Hopp til innhald
Tango, Gediminas Karoblis (Foto: karoblis.apie.lt/)

Trondheim: Seminar om kroppsleg refleksjon og pedagogiske prinsipp

Håpet er å få til ei fulltids utøvarutdanning i folkedans, på lik linje med utøvarutdanningane innafor folkemusikken.

Dagsseminaret i Trondheim den 18. september tek opp temaet evaluering av pedagogikk innafor folkedansefeltet: Kva slags pedagogiske prinsipp kan brukast, og kva resultat gjer ulike typar pedagogikk i høve til ein tradisjon som har vore kroppsleg/ikkje verbalisert.

Seminaret er ei praktisk vidareføring av Rundebordskonferansen som Norsk Folkemusikk- og Danselag (NFD), Rådet for folkemusikk og folkedans (Rff)og Ole Bull-akademiet hadde på Voss 23. mars, der ein fikk eit rungande ja til eit utøvande studium i tradisjonsdans.

Noreg har nyleg ratifisert UNESCOs konvensjon om den immaterielle kulturarven. Som eit ledd i satsinga på å ta vare på Noregs immaterielle kulturarv vert tiltak for å verne folkedansen ei viktig politisk satsing. ”Bygda dansar” er allereie ei slik. Håpet er no å også få til ei fulltids utøvarutdanning i folkedans, på lik linje med utøvarutdanningane innafor folkemusikken. Det føreligg allereie planar for ei slik utdanning laga i samarbeid mellom Dansevitskap/Rff-sentret og Ole Bull-akademiet, men ved ei realisering vil det bli nødvendig med ei nærare konkretisering av pedagogiske prinsipp og innhald. Kva pedagogiske prinsipp bør liggja under for planlagt utøvarutdanning i folkedans?

Seminaret ønskjer å sjå på og invitere til diskusjon omkring pedagogiske prinsipp for opplæring i norsk folkedans allereie utvikla og under utvikling av pedagogisk personale som jobbar med folkedans i det høgre utdanningssystemet i Noreg. Innleiargruppa er personar knytte til Rff-sentret og deira pedagogiske verksemd. Desse er Dansevitskap ved NTNU og samarbeidspartnar Folkekulturforbundet og Norsk folkelig dans, Ole Bull-akademiet og Bygda dansar.

Gediminas Karoblis, dr. phil og danselærar frå Litauen vil danna eit teoretisk grunnlag for diskusjonen omkring kroppsleg refleksjon.

I tillegg vil Birgitte Rørvik Bruun frå danselinja på Manger folkehøgskule ha eit innlegg. Ein skriftleg rapport i etterkant av seminaret vil danna utgangspunkt for vidare arbeid med temaet både innafor ramma av immatrikuell kulturarv og utøvarutdanning.

Seminarleiar: Egil Bakka
Innleiarar: Ami Peterson Dregelid, Siri Mæland, Kari Margrete Okstad, Vegar Vårdal, Birgitte Rørvik Bruun og Sigurd Johan Heide.
Målgruppe: Dansepedagogar/danseinstruktørar som vil føra debatt om pedagogikk eller påverka læreprinsippa i utøvarutdanninga.

Tid: Tysdag 18. september kl 10-16 ved Rff-sentret, Trondheim
Påmeldingsfrist: Måndag 8. september.
Pris: 200 kr for inkl. lunsj. (100 kr for stud/0 kr for stud. som ikkje skal ha mat.)
Arrangør: Rff-sentret i samarbeid med Folkekulturforbundet, Ole Bull-Akademiet, Bygda dansar og Program for dansevitskap, NTNU.

Det er Rff som melder dette.

Ledige stillinger

Relaterte saker

Mattisgard/Røine (Foto: Sidsel Røine, talik.no)

Tildelingane frå Rådet for folkemusikk og folkedans er klare

Rådet for folkemusikk og folkedans gjorde i juni ei fordeling av tiltaksmidlar, arbeidsstipend og formidlingsstønad. Løyvingane er no offentlege, og...

Mikal Lundemo og Jan Johansson (Foto: Marte Frihetsli)

Pøbb, Pippi, pols og polsdans

Helga 16. til 18. februar var omlag 30 unge dansere og spellmenn med tilknytning til Nord-Norge, samlet i Ramfjord utenfor...

Sigurd Johan Heide (2007, Foto: Rff)

Sigurd Johan Heide tar ny runde som prosjektleder i Bygda dansar

– Jeg er fascinert og gleder meg! sier Sigurd Johan Heide. Han har fått jobben som prosjektleder i neste Bygda...

8mm film fra Drangedal (Foto: RFF senteret)

Digitaliserer folkedans fra 8mm film

De siste ukene har personale ved Rff-sentret og EB-videoprodukter A/S v/ Bjørn Fjelnset arbeidet med å digitalisere og synkronisere bilde...

Pols skyggeillustrasjon

Polsk pols

Fredag er det populærvitenskapelig foredrag på Rff-sentret (Norsk senter for folkemusikk og folkedans). Temaet er Polske folkedanser og norsk pols...

Rådet for folkemusikk og folkedans logo

Rådet for folkemusikk: Sølvbergs tale

Riksscene, tradtak.no, Stavanger som kultuby i 2008 og UNESCO-konvensjonen om den immaterielle kulturarven var noen av punktene Arne M. Sølvberg...

Flere saker

Spellemann

Felles Spellemannsjury for viser, pop og urbanmusikk

Norsk Viseforum reagerer på endringer i Spellemanns-juryen – og at salgstall og strømming har blitt et kriterium for å nominere...

Fra promocoveret til Burzum hyllesten

Arven etter Burzum til fornøyelse og vemmelse

Hedres på 21 spors Youtube-utgivelse med bidrag fra Europa, Sør-Amerika og USA av ukrainsk metalzine.

Jørgen Karlstrøm, styreleder i Norsk Komponistforening

Norsk Komponistforening: Vi må utfordre strukturelle begrensninger!

INNLEGG: Vi tror det er nødvendig å telle på en måte som ikke skjuler reell problematikk knyttet til kjønn, skriver...