Hopp til innhald
Olav Luksengard Mjelva

Årets folkemusikar

Olav Luksengard Mjelva vart kåra til årets folkemusikar under Folkelarm i helga.

Årets folkemusikar skal gå til ein artist som på særskilt vis har markert seg gjennom plateutgjevingar, konsertar eller på anna vore med på å skape til framifrå folkemusikkformidling.

I juryen si grunngjeving heiter det:

«Årets prisvinnar syner at det er mogleg å tileigne seg stilforståing frå meir enn sitt eige distrikt, samstundes som han på ein sjeldan måte kombinerer det å vere ein strålende solist med å kunne vere ein lojal medspelar i eit musikalsk fellesskap der andre har hovudrolla. Dei mange prosjekta han deltek i og er ein viktig del av, dekker eit brett musikalsk spektrum, og hans musikalske uttrykk spenner frå det reint lyriske, via det dansbare og drivande, til tung groove.

Prisvinnaren kombinerer djup stilforståing av sine tradisjonar med eit nært forhold til alle dei mangfaldige musikalske formene som finst i dag, og verkar med det både som eit førebilete i folkemusikkmiljøet og utad som eit døme på korleis ein folkemusikar på høgt nivå både kan vere midt i tradisjonen og midt i samtida. Det er difor ikkje tilfeldig at prisvinnaren er å høyre på heile 10% av årets produksjonar, der to av dei gjekk heilt til topps.»

Følg musikkdebatten: Ballade på Facebook
Ballade på Twitter

I tillegg til å bli kåra til årets folkemusikar 2013, vann felespelaren Olav Luksengard Mjelva både pris for albumet «Isbrytaren» saman med svenske Erik Rydvall, og saman med Unni Boksasp Ensemble for utgjevinga Kvite Fuglar.

Juryen for årets Folkelarmpris har vore Tellef Kvifte, Asgaut Bakken, Sinikka Langeland og Frank Henrik Rolland.

Tidlegare vinnarar av prisen Årets Folkemusikar er Inga Juuso (2012), Gabriel Fliflet (2011), Sigrid Moldestad (2010), Kouame Sereba (2009), Valkyrien Allstars (2008), Hallgrim Hansegård (2007) og Unni Løvlid (2006).

Ledige stillinger

Flere saker

Folkesangeren og komponistenUnni Løvlid

– Når du dreg folk ut i naturen, så opnar dei seg

På tonehimmel er samtidsmusikken både til fjells og i skogen, med vann og fjellknauser som naturlig forsterkning og medspillere. Musikkjournalist...

Stillbilde fra Rural Tapes

Ballade video: Honning og salt

Variert førjulsmeny med Rural Tapes med Steve Wynn, Hanne Tveter og Diego Amador, The Age of Colored Lizards, Pia Isa,...

Arne Nordheim

Musikk du kan skremme folk med

Ballades anmelder brukte Arne Nordheim til å skremme folk på fest som tenåring. Nå lovsynger han den nye Nordheim-plata til...