Hopp til innhald

Nominer ein felespelar

Innan 1. mai kan du kome med forslag til kven som fortener Øivind Berghs minnepris for 2014

Øivind Berghs minnepris har vore delt ut under Peer Gynt-stemnet sidan 1989. Prisen på kr 25 000,- går til ein ung og lovande felespelar, gjerne med røter innafor folkemusikken.

Annbjørg Lien mottok den første prisen i 1989, og sidan den gong er felespelarar som Arve Moen Bergset, Elise Båtnes, Ragnhild og Eldbjørg Hemsing, Ola Kvernberg, Gjermund Larsen, Andreas Ljones, Øystein Rudi og Per Sæmund Bjørkum mellom dei som har motteke prisen.

Dette året er det ope for at publikum kan kome med forslag til kandidatar. Forslaget og ei stutt grunngjeving for kvifor denne kandidaten fortener prisen, sendast til komiteen innan 1. mai. E-post may.brit (at) peergynt (dot) no

Øivind Bergh fekk Peer Gynt-prisen i 1976, for si rolle i etableringa av og som dirigent for Kringkastingsorkesteret i 30 år. Han var ein engasjert gjest ved Peer Gynt-stemnet i mange år, og stifta etter kvart stort kjennskap til lokale spelemenn og folkemusikk. Etter at han gjekk bort, innstifta enka, Rigmor Bergh prisen saman med Peer Gynt stemnet. Prisen eri dag eit samarbeid mellom familien til Øivind Bergh, folkemusikkorganisasjone FolkOrg, Kringkastingsorkesteret og Peer Gynt as i samarbeid med Sparebank 1 Gudbrandsdal.

Ledige stillinger

Flere saker

Torbjørn Heitmann Valum Foto: Norske konsertarrangører

– Blir ikke utleiebransje

Konsertbransjen er ikke i ferd med å bli en ren utleiebransje, i følge Norske Konsertarrangører. En ny trend er likevel...

Kronos quartet i Las Vegas

Amerikanske Kronos Quartet er artist-in-residence under Festspillene i Bergen

– En levende institusjon og en reisende musikalsk bauta.

Rat City med Isak Heim og hans tegnefilmansikt: Mest spilt i

Gramo-statistikk: Tallet er 444:33,22 for Isak Heim og Rat City

Her er tallene fra radio og annet som gir penger i kassa til Gramo-medlemmer. I januar–september 2019 krevde Gramo inn...