Hopp til innhald
Sinéad O’Connor på Cambridge Festival

Bildet av Sinéad O'Connor er fra Cambridge Festival i England i 2014. På grunn av manglende bruksrettigheter har vi måttet bytte ut bildet fra øyeblikket artikkelforfatteren skriver om under konserten i Madison Square Garden (red. mrk. 15. april 2025).(Foto: Wikimedia Commons - Bryan Ledgard. https://www.flickr.com/photos/ledgard/14645054609)

Om mot: Sinéad O’Connor i Madison Square Garden, 1992

INNLEGG: I anledning den internasjonale kvinnedagen skriver Kjetil Aarseth om mot, om å stå alene og om den store styrken i å stå sammen. – Don’t let the bastards get you down.

Teksten ble først publisert som et innlegg på Aarseths facebook-profil 8. mars 2021.

Av Kjetil Aarseth, daglig leder av Tikkio

Åttande mars. Vi har nådd langt her oppe i nord. Ikkje i mål, men stadig nærare. Internasjonalt er der mykje som står att. Alt for mykje. Eksempel på uretten kjem til å kome fram på taler og paroler verda over i dag.

Så kva skal ein gjere sjølv då? Som mann? Støtte der ein kan. Snakke. Spørre. Kreve. Rope. Skrive. Eg har skrive nokre ord tidlegare år også. Denne gongen sleit eg med å kome på ein vinkel. Men så kom eg på at eg har gått og ruga og fila på ei tekst om Sinéad O’Connor. Den passar i dag.

Ho var frå før av provoserende på bransja, menn og medsøstre. Passa ikkje inn. Dette korte håret. Dette sinnet. Ho braut tabu om å snakke om psykisk sjukdom. Også sin eigen. Gadd ikkje å være sexy etter forventningane. Ho turte der andre teia. Ho reiv i stykker bildet av korleis ei kvinneleg popstjerne skulle være. Så reiv ho i stykker eit bilde av Paven i beste sendetid på amerikansk fjernsyn. Sjokk. Ei modig markering frå ei irsk kvinne, frå eit land der konservativ katolisisme, prevensjonsnekt, kvinne- og barneundertrykking og skam hadde prega landet i århundrer. Men bakteppet var større. Kvinner og barns rettar til frie liv og eigen kropp. Overalt. Alltid.

Mange av mennene som representerte Gud på jorda, var overgriparar. Men Kyrkja dekka det over med all makt og pengar som fans. Heilt til Sinead sørga for å rette merksemda mot dei, med enorme konsekvensar for seg sjølv. Det krev mot. Ho møtte massiv motstand. Vart demonisert. Hengt ut over heile verda.

Ho var berre 26 år gammal.

Få dagar etterpå sto ho på scena i Madison Square Garden. Ho var booka inn for lenge sidan for å synge ein Bob Dylan-låt i høve sistnevnte sitt 30-årsjubileum som artist.

Ein av dei største innandørsarenaene i verda. Plass til 20.000 menneske. 26 år. Heilt åleine. Mot alle. Buuuuuu!

Nesten alle. Kris Kristofferson fekk beskjed om å hente ho av scena. Han henta ho ikkje. Han henta heller fram omsorg og orda «Don’t let the bastards get you down».

Ledige stillinger

– I won’t.

Godt over to minutt med intens motstand og hat. 134 sekund med buing. 134 sekund lange som vonde år. Eit forsøk på Dylan-låta som var innøvd med bandet. Så berre ho med «War» av Bob Marley, med improvisert ny tekst om dei aktuelle overgrepa. Meir sannheit i monitor, takk. Knappe 80 sekund, men som ei evighet i krig.

20.000. 26 år.

Ei kraftanstrengelse. Det største motet i musikkhistoria. Heilt der oppe uansett sjanger, tid og anledning. Ei kraftanstrengelse der ho må brekke seg etterpå. Verda hadde lata att augene for overgrepa. Men no såg dei. Vi. Sjumilssteg på få dagar. Meir opprulling. Media. Rettsvesen. Gud i himmelen. Gudar på jorda, så i fengsel.

– Don’t let the bastards get you down.

Motet ligg mest hos Sinéad, men det er lettare å kjempe når ein har nokon med seg. Om du ikkje er den som tør. Om du ikkje er Sinéad: Prøv å være Kris.

Opptak frå konserten i Madison Square Garden, New York, 1992. Konserten var ei feiring av Bob Dylans 30 år som musikar og sangdiktar.

Ledige stillinger

Relaterte saker

Plateomslag Karin Krogs antologi «Don’t Just Sing», 1963

Ballade Video VI: Premierer og pionerer

Vi markerer kvinnedagen, og tar samtidig en titt på arkivene til NRK.

Ethel Smyth – komponist, dirigent, forfatter og feminist.

Ethel Smyth (1858-1944): Kaste stein i glasstak

Ethel Smyth kjempet for å bli komponist, for stemmerett for kvinner og for verkene sine. Hun hadde sitt eget rom,...

Flere saker

Tonje Unstad under Nordland Musikkfestuke Foto: Gunnar Augland

Vi trenger mer god kritikk av barnemusikk

Så har vi vært på festival og bedrevet underholdning. Og ungene lo og sola skinte.

Fresh socks

Prosjekt nye, kvinnelige EDM-stjerner?

Edm er ny og moderne, men målt med kjønnsbriller representerer sjangeren eldgamle verdier. Hvorfor?

Ida Vågard FFE90 e1670956804271

Vågard Unstads enke samler inn penger for å gi ut rapperens soloplate posthumt

En norsk raphelt er borte. Nå har Ida Unstad og Vågards samarbeidspartnere startet Spleis for å ferdigstille plata han var...