Hopp til innhald

Verdsorientert og lokal

Mezzosopran Marianne Beate Kielland kjem til Festspillene i Bergen med musikk i lite format.

Ein avlæringsprosess og ei historisk tankegang: Dette er mezzosopranen Marianne Beate Kielland si oppskrift for tolkinga av Grieg-syklusen «Haugtussa» under Festspillene i Bergen.

Gjennom året reiser ho over heile verda som songsolist. Men når ho dette året vart invitert til Bergen, står den lokale songlitteraturen saman med den europeiske – alt i eit lite format. Det høver songaren bra.

— Når ein liedsyklus vert gjort på rette måten, er det noko heilt særeige ved forma. Særleg likar eg at dei små detaljane er så viktige. Alt handlar om formidling av tekst; om å utdjupa ei forståing av språket. For å få til dette må ein ofte vera meir fleksibel i klangbehandlinga enn ein som regel er i opera, der jamne klangideal ofte går framfor alt, seier Kielland.

Kvitta seg med det gamle
Medan songane av Webern og Schönberg ikkje er like ofte å høyra her til lands, er Grieg sitt «Haugtussa» mykje tolka av norske songarar, i sær i komponistens eigen heim i Bergen.

— Eg lærte meg «Haugtussa» då eg var 19 år gamal, og har ein del referansar frå den gongen. Då eg tok det fram på nytt for to år sidan, var ideen å kvitta meg med dette gamle, og sjå stykket på ein ny måte. Innfallsvinkelen vart å sjå på korleis Grieg nyttar seg av den norske folkemusikken, fortel Kielland.

— Grieg sitt blikk på folketradisjonen er tydelig i nesten alle songane, og eg har ynskt å understreka dette. Ikkje gjennom å nytta ornament eller å syngja på konsonantane, slik ein kvedar ville gjort det, men ved eit stykke på veg å frigjera meg frå somme klangideal i den klassiske musikken. Og ved å framheva det rytmiske i materialet. Slik tykkjer eg at eg har fått fram ein litt annan «Haugtussa».

https://www.youtube.com/watch?v=LlWqsqpQpx0

Kielland synger Edward Elgars «Sea Pictures».

Dei fleste songarar reiser
Det å kunna gjera noko personleg med musikken er generelt viktig for Kielland, som fekk ei tydeleg forståing av dette tidleg i den utøvande verksemda si. Rett etter avslutta utdanning ved Noregs musikkhøgskule vann ho ein prøvesong, og vart knytt til operaen i Hannover.

— Innpasset i eit tysk operahus betydde mengder av spanande røynsle. Samstundes erfarte eg at det var liten plass til meiningane mine i det store systemet. Som ung utøvar fekk eg beskjed om korleis eg skulle utføra noko. Det var ikkje ynskeleg at eg sjølv kom med forslag til korleis eg skulle utfalda det musikalske. Eg er ein ganske viljesterk person, og følte meg nok fanga i det systemet – eg fekk ikkje nytta kreativiteten min, seier Kielland.

Ledige stillinger

Ho avslutta derfor engasjementet etter eit år, og flytta med mannen sin til Harstad, der ho stifta familie. Sidan har dei flytta endå mindre sentralt, til Svolvær.

— Det spørsmålet eg svarer mest på i løpet av eit år, er nettopp korleis det går an å bu så lite sentralt. I røynda tyder det nokre ekstra timar på flyplassane her og der. Dei fleste songarar reiser, og når du først er på tur har ikkje reiseforma så mykje å seia, seier Kielland.

Stor kontrast
Men kontrasten er stor, mellom det å vera heime og det å vera på jobb, medgjev ho.

— Der eg bur er det ikkje mange andre utøvande musikarar. Dermed legg ein gjerne frå seg musikarhatten for ei stund, er ein vanleg borgar, deltek i dugnadar og er klassekontakt på skulen. Det er fantastisk å kunna vera del av eit slikt lite samfunn. Parallelt får eg dekt dei faglege behova når eg reiser. Så det er ei god løysing. Men omstillingane er ekstreme, det kjem ein ikkje unna, seier Kielland.

Lokalt har ho engasjert seg i musikklivet. For tida gjennom damekoret Lofoten Voices, medan ho tidlegare var kunstnarleg leiar for samtidsmusikkfestivalen Ilios i Harstad. Og ho fabulerer om å setja i gong fleire prosjekt som inkluderer dei nordnorske utøvarar, ettersom det etterkvart har flytta fleire dyktige songarar til regionen.

try {MusicNodes.addNode(«51e9990c-e671-476c-8e87-22e0ee74f5b2», true);} catch (err) {}

Ei direkte formidling
Men for dei større jobbane må ho ut: Både Noreg og utlandet er arbeidsplass. Kielland gjer kyrkjemusikalske verk og konsertsongar – med fullt orkester, eller med klaveret åleine.

Ho har arbeidd med verdskjende dirigentar som Philip Herreweghe, og Masaaki Suzuki. Sistnemnde framhevar ho som ein av dei finaste fortolkarane av Bach, og ser på samarbeidet deira om Bach-kantatar som eitt av høgdepunkta i verksemda hennar. Andre tidlegmusikksamarbeid har vore med Jordi Savall og Rinaldo Alessandrini.

Og etterkvart har formatet vert større – Mahler og Berlioz er favorittar – og Kielland er nøgd med valet ho ein gong gjorde.

— Eg er glad eg såpass tidleg fekk finna ut kva som høvde best for meg. Eg trivst med den direkte formidlinga, og med gode innspel frå dirigentar og medspelarar, samstundes som eg har plass til å vera meg sjølv. Fordelen med å ha vore i bransjen nokre år er òg at eg no kjenner mange muskarar og songarar. Slik treffer ein att dei ein har arbeidd med, og reiseverksemda er ikkje lenger einsam.

— Du reiser kring 120 dagar i året. Opplever du stor skilnad mellom det norske musikklivet og det europeiske?

— Den mest tydelige skilnaden er nok publikumstilslutninga: Ute i Europa er dei klassiske konsertane ofte godt besøkt. Ein kan sjølvsagt forklara dette med at det er fleire menneske å ta av enn i Noreg. Men eg trur nok folk der ute har eit meir medvite forhold til å gå på konsertar enn mange nordmenn har.

https://www.youtube.com/watch?v=5IgoBrpaGNU

Kielland synger Bachs BWV 169 – 5

Mental avstand
Parallelt er det mogleg å få ting til å skje i Noreg, meiner Kielland. Som eigeninitierte konsertar, gjerne i mindre format – om enn tilboda og høva kan vera noko skeivt fordelt.

— Om eg skal etterlysa noko i den kulturpolitiske debatten i Noreg, er det at ein tek det distriktspolitiske på alvor. Ein snakkar om det med jamne mellomrom, men konsekvensane av diskusjonen tykkjer eg ikkje me ser i stor nok grad. Me har hatt ein statsråd som gjorde politisk poeng av å laga symfoniorkester i den nordlege regionen. Men på det jamne er det vanskeleg å få merksemd, både gjennom media og i form av løyvingar til regionen.

Det er synd, påpeikar songaren, som meiner det finst gode ressursar i landet, som kunne nyttast i større grad.

— Det er ikkje berre ein myte at den mentale avstanden er mykje større sørfrå og nordover, enn omvendt. På sikt hadde me vore tente med å endra nettopp det.

Marianne Beate Kielland har konsert på Troldhaugen 2. juni.

Ledige stillinger

Relaterte saker

Ørets teater

Serie med store emne

– Å kuratera konsertar er å ha respekt for tilhøyrarane, meiner Henrik Hellstenius, som står bak konsertserien Ørets teater i...

Asketrøbbel for Festspillene

Vulkanutbruddet stanser flyvninger fra Island.

Ivar Bjørnson

Rikskonsertene som fødselshjelper

INNLEGG: Jeg tviler på at lokale arrangører kan hjelpe fram risikabel, uventet og merkelig musikk, skriver Ivar Peersen.

Ketil Hvoslef

Edvard-prisen til Hvoslef

50 000 kroner til «den underfundigste blant komponister».

Musika Mobile

Vill duell

Spilledåse og korps kjemper om oppmerksomheten.

Anders Eriksson Foto: Øyvind Arvola

Anders Eriksson ny leder for ILIOS

Eriksson tiltrer stillingen etter ILIOS-festivalen 2016.

Flere saker

Lise Davidsen i semifinalen til millionstipend fra daværende Statoil Foto: Marius Nyheim Kristoffersen

New York Times: En strålende debut av Lise Davidsen

Sopran Lise Davidsen fra Stokke får glitrende kritikk av New York Times etter sin tolkning av Tsjajkovskijs «Spar Dame» på...

Girl in red

TOU 20 år: Festkonsert med fullt orkester og gjester

Det gamle bryggeriet TOU i Stavanger feirer 20 år som kunstinstitusjon og -arena. Lørdag spiller Stavanger Symfoniorkester gratiskonsert i TOU-parken...

06 kallestad og oftestad KU

Haustetid for Hardanger Musikkfest

Hardanger Musikkfest ber namnet sitt med rette. Sjølv om eg ikkje fekk med meg meir enn helvta av årets festival,...