Hopp til innhald
P3 Live – Arian Engebø

Arian Engebø er programleiar for P3 Live. Ho er kjend mellom anna frå StudioP3 og som programleiar for P3Gull, Melodi Grand Prix og VG-lista på Rådhusplassen.(Foto: Kim Erlandsen/NRK)

P3 Live – ny musikksatsing i NRK på radio, nett og tv

P3 Live skal vere eit sjangeroverskridande musikkprogram for alle som elskar musikk, melder NRK.

Det nye programmet P3 Live set liveopplevinga, musikkjournalistikken og artistane i sentrum, heiter det i pressemeldinga frå NRK.

Programmet vil ha jamleg besøk av artistar, produsentar, ekspertar og musikkelskarar, og dele ut konsertbillettar til lyttarane dagleg. Kvar tysdag inviterer redaksjonen artistar og band inn i NRKs musikkstudio, der gjestane framfører ein eigen låt og ein coverlåt, med oppgåva «ein låt eg skulle ønske var min eigen». Dette gir høve til å vise fram musikalsk kvalitet på tvers av sjangrar og stilar, og samstundes skape ny musikk som står på eigne bein, forklarar NRK.

Konsertane går direkte på radio og blir filma samstundes. Klipp frå både låtar og intervju blir publiserte i NRKs appar og på sosiale medium.

– P3 Live er éin del av eit større arbeid for å gi publikum meir musikkinnhald, fleire liveopplevingar og sterkare musikkformidling på tvers av plattformer, seier musikksjef Mats Borch Bugge.

SJÅ ARTIKLAR og debattinnlegg om musikkdekninga til NRK frå dei siste månadene her

Programleiar for P3 Live er Arian Engebø. Ho er kjend for mange som programleiar for StudioP3 sammen med Nate Kahungu, som ho også leia VG-lista på Rådhusplassen med i 2022 samt P3Gull dei siste tre åra.I 2023 leia ho Melodi Grand Prix saman med Stian «Staysman» Thorbjørnsen.

– Eg håper publikum oppdagar nye artistar, band og sjangrar dei ikkje visste at dei elska, og at vi klarer å lage augeblikk som får dei til å føle noko gjennom radioen, seier Engebø.

P3 Live hadde premiere måndag denne veka i NRK Radio, og blir sendt på P3 Musikk måndag til torsdag frå klokka 14.00 til 17.00.

Ledige stillinger

Relaterte saker

Malin Pettersen

Gi oss noe å tro på. Noe å være en del av.

INNLEGG: Gi meg et NRK som er verdt å ta vare på – fordi det tar vare på oss.

Mats Borch Bugge

Noe å være en del av

INNLEGG: Malin Pettersen og Frode Fossvold-Jørum skriver i Ballade om NRKs endringer i musikkporteføljen, med spesifikk henvisning til endringene som...

Arne Berg med Solo og Ibou Cissokho (og Sigbjørn Nedland) på Kulturhuset under Oslo World

NRKs musikkdekning: – Det handler ikke om nostalgi, det handler om ansvar

For mange har det vært sårt å se sentrale sjangerprogrammer forsvinne fra NRK, inkludert for programlederne selv. Etter en heftig...

Radio

Tid og kunstnerliv: Radiotaushet

– Jeg vil ikke ha radiotaushet. Jeg vil ha radioaktivitet!, skriver dirigent og skribent Cathrine Winnes i denne utgaven av...

KORK – ULTIMA

Mats Borch Bugge: Musikkens rolle i NRK – og NRKs rolle i fremtiden      

KRONIKK: NRK skal fortsette sitt samfunnsoppdrag, men på en måte som også er bærekraftig i årene som kommer, skriver musikksjef...

Flere saker

Nora Bilalovic Kulset

Tidsperspektivet på sang i skolen?

Nora Kulset svarer kunnskapsminister Asheim

Elin Kåven setter spørsmålstegn ved to «publikumsregler» på Riddu Riđđu og Márkomeannu.

Uenig med festivalene om kultur-regler

– I verste fall begrenser reglene samisk samfunnsutvikling mer enn de beskytter festivaldeltakere, skriver artist Elin Kåven.

Pumpegris ble årets stjerneskudd

Bylarm: Årets stjerneskudd-pris til Pumpegris

Pumpegris utmerker seg med fete låter, steinharde slåtter og ærlige tekster, og tar folkemusikken inn i noe nært, skittent og...