet.

Statens æresløn blir berre gitt til ein kunstnar om gongen. Ordninga vart oppretta i 1963, og er på 200 000 kroner i året. Beløpet er skattefritt og varar livet ut.

Forfattaren Johan Falkberget var den første som fekk æresløn frå 1963 til 1967. Deretter fekk skodespelar Per Aabel i perioden 1973–1999, skodespelar Wenche Foss 2002–2011 og forfattar Dag Solstad i 2011–2025.

Ledige stillinger

Flere saker

6355318323 4c41d3ef76 z

Øya vurderer dollarkjøp for å sikre bookingbudsjettet

Sterkere krone betyr billigere dollar. Det gjør det rimeligere for norske festivaler å booke amerikanske band.

Sigurd Hole

Tysk kritikerpris til kontrabassist Sigurd Hole

Sigurd Hole har fått Preis der deutschen Schallplattenkritik (German Record Critics’ Award) i kategorien «Crossover Productions» for plata «Roraima».

Oddrun Lilja Jonsdottír velger seg Bugge Wesseltoft. – Bugge er hel ved, sier hun. – Det han velger å bruke tiden sin på har også en betydning for noe større.

Inspirasjoner: Lilja velger Bugge Wesseltoft

Oddrun Lilja Jonsdottír lanserte i fjor høst debutplaten til bandet Lilja, og når vi spør henne om hennes viktigste norske...