Det er tre månader til neste Stortingsval, og politikarane er ute i felten for å svara på korleis dei vil prioritera. Ved TrAP sitt dialogmøte 14. mai sto det frie, ikkje-institusjonaliserte feltet på planen.
Med eit såpass ope og tverrfagleg tema var det få konkrete dykk i enkeltemne på musikkfeltet. Men debatten gav rom for posisjonering av dei ulike politikarane sin ståstad, som i korte trekk vart vekta slik:
Økonomi
— Høgre, Arbeiderpartiet og Sosialistisk Venstreparti lova ei økonomisk satsing på det frie feltet i deira statsbudsjett. Det gjorde dei ved handsopprekning avslutningsvis i debatten.
— Fremskrittspartiet lova å setja kulturbudsjettet ned til nivået det hadde då Anniken Huitfeldt tiltredde som kulturminister i 2009.
— Venstre hadde ingen konkret lovnad om auka midlar til det frie feltet.
Kunstnarstipend
— SV peika på at dei rødgrønne står samla om sin kulturpolitikk, medan ei borgarleg regjering må forma kulturpolitikken sin som eit kompromiss.
— SV uttalte vidare at dei er misnøgde med arbeidet som har skjedd for enkeltkunstnarar i Kulturløftet 1 og 2. Deira viktigaste tiltak for frie feltet vil handla om å styrka kunstnarstipenda. I motsetnad til Ap ynskjer dei òg at slike stipend skal kunna vera langvarige.
— Frp repliserte at dei vil vurdera å ha kunstnarstipend, men at desse skal gå til nyutdanna kunstnarar, som då får høve til å prøva ut kunstnarverksemda si i ein oppstartsfase.
Alternativ finansiering
— Høgre meiner dei har kjempa meir for det frie feltet enn noverande regjering, mellom anna ved å føreslå omdisponering av midlar frå institusjonane til det frie feltet i sine alternative budsjettforslag. Høgre ynskjer å leggja til rette for at institusjonane kan profilera seg på eiga hand ved å fjerna føringane i løyvingsbreva. Høgre trur at færre føringar mellom anna kan føra til at fleire institusjonar vil tinga meir musikk, noko som indirekte kan få følgjer for det frie feltet.
— Høgre meiner at midlane til det frie feltet vil auka med ein aktiv politikk for stiftingar. Dei ynskjer at Kulturrådet skal operera med sine ordningar som før, men at ein i tillegg arbeider meir aktivt for å henta inn private insentiv. Høgre vil arbeida for ei nasjonal overbygging for stiftingar.
(Red anm. Thommessen har etter at innlegget vart publisert påpeika at overbygginga er tenkt å ha utgangspunkt i Arts and Business, og ikkje er for stiftingar åleine, men for alle aktørar som arbeider med publikumsutvikling og kompetansebygging. Ordninga er tenkt som ein konkurrent til Kulturrådet).
— SV la til at dei stør ein meir aktiv politikk for å få fram private stiftingar.
Alternativ organisering
— I debatten om det frie feltet trekkjer Venstre fram at det er relevant å sjå etter andre måtar å organisera somme av institusjonane på. Eitt døme er Oslo Nye Teater, som i desse tider vert omorganisert etter pålegg frå Oslo bystyre. Meininga er å gje teateret ein lausare struktur der samarbeidet mellom institusjonen og frie grupper er tettare. Dette kan senka faste kostnader og gje større rom for eksperimentering, trur Venstre. Partiet trur at ein i framtida vil sjå eit mindre skilje mellom institusjonane og det frie feltet. I tråd med Høgre sitt ynske om større bidrag frå det private, ynskjer Venstre ei ordning som gjev skattefritak ved gåver til kulturfeltet, slik det finst innan forskinga.
— Venstre understreka òg sin kampsak om å oppdatera åndsverklovgjevinga, på ein måte som spelar på lag med, og ikkje imot, utviklinga av forretningsmodellar. Mellom anna ynskjer dei å avgrensa åndsverklova si vernetid.
— Frp ynskjer ikkje å meina mykje om det frie feltet. Partiet meiner at ansvaret for dei store institusjonane skal liggja på statleg nivå, medan alle andre kulturmidlar, inkludert dei som i dag vert fordelt frå Kulturrådet, skal gå rett ut til kommunane, med det som føring at dei skal gå til kultur. Frp meiner altså at det er ei kommunal oppgåve å forvalta det frie feltet.
Debattantar var Arild Stokkan-Grande (Ap) Johan Tønnesson (SV), Olemic Thommessen (H) Hallstein Bjercke (V) og Ib Thomsen (Frp)

Blodtur til København
I midten av januar dro ein full buss frå Oslo og omland til København med Tuvas Blodklubb. Sjå korleis det gjekk med "den norske invasion” på dansk folkemusikkfestival.

Slik ble jeg en diva
KRONIKK: – Jeg må slutte å late som om forståelsen av sangerens rolle i jazzmusikken ikke henger sammen med likestilling og en kjønnsdefinert og forutinntatt forståelse av hva sangere befatter seg med.

Ballade video: Trygghet og kontroll
På utstilling med Himmelleite, Luna Mare, Andie Loui, Maizu & Richard, Kristine Blir Rapper, Kamelen, Rule Of Two og Clawfinger.

Mari Boine hedret
Artist og låtskriver Boine fikk ærespris for langt og betydningsfullt virke. Og avslører at hun skriver på ei bok.

Adama Janlo lar seg ikke stanse av musikalske grenseposter
Fra Sagene til Mississippi-deltaet, via Senegal og Gambia – Adama Janlo er Norges mest oppsiktsvekkende tilskudd til den tradisjonelle bluesen, og hun er ikke redd for å hente inspirasjon utover det forventede.

Ballade på Tidsskriftbonanza: Samtale med Peter Case & Sid Griffin
En sjelden mulighet til å møte to amerikanske legender, når Balladeskribent Arvid Skancke-Knutsen snakker med Peter Case & Sid Griffin på Deichman Grünerløkka torsdag 5. mars.








































