Hopp til innhald
Bylyder profil 07/08

Ikkje alltid blodpris!

REPLIKK: – Du må ikkje alltid betale «blodpris» for å vere garantert klassisk musikk av høg kvalitet. På Noregs musikkhøgskole har vi orkesterserien Bylyder der Oslos profesjonelle orkester spelar i Musikkhøgskolens konsertsal på Majorstua. Her kostar billettane berre 40 kroner for studentar (førehandssal) og 150 kroner for ordinære billettar, skriv kommunikaskjonsrådgjevar Alison Bullock Aarsten ved Noregs musikkhøgskole.

Av Alison Bullock Aarsten

I debatten om livet og døden til klassisk musikk, har komponist Brede Rørstad eit poeng når han skriv at publikum må vite om høge billettprisar er verdt pengane: Om dei utselde Bigbang-konsertane skriv han: Publikum har ein kunnskap om bandet og musikken deira som gir eit grunnlag for å kunne avgjere om konserten kjem til å bli verdt pengane eller ikkje. Sjølv om prisen er 275 kroner vil eit stort publikum seie at, ja, på tross av høg pris kjem denne konserten til å bli verdt pengane. (…) Eg skulle gjerne sett at det kosta mindre å få høyre det beste innan klassisk musikk..«

Dei beste orkestra til låge priser

Det kan du få på Musikkhøgskolen, Brede Rørstad! I konsertserien Bylyder, spelar Oslo-Filharmonien, Kringkastingsorkesteret, Det Norske Kammerorkester, Oslo Camerata, Den Norske Operas orkester, Trondheimsolistene og Musikkhøgskolens eige symfoniorkester og kammersolistar.

I konsertserien Bylyder er eit av poenga at omgjevnaden ikkje er så stiv, og at heller ikkje billettprisane er det. På den måten trur vi at for eksempel fleire studentar finn vegen til konsertsalen, og får moglegheit til å oppleve klassisk musikk på sitt beste.

Full sal

Sidan Bylyder blei lansert i 2006, har konsertserien blitt ein suksess. På mange av konsertane har salen vore stappfull. Det er tydeleg at prisen har noko å seie. Vi vil gjerne takke orkestra for det gode samarbeidet som gjer at vi kan halde billettprisane nede.

Sibelius og Zappa

Musikken du kan nyte under Bylyder denne sesongen spenner over alt frå intense, rørande klassikarar som Sibelius sin 2. symfoni og Fire siste songar av Richard Strauss, til nyskapande musikk av amerikanske komponistar som Charles Ives, John Adams og Frank Zappa. Vidare kan du bli kjent med Misha Alperin og Gjermund Larsen, som skriver ny musikk tufta på gamle tradisjonar.

Sesongstart 30. november med amerikansk musikk

Ledige stillinger

Bylyder-sesongen 2007/08 startar allereie på fredag 30. november, med Musikkhøgskolens symfoniorkester, under leiing av Bjarte Engeset. Dei spelar eit program med musikk frå USA gjennom 1900-talet, frå Ives sitt The Unanswered Question til Adams sitt Lollapalooza. Vidare vil publikum kunne høyre Gershwins jazz- og bluesinspirerte klaverkonsert med Aksel Kolstad som solist, og Bernsteins symfoni »Jeremiah«.

Ledige stillinger

Relaterte saker

Eirik Birkeland 07/ Foto: Marius E. Hauge

Musikkhøgskolen med høye søkertall og pris for utdanningskvalitet

NMH melder om en økning i søkertallene på 16,7 % fra i fjor – og siden 2001 har tallene økt...

Forsvarets Stabsmusikk (Foto:www.fsmk.no)

Bylyder fra Oslos orkestre

Orkesterserien Bylyder er et samarbeid mellom Oslos profesjonelle orkestre og Musikkhøgskolen. Åtte konserter er planlagt, Det er et unikt konserttilbud...

Javid Afsari Rad 2006 (Foto:www.nmh.no)

Bylyder: Klassisk persisk med Kringkastingsorkestret og Javid Afsari Rad

Under paraplyen Kulturnatt 2006 åpner den nye konsertserien Bylyder med en svært spesiell konsert på Norges Musikkhøgskole i Oslo. Medvirkende...

Tan Dun

Symfonisk og visuelt

Musikkhøgskolens symfoniorkester spiller lørdag 14. oktober kl. 15.00 Tan Duns store visuelle konsert «The Map», for cello, video og symfoniorkester....

NMH tilbygg, skisse

Festveke på Norges musikkhøgskole

Etter 10 års ventetid er Norges musikkhøgskole endelig samlokalisert, etter å ha vore delt mellom lokaler på Majorstua og Carl...

Ivar Frounberg (foto: samfundet.dk)

Vinterlydfestivalen 2007

Mandag 26. februar starter Vinterlydfestivalen på Norges musikkhøgskole. Det blir en uke med vokalmusikk for det 21.århundre, hamrende slagverksrytmer, urframføringer,...

Flere saker

NOU – illustrasjonsbilde – Siri NM Ballade

Offentlig utredning om musikkfeltet lagt fram: Musikklandet

Norges første offentlige utredning om musikk er lagt fram, som kunnskapsgrunnlag for framtidas musikkpolitikk.

Bjørn Tomren deltok i strupesang i Kyzyl som er hovedstaden i republikken Tuva i Russland. Her ved Yurt camp Biy Khem ve elven Biy Khem (Major Yenisei) Foto: Mikaela Berg

I strupen på polka-Bjørn

Førre veke var Huun-Huur-Tu, verdas største strupesongband, i Bærum. Bjørn Tomren heldt innleiinga – og tok en prat med Ballade.

Foto: Tore Sætre / Flickr.com

Kan ny åndsverklov gi bedre strømmebetaling?

Når forslaget til ny åndsverklov slår fast at gode vederlag er et ufravikelig krav, kan det få betydning for fremtidige...