Bilete frå lydvandringa "Gebrokken – vi høyrer saman" på Munchmuseet og i Bjørvika, regissert av Arturo Tovar med musikk av Jenny Berger Myhre og Cisser Mæhl. “Eg likar å dra på tur i byen og lytte til alle dei ulike stemmene, og eg håpar alltid at eg skal få høyre noko eg ikkje har høyrt før, det gjer vi vel alle?”, seier forteljaren. (Foto: Signe Luksengard / nyMusikk)

ONLY CONNECT 2022: Håpet om å høyre noko du ikkje har høyrt før

Alle festivalar bør studere korleis Only Connect lagar festival. Her blir publikum teke med på ei total oppleving, og kjem ut i andre enden med nye perspektiv på rom, lyd og liv.

Kalender

Ås jazz – en liten jazzfestival

27/01/2023 Kl. 12:00

Viken

Spins, Trills & Glides: NMK & Alessandra Rombolá

28/01/2023 Kl. 18.00-19.30

Oslo

Taffelmusikk!

28/01/2023 Kl. 20:00

Oslo

Only Connect, nyMusikks årlege internasjonale og ambulerande festival for samtidsmusikk, eksperimentell musikk og lydkunst. Sidan 2019 veksler festivalen mellom Ny musikks kontor i Stavanger, Trondheim og Oslo.

Melding frå torsdag 28. april 2022 på Munchmuseet og Bjørvika i Oslo:
soundinitiative / Kristine Tjøgersen / Maja Nilsen
soundinitiative / James Saunders
Gebrokken – vi høyrer saman
Blomsterbed
Quatuor Bozzini

 

Only Connect er namnet på nyMusikk sin lydfestival. Sidan 2012 har Only Connect lagt til rette for lytteopplevingar som opnar forståinga av musikk, lyd og performance. Eg var på festivalens første av fire dagar, torsdag 28. april.

Only Connect hadde i årets utgåve flytta inn i Munchmuseet og fylte huset med lyd og opplevingar. Eg hadde sett den faste utstillinga, og no skulle eg for første gong oppleve husets rom for musikk. Eg kom dit nysgjerrig, og så open eg kunne.

I førehandsomtalen til årets festival, skriv kunstnarleg leiar Bjørnar Habbestad:
“I fjordkanten veks eit nytt økonomisk og kulturelt tyngdepunkt i byen fram, der utskjelt og prisvinnande arkitektur konkurrerer om merksemda med opne torg og private eigedommar. Finst det plass for undersøkande og marginale kunstformer i eit slikt landskap?”

Spørsmålet er godt, og det vart med meg i det eg nærma meg strekkoda. Kvelden skulle vise seg å likne eit rituale.

Eg elskar at førestillinga har gjort dette med meg – meir!

Festivalen starta nemleg med ein liten tur på Kunsthall Oslo og Sophie Star Suanings The Epic (MA!). Då eg kom inn i galleriet stod 12 songarar spreidd utover rommet, blant publikum. Dei fekk tilsynelatande cues, og kanskje inntonering via proppar i øyrene. Verket består av tolv tonar tett i tett eller ein og ein. Gjennom å bevege oss i rommet, bevegde vi oss rundt i nye lytteperspektiv på klangen som gjorde opplevinga unik for kvar og ein av oss i publikum.

Vi, publikum, var no aktiviserte og sansane våre tente.

Så samla vi oss i den svarte boksen i foten av Munch-huset. Ei høgteknologisk hifi-scene som museet har kalla Festsalen. I verket Bower av Kristine Tjøgersen har ho lete seg inspirere av sokalla gartnarfuglar, fuglar som byggjer bowers, eller løvhytter.

Kristine Tjøgersens Bowers. (Foto: Signe Luksengard / nyMusikk)

Ein slags skog av kvistar og kjeppar står på scena, og svakt, forsiktig, høyrer vi bittesmå lydar rundt oss. Svak kvitring blir utbrodert til større klangar av ensemblet som dansar rundt i svarte fuglekostymer med instrumenta. Her blir teater og musikk to sider av same sak, og etter at pianoet er stappa fullt med kjeppar av dei mystiske fuglane, bryt ein synth-akkord inn heilt brått og fuglane framfører ein slags komisk parodi på ei generisk poplåt.

Som publikum får eg ei kjensle av at Tjøgersen har vore heilt fri og teke i mot innfall med kjærleik i den kreative prosessen. Scenograf Maja Nilsen og koreograf Julie Desprairie er perfekt matcha med Tjøgersens uttrykk. I Bower blir det smått komiske med på å med truverde løfte fram eit økologisk alvor som ligg i dette stykket.

Frå Kristine Tjøgersens Bowers. (Foto: Signe Luksengard / nyMusikk)

På utsida av den svarte boksen er eg i stuss, og eg elskar at førestillinga har gjort dette med meg – meir!

Eg går med forventning ned den obligatoriske “kunnskapstrappa” i museet, og utanfor Amfiet får vi utdelt eit partitur: Do-It-Yourself, står det på det. Det er gruppa Soundinitiative som skal framføre den utforskande og filosofiske komponisten Jamie Saunders sitt Everybody Do This (2014).

Den første lyden må vi forestille oss ut i frå teikningar i partituret. Ein av lydane er “å spele piano med fingrane på eit snødekt rekkverk”. Vi sansar, lyttar. Ja, visst er det lyd. Så skal ensemblet lage musikk.

Gruppa Soundinitiative står rundt oss i publikum med kvar sine bord fulle med duppedittar. Dei ropar ut signal. Lyd, etterkvart apparat, så posisjon, og gestar, og ord – alle kanskje improvisert første gong, men ved nummerering har dei etter kvart eit intrikat partitur over kva materialet i verket er.

Bilete frå den utforskande og filosofiske komponisten Jamie Saunders sitt Everybody Do This (2014). (Foto: Signe Luksengard / nyMusikk)

Det er fascinerande kor komplekst dette verket blir til slutt: “sound 2, device 3 off, gesture 1, position 3”.

Høgdepunktet er den vesle jenta, kanskje rundt 3 år, som bryt ut i latter. Forløysande for oss stive, seriøse og “opne” samtidsmusikkpublikumarar.

“Faren er over, normal tilstand opprettet. Faren er over, normal tilstand opprettet”, ljomar over anlegget i det vi går ut frå amfiet. Vi humrar litt til sidemannen, og mange med meg tenkjer at det var eit artig lite etterord til førestillinga. Heilt i stil.

Men så skjønar vi at dette er ein feilmelding frå alarmsystemet på Munchmuseet. Berre på Only Connect kan slike misforståingar skje! Ah!

Eg sluker i meg ein overprisa croissant frå Munch-kantina, og stiller meg opp for å få utdelt hovudtelefonar til lydvandringa Gebrokken: Vi Høyrer Saman. Regissert av Arturo Tovar med musikk av Jenny Berger Myhre og Cisser Mæhl.

Med ei forteljing på øyret går vi saman inn i gangane på Munch-huset. Vi blir teke med inn i trapperom der ein skal ha strengt begrensa tilgang – vi får vere med inn i kroppen til Munchmuseet og reiser innover, som i jakta på nyresteinen. Vi blir fort forvirra – har vi ikkje gått veldig langt nedover no, i forhold til kvar vi starta? Eller? Vi blir svimle – og forteljinga har fanga oss. Så opnar nokre tunge, mystiske portar seg, og vi går ut i friluft.

Gebrokken – vi høyrer saman. (Foto: Signe Luksengard / nyMusikk)

Forteljaren spør oss: “Ser du? Der borte?”. Musikken lullar oss inn i ein drøymetilstand og folket rundt oss ser rart på oss, men vi føler oss urørlege i eit parallelt univers. “Eg likar å dra på tur i byen og lytte til alle dei ulike stemmene, og eg håpar alltid at eg skal få høyre noko eg ikkje har høyrt før, det gjer vi vel alle?”, seier forteljaren.

Ein båt med ei kvit brud kjem roande mot oss på flytebrygga. Ho gir kvar av oss eit brev: “Opne meg seinare”, står det på konvolutten. No er vi slukt av mystikken.

Only Connect Oslo: Gebrokken – vi høyrer saman (Foto: Signe Luksengard / nyMusikk)

Forteljaren sin kjærleik til byen og Sørenga smitta over på oss. No ser eg på bukta som vakker. Eg ser på husa som levande, og vandringa vekte nok ei merksemd i oss på dei folka rundt oss som vi fort berre ser som grå masse i vår introverte kvardag.

Puh, NO er eg full av inntrykk. Eg legg meg rett og slett ned på flyplassbenkane i foajeen for ein beinstrekk når klokka nærmar seg 22.30, før kunstnarkollektivet Blomsterbed skal føre oss opp til toppen av huset med verket Rite of Passage, ei vandring blant ulike kreasjonar i rulletrappene. Ein karakter i glitrande joggedress syner oss med Nintendo-aktige rørsler kvar vi skal gå. På toppen kjem vi til deira fantastiske og smått absurde video som du kan sjå her:

Det er gøy, men eg kjenner også på ein slags skuffelse over at det ikkje var meir til akkurat denne programposten. Vi hadde ikkje god tid til å dvele ved noko av det, vi vart nesten stressa oppover, vi såg jo på klokka alle sammen. Men kanskje skulle det berre vere ein morsom og annleis måte å bevege seg oppover i huset. Det er greit det, men det er noko med korleis dette blir presentert i programmet. For meg vart det først og fremst ein teaser til Blomsterbed. Gi meg gjerne ein eigen kveld med dei.

Blomsterbed – Rite of Passage. (Foto: Signe Luksengard / nyMusikk)

På toppen av Munch, bak balkongen, ligg det eit rom med ein beint fram fantastisk akustikk og ro. Det er varme treveggar, høgt under taket, og vi kjenner på at vi svever over byen. Eit rom for meditasjon. Og her skal vi få høyre Quator Bozzini framføre Jürg Frey sin String Quartet No. 4 (2018-2020).

Etter alle inntrykka gjennom dagen, skal vi vere inne i Frey og Bozzini si stille, detaljrike verd. Vi skal inn i ein ny tilstand.

Den kanadiske kvartetten Quator Bozzini har sidan nittitalet spesialisert seg på denne stillferdige musikken, og har mellom andre samarbeida med Kim Myhr på hans Pressing Clouds, Passing Crowds. Dei har over fire hundre bestillingsverk, og nærmare fem hundre urfremførte verk. Dette har gjort dei til den mest fascinerande detaljrike kvartetten eg har høyrt.

Only Connect Oslo: Quatuor Bozzini (Foto: Signe Luksengard / nyMusikk)

Jürg Frey er like interessert i stillheit som lyd i sine komposisjonar, og strykekvartettane hans har sakte transformasjonar som kanskje kan opplevast som ein enkel melodi strekt ut over lang tid. Harmonisk leikar han med kjenslene våre, eg opplever at kvartetten masserer hjernen min og fjerner spenningane frå den intenst opplevelsesrike dagen.

Etter ein time og ti minutt med dette stille postludiumet av dagen, gjekk eg heim og kjente som eg hadde delteke i eit rituale som opna øyrene, sansane og tankane.

Only Connect Oslo: Gebrokken – vi høyrer saman. Forteljaren sin kjærleik til byen og Sørenga smitta over på lyttarane, skriv Ballades meldar. (Foto: Signe Luksengard / nyMusikk)

Denne torsdagen på Only Connect fekk meg til å bli glad i Munchmuseet, og området der nede. Ikkje berre er det plass til undersøkande og marginale kunstformer i eit slikt landskap, men landskapet treng det!

No gler eg meg til All Ears på Munchmuseet i juni.

For å kommentere og diskutere artikkelen må du være logget inn på Facebook. Dersom du har en mening du ikke får postet her kan du alltid sende oss en e-post.

Hold deg oppdatert

Meld deg på vårt nyhetsbrev