Hopp til innhald
Fele

Desse spelar semifinale i talentmønstringa IntroFolk

Tre går vidare til finale på Folkelarm.

Seks unge folkemusikarar er klare for semifinale i Introfolk 2022, skriv FolkOrg – organisasjon for folkemusikk og folkedans.

Desse seks dyktige unge utøvarane skal tevle i semifinale på Riksscenen 10. september. Tre av dei går vidare til finale på Folkelarm i november. Ein av dei vinn heider og ære som Årets unge folkemusikar, som vinnar av Introfolk 2022, og får 100 000 kroner i stipend frå Gramo, skriv arrangørane i ei pressemelding.  

Desse seks er plukka ut til å delta i semifinalen på Riksscenen 10. september:
Andrea Søgnen (21), langeleik – frå Gol
Eir Vatn Strøm (25), vokal, kraviklyre og live-elektronikk – frå Oslo
Hans P. Kjorstad (28), fele og vokal – frå Sør-fron
Malin Alander (30), vokal – frå Gloppen
Synnøve Brøndbo Plassen (26), vokal – frå Folldal (Innlandet)

Trygve Liahagen (21), fele – frå Ottestad ved Hamar 

Introfolk er eit lanseringsprogram for unge norske og samiske folkemusikarar: ein musikkonkurranse, og ein arena der unge folkemusikarar kan utvikle seg som kunstnarar og få røynsle i å formidle folkemusikk på eit høgt nivå. FolkOrg driftar programmet.

Ledige stillinger

Flere saker

Kroa i Bø – Årets helårsarrangør

Kroa i Bø er Årets helårsarrangør 2022

Konsertarenaen, kulturbæreren og et av landets eldste studenthus fikk den gjeve prisen denne helgen.

Cathrine Winnes

«She Composes Like a Man» nominert til Rose d´Or

Gullrose-nominasjon til musikkserie med den norske dirigenten Cathrine Winnes.

Komponist Dagfinn Koch

Tilbake til fortiden med Norsk Komponistforening

— Norsk Komponistforening lengter fortsatt tilbake til det estetiske hegemoniet, skriver komponist Dagfinn Koch i dette innlegget, hvor han kritiserer...