Hopp til innhald
Bop Business

Seminar om kultur og næringsliv

– Kulturlivet slit med ei god gammal misforståing, seier Ivar S. Peersen frå Enslaved

Torsdag 30. september og fredag 1. oktober inviterer Kongsberg Jazzfestival, Buskerud fylkeskommune og den lokale verksemda Kongstanken, til sponsorseminaret Bop Business 2010 på Quality Grand Hotel i Kongsberg. Formålet med dette seminaret er å finne gode samarbeidsformer mellom næringsliv og kulturaktørar, med særleg fokus på festivalar. På heimesida til Kongsberg Jazzfestival, ytrar arrangørane von om at dette skal verte eit årleg arrangement. Dei ynskjer også at Bop Business skal verte den primære møtestaden mellom profesjonelle kulturaktørar og næringsaktørar her til lands. Programmet for seminaret består av ei rekkje foredrag, mellom anna frå sponsorsjef i DnB NOR, Jacob Lund og Marketingprofessor Hans Mathias Thjømøe frå BI.

Fleksibelt

Ein annan post på programmet er «Trygdekontoret Live» med Thomas Seltzer i spissen. Han tek med seg ei rekkje spannande paneldeltakarar, og tema for seansen er sjølvsagt sponsing og samarbeid mellom kultur og næring. Ein av paneldeltakarane er Ivar S. Peersen frå bandet Enslaved. Han har opparbeida seg gode sponsorerfaringar gjennom eit elleve år langt engasjement i Hole in The Sky festivalen. På spørsmål om gjensidig relevans, har Peersen fleire gode poeng.

— Eg trur næringslivet har mykje å lære frå kulturlivet. I kulturlivet finnast det mykje engasjement, idealisme og eigarforhold. Modellane for korleis ting er oppbygd, særskilt med tanke på promotering har mykje godt ved seg. Kulturlivet er også fleksibelt, og det let seg mobilisere enormt med ressursar.

God gammal misforståing

Tradisjonelt sett har kulturlivet slitt noko med å tiltrekkje seg sponsorar. Peersen trur dette kan endre seg gjennom gjensidig dialog.

— At kulturlivet slit med å tiltrekkje seg sponsorar, kjem nok av ei god gammal misforståing. Aktørar innanfor kulturlivet ser på næringslivsrepresentantar som A4-folk i dress, medan kulturlivsrepresentantar kanskje vert sett på som slappe dagdrivarar. Eg trur det finnast mange fordommar her, og einaste måten å få bort desse på er gjennom gjensidig dialog.

Ledige stillinger

Relaterte saker

Grasrotandelen

Dårlig Grasrot-utbytte for musikklivet

Idretts-Norge har nok en gang stukket av med omtrent hele utbyttet når Norsk Tippings Grasrotandel er fordelt.

Flere saker

Girl in the hammock av Winslow Homer

God sommer!

Mens du venter på at Ballade er tilbake i august kan du lese de av våre saker som engasjerte mest...

Bodø2024 – åpningsseremonien 3 feb

Kulturby-start med historisk sus over seg

Så er den i gang, kulturby-festen i Bodø og hele Nordland, og den skal vare hele året. Lørdag 3. februar...

Tine Thing Helseth

Velkommen tilbake, Tine!

Tine Thing Helseth har besøkt domorganist Kåre Nordstoga i Oslo Domkirke. Resultatet er en innspilling full av gnistrende jubel og...