Hopp til innhald

Vossa Jazz 2002 – Musikalsk vårflaum!

Vossa Jazz varslar musikalsk vårflaum og frisk kunstnarleg knoppskyting når dei byr inn til den 29. festivalen 22. – 24. mars. Festivalen får i følge stolte arrangørar ein pangstart med eit møte mellom to av dei fremste europeiske jazzsongarane idag: Sidsel Endresen og portugisiske Maria Joao. Andre sterke norske namn på Vossa Jazz er m.a. Erlend Skomsvoll, Odd Børretzen/Lars Martin Myhre, Silje Nergaard, Kaizers Orchestra, Jon Balke/Anneli Drecker, Urban Connection, Nils Økland, Beady Belle – og ein duokonsert med bluesgitaristane Knut Reiersrud og Bjørn Berge.

Dagen etter er det duka for tingingsverket «?» skrive av Erlend Skomsvoll og framført av eit 12 manns sterkt ensemble og konsertrekkja i Idrettshallen vert avslutta med eit nytt prosjekt signert radarparet Odd Børretzen og Lars Martin Myhre. Dei har med seg 10 musikarar når dei har scenepremiere det som førebels har arbeidstittelen «Kelner!»

Klubbtilbodet på Vossa Jazz opnar fredag med Silje Nergaard, Kaizers Orchestra, Jon Balkes Descennium Magnetic med Anneli Drecker, Rod Piazza & The Mighty Flyers, Farmers Market, Beady Belle og irske Cian. Laurdagen er det duka for hip hop-kveld på Park med Appollo, Alis og Finger¹n frå Klovner i Kamp, Oslo Fluid og Tungvann, jazzfolket kan gle seg til eit møte med den amerikanske tenorgiganten David S. Ware, Brazz Bros, gitarvirtuosen Mike Gallaher og CD-aktuelle Urban Connection i tillegg til eit spesialprosjekt av og med Eivind Aarset, Dhaffer Youssef og Paolo Fresu og filmmusikk frå James Bond spelt av det sexiaste jazzbandet på jorda – Sexmob.

Blues- og rockeentusiastar kan sjå fram til eit sveitt og svingande møte mellom den engelske blues- og boogie-pianisten Diz Watson og norske Hot Little Mama. Sundagen er det duka for eit heilt spesielt møte – Knut Reiersrud og Bjørn Berge i duoformat. Legg ein så til at Tommy & His Runnaway Boys kjem med rykande fersk CD og varmar opp for Rod Piazza, skulle ein ha ein særs attraktiv blues-meny.

Gamle rockarar er ein usliteleg rase. På Vossa Jazz får me eit møte med nyss gjenoppliva Stavangerensemblet, og Trygve Thue, Magne Lunde og Knut Kristiansen (!) held koken og rockefoten i gang i bandet Soon. Sistnemnde kjem også med CD til Vossa Jazz

Vossa Jazz tilbyr ein spanande litterær vri sundagen. «Jag menar nu 2002» på Vossa Jazz har til hensikt å samla forfattarar, litteratar, bransjefolk og dedikerte lesarar til førsteklasses jazzlitterære opplevingar. I kyrkja er det duka for midnattskonsert med Ståle Storløkken og eit triosamarbeid mellom Berit Opheim, Bjørn Kjellemyr og Nils Økland. Storeforventningar knyter det seg til nok ein Vossa Jazz-premiere – samarbeidet mellom den italienske trompetaren Paolo Fresu og John Pål Inderberg, Svein Folkvord og Stein Inge Brækhus.

Vossa Jazz innleier også ein ny runde med Jazzintro. Der unge jazztalent skal få høve til å presentera seg for eit stort publikum. Unge jazzmusikarar som allereie har markert seg så det rekk, er Kniv & Taffel. Å kalla musikken deira stringsving fortel berre halve sanninga. Dei må berre opplevast!

Det er berre å ta fram den gule eller rosa markørpennen og utheva dagane 22. 23. og 24. mars. Bygda er Voss, og festivalen er Vossa Jazz.

Meir info finn du på www.vossajazz.no

Ledige stillinger

Relaterte saker

Silje Nergaard

Silje Nergaard på salgstoppen

Silje Nergaards Spellemann-nominerte album «At First Light» har seilet opp på toppen av norske salgsbarometre for jazzplater. Kun slått av...

Sidsel Endresen

Vossa Jazz åpner i dag

Fredag 22. mars kl. 19.00 står kulekjører Kari Trå på scenen i Voss idrettshall for åpne Vossa Jazz. Her kan...

Urban Connection

Urban Connection – «French Only»

Spellemannprisvinnerne i Urban Connection har allerede feiret sin nye plate, «French Only», med konsert i Trondheim, men tar gjerne en...

Heidi Skjerve Kvartett

Jazzintro på Vossa Jazz

Lanseringsprogrammet Jazzintro tar til under den forestående Vossa Jazz-festivalen, og søndag 24. mars er Fraktgodsen scene for konserter med Jupiter...

Silje Nergaard

Silje blir hyllet av butikkgigant

100.000 av kronene som vi har lagt igjen på brød og melk hos butikkjeden Coop ble delt ut til Silje...

Vossajazz 2002 plakat

Overskot i Vossa Jazz

Også i år kan Vossa Jazz bokføra eit overskot, i år på kr. 74.171. Vossa Jazz 2002 vart skipa til...

Flere saker

Noiserappar MC Yallah frå Uganda byr på skitten, industriell fetisjisme saman med den franske produsenten Debmaster

Borealis 2020: Vil innvie publikum i kunsten

Inkluderande festival inntek dei store kunstinstitusjonane.

Jenny Kondradsen

Jenny Marie Konradsen – person og prosjekt

– Jeg tror alle mennesker er gitt ett eller annet. Kall det en evne, en gave eller et talent, som...

Maria Toresen Foto: Ryan Ahern

Rævspark-stipend til Maria Toresen

Visesangeren fra Stavanger får 30 000 og turné.