Hopp til innhald
Lene Marlin

Framleis skeiv kjønnsfordeling

Ny statistikk frå Gramo viser at berre 9 av dei 100 mest spelte norske musikarane på radio er kvinner.

I tillegg til å vise at kvinnelege artistar er dårleg representert på norske radiokanalar sine spelelister, viser også statistikken frå Gramo at det har vore ein nedgang på 2% sidan 2006. Den nye statistikken (frå 2009) kan også avsløre at under 16% av utdelt musikkbruksvederlag frå radiospeling går til kvinner.

— Hovudgrunnen er at det dessverre finst færre kvinnelege musikarar enn mannlege i dag. Men denne statistikken bør vere ei oppfordring og utfordring til radiokanalane, inkludert NRK til å spele fleire kvinner, seier leiar i artistorganisasjonen GramArt, Elin Aamodt til NRK.

Oppfordre til bandinstrument

Aamodt får støtte frå Heidi Stavrum. Ho har forska på musikk og likestilling, og kan stadfeste at grunnen til den låge kvinneadelen er at fleire menn enn kvinner vel å verte turne- og studiomusikarar, produsentar, komponistar og låtskrivarar. Dette ser ein også i statistisk samanheng. Om det er eit mål med likestilling i kulturfeltet, trur Stavrum dette er noko ein må ta tak i på eit lågare nivå.

— I det unge folk bestemmer seg for kva instrument dei skal spele, så må ein oppfordre fleire jenter til å spele bandinstrument, seier ho til NRK.

Studiomusikarar på topp

Dorthe Dreier ligg øvst av kvinnene på ein 8. plass. I tillegg til å spele Bratsj i Oslo Filharmonien, har ho jobba som studiomusikar med til dømes A-ha. Morten Harket, Paul Waaktar-Savoy og Magne Furuholmen er også innanfor topp 10 på lista. Neste kvinne ut, er Simone Larsen på 44. plass. Ho seier til NRK at sjølvtillit er eit stikkord for den skeive fordelinga.

— Eg trur at veldig mange jenter har skrive musikken sin berre til seg sjølv. Eller dei vel å framføre andre folk sin musikk, og kanskje ikkje har nok sjølvtillit til eigne ferdigheiter på melodi og tekst.

For komplett liste, sjå NRK.no.

Ledige stillinger

Relaterte saker

Radiostatistikk for 2010

Hvilken låt ble spilt mest på norsk radio?

Trust Me vurderer søksmål

Mener Gramo må kreve inn vederlag fra TV3.

Penger og rock

– Gråsone for offentlig framføring

EU-dom utfordrer muligheten til å innkreve vederlag for musikk spilt hos i tannleger.

Flere saker

Cabaret

En persons vellyd er en annen persons støy

En sann tilnærming til støy er mental, litterær og filosofisk. Målet er å lage støy som oppleves uventet, dissonerende og...

Pianist Håvard Gimse og akkordeonist Mathias Rugsveen

– Samfunnet trenger vårt blikk

Hvordan ser to musikere, den ene veteran med flere tiårs erfaring, den andre i startgropen av sin karriere, på fremtiden?...

Årets utøver

Årets utøver kåret av Norsk Komponistforening

Årets utøver «kombinerer et uovertruffent teknisk nivå på sitt instrument med en uredd og engasjert holdning til å åpne nye...