Hopp til innhald
Brede Rørstad (Foto: Amy Morisse)

Kammermusikk utfordrer byrom

Kammerorkesteret music population orchestra (mpo:oslo) inviterer til lanseringa av det internasjonale prosjektet Can You Hear It, med ein utandørs konsertserie i fire byrom i Oslo i perioden 11. juli til 2. august.

Konsertane vil gi publikum sjansen til å oppleve arkitekturen i dei fire byromma, fargelagd av kammermusikk.

Tidspunkt og stadar for konsertane:

* Onsdag 11. juli, kl 19.00 – Ibsenkvartalet
* Laurdag 21. juli, kl 14.00 – Vaterlandsparken
* Søndag 29. juli, kl 16.00 – Tullinløkka
* Torsdag 02. aug, kl 19.00 – Fridtjof Nansens Plass

Konsertane er gratis, og er opne for alle.

Tverrfagleg, internasjonalt samarbeid

Ved å utfordre det passive forholdet mange har til kammermusikk og arkitektur, vil Can You Hear It skape ein dialog mellom musikk og arkitektur for å involvere, bevisstgjere og engasjere publikum, så vel som akademiske og profesjonelle miljø. Prosjektet er eit samarbeid mellom the music population project (mpp), Sister City – prosjektet for kulturbrubygging mellom Portland, Oregon og Oslo, samt arkitekturmiljø i Portland og Oslo.

Partnerar til prosjektet inkluderer også m.a. Nasjonalmuseet, Oslo Arkitektforening, Oslo kommune og City of Portland. Konsertane vil bli haldne parallelt i Portland og Oslo, med til saman åtte konsertar i like mange byrom.

Tilbake til folket

mpp vart starta i USA i 2005 for å gi kammermusikken tilbake til folket. Ved å tenkje nytt i alle ledd i formidlinga av kammermusikk, når mpp ut til publikum på deira premiss.

Publikum blir samstundes invitert til å lære om kva kammermusikk kan vere i 2007, gjennom å la seg påverke av samtida sin estetikk, samstundes som ein ber rike kammermusikktradisjonar vidare.

Ledige stillinger

The Music Population Orchestra tek del i mpp sitt arbeid, og orkesteret si verksemd blir utvida til Norge og Europa med oppstarten av mpo:oslo, som blir lansert med konserten 11. juli.

Prosjektet vil i første omgang bli ført vidare gjennom eit dokumentarfilmprosjekt som tek utgangspunkt i konsertserien, før prosjektet tek form gjennom vidare tverrfagleg dialog i og utanfor fagmiljø, andre samarbeidsprosjekt og fleire konsertar.

Dette i følge en pressemelding.

Ledige stillinger

Relaterte saker

Brede Rørstad 2 (Foto: Amy Morisse)

Kammermusikk til folket!

Music Population Project er et internasjonalt nettverk av artister og entusiaster som arbeider for å revitalisere og å øke interessen...

Music Population Orchestra 2007: Can You Hear It (Foto: Shayla Hason)

Kammermusikken ut på by’n

INTERVJU: På lørdag blir det mulig å oppleve kammermusikk i det åpne byrom. Da tar dirigent Brede Rørstad med seg...

Brede Rørstad 2 (Foto: Amy Morisse)

Den endelause debatten som blir gløymd

DEBATTINNLEGG: – Debatten om livet og døden til klassisk musikk er ingen ny debatt. I fjor på denne tida raste...

Flere saker

Sverre Knudsen

Foregangsmannen

Fra punkrocker til elektronika-artist: Hvordan går Sverre Knudsen frem når han skaper tekst og musikk?

MONSTERMETAL: Vreid er med på laget når filmen «Kraken» lanseres.

Jarles låt er lyden av monsteret i fjorden

Vreid spiller og synger offisiell låt til storfilmen «Kraken».

Jazzfest 2020 Sara Fjeldvær & Øyvind Leite @ Trykkeriet

Arrangere? I 2021? Litt som å spille Joker Nord!

Jazzarrangører ser forsiktig positivt på en ny støtteordning. Men en live jazz vår er høyst usikker, når stimuleringspengene først blir...