Hopp til innhald
Sigurd Aae Klausen

Den vesle prinsen blir folkedans-framsyning for born

Sigurd Aae Klausen vann Førde Internasjonale Folkemusikkfestival sin idékonkurranse – så til sommaren kjem hans folkemusikk-versjon av «Den vesle prinsen» til å bli syna før den vert ein del av den kulturelle skulesekken for hausten 2006. Romanen av Antoine Saint Exupéry tek opp mobbing, framandfrykt, diktatur, einsemd og kjærleik.

På festivalen i Førde til sommaren vil born og vaksne få oppleve ein folkemusikk-versjon av den gripande historia om «Den vesle prinse»n. Dette er klart etter at juryen har kåra Sigurd Aae Klausen til vinnar i idékonkurransen til barneframsyning på festivalen. Det utvalde stykket får premiere på festivalen, for så å verte ein del av programmet for den kulturelle skulesekken hausten 2006.

Sigurd Aae Klausen (34) er regissør og koreograf med tidlegare erfaring frå produksjonar som byggjer på folkemusikk og folkedans. Mellom anna har han vore engasjert ved Sogn og Fjordane teater i samband med dei to folkedansteater-stykka som vart framførte på festivalen i 2004. Han var regiassistent på «Meistermøy» og hadde sjølv regien på «Jenta som ingen kunne målbinde». I desse dagar er Sigurd Aae Klausen i innspurten som koreograf for «Jul i Blåfjell»-framsyninga som har premiere i Grieghallen torsdag 8. desember.

— Med 18 forslag å velje mellom, var det inga enkel oppgåve å plukke ut ein vinnar, fortel Hilde Bjørkum ved Førdefestivalen. Det var mange gode idéar, og alle heldt seg innanfor dei viktigaste kriteria for konkurransen, som var å ha med element frå folkemusikk og folkedans. «Den vesle prinsen» er skriven av den franske forfattaren Antoine Saint Exupéry og er verdas mest kjence science fiction roman for born. Romanen tek opp mobbing, framandfrykt, diktatur, einsemd og kjærleik; tema som vedkjem oss heile tida – både vaksne og born.

Produksjonen av barnestykket blir eit samarbeid mellom Førde internasjonale folkemusikkfestival, Sogn og Fjordane Teater og Sogn og Fjordane fylkeskommune. Og på vegne av desse tre, ønskjer Hilde Bjørkum på festivalen å presisere, med eit smil: – Valet av «Den vesle prinsen», var gjort FØR laurdag 3. desember, og såleis ikkje har noko å gjere med det faktum at vi nettopp har fått ein ekte liten prins i landet vårt!!

Førde Internasjonale Folkemusikkfestival er den største festivalen i Skandinavia for folk/world/trad musikk. Kvart år presenterer festivalen rundt 250 artistar frå heile verda.gjennom 80 store og små programpunkt på fire dagar. Neste festival blir arrangert 6.-9. juli 2006.

Ledige stillinger

Relaterte saker

Unni Løvlid,

Fransk visitt i Oslo og Bergen

I samråd med Anne Moberg, Rikskonsertene, inviterte Norges ambassade i Frankrike fire franske journalister til Oslo World Music Festival 1.-...

Hilde Bjørkum, Førde,

Hilde Bjørkum: – Tenk kva me kunne fått til for 5 millionar!

Den nyvalde regjeringa har i haust løyvd nye midlar til etablering av ei riksscene for folkemusikk og folkedans, lagt til...

Serena Maneesh 1

UDs reisestøtte – tildelingene høsten 2005 er klare

Tildeling av UDs reisestøtte til norske musikere og utøvere for konserter i utlandet er nå avgjort. Blant artistene og kunstnerne...

Karl Seglem (foto: Tomas Lauvland Pettersen)

Godt norsk på Womex

Med sine nye flotte kulturbygg og et revitalisert bysentrum viste Newcastle seg å være en meget godt egnet vertskapsby for...

Millenniumbroen, Newcastle

Womex 2005: Visuell presentasjon stadig viktigare

Konkurransen om spelejobbane på den internasjonale verdsmarknaden har stramma seg til, og det er ikkje lenger tilstrekkeleg å vise til...

Hilde Bjørkum, Førde,

Hilde Bjørkum er ny festivaldirektør i Førde

Styret i Førde Internasjonale Folkemusikkfestival har tilsett Hilde Bjørkum i nytt åremål (3 år) som festivaldirektør frå 1. september 2005....

Flere saker

Det var engang et menneske – Folkets Festspillscene Foto: Thor Brødreskift

– Vi mangler moderne fortellinger om hvem vi er

Politikerne må forebygge det kollektive hukommelsestapet og ikke bidra til å fremskynde det, mener festspilldirektør Anders Beyer.

Synne Skouen (t. v.) i samtale med sanger Ingvill Statle Skjørten (t.h.) – hun har nettopp framført Skouens «Rug».

Et liv i skjæringspunktet musikk og mening

Det var ikke nok med ei hel bok med samtaler om musikk og kritikk, for musikkjournalist Bodil Maroni og komponist...

Cathrine winnes i rulletrapp

Tid og kunstnerliv: Hvordan jeg krøsja på Hartmut Rosa

Hva har en tysk statsviter og dirigent Cathrine Winnes til felles? Tja – sjekk ut denne månedens «Tid og kunstnerliv»,...