
Yuval Weinberg ny dirigent i Norges Ungdomskor
Israelske Weinberg er korets første utenlandske dirigent. Han tek over koret i 2017.
Den Israelske dirigenten Yuval Weinberg (f. 1990) tek over Norges Ungdomskor i 2017.
Weinberg vil vere dirigent og kunstnarleg leiar for koret gjennom prosjektåra 2017 og 2018. Dette er første gangen koret engasjerer ein utanlandsk dirigent.
Norges Ungdomskor er drifta av Ung i Kor, og Weinberg er utvald av styret i organisasjonen.
– Yuval Weinberg elskar utfordringar og som dirigent er han både impulsiv og interessant. For songarane i koret trur eg dette blir to spennande og lærerike år, seier Lisa Ingdal, som er styremedlem i Ung i Kor og i tillegg tidlegare sangar i Norges Ungdomskor i ei pressemelding.
Yuval Weinberg er født 1990 i Israel, og har bachelorgrad i direksjon fra musikkhøgskolen
Hanns Eisler i Berlin. Han fullførte mastergrada si i kordireksjon ved Norges
Musikkhøgskole våren 2016.
30 års jubileum
I 2017 feirar Norges Ungdomskor 30 år, og Weinbergs første oppdrag som dirigent blir ved
The International Youth Choir Festival 2017 i London, som vert arrangert for første gang. Der skal koret mellom anna, som eit av åtte særskild utvalde ungdomskor frå heile verda, synge i Royal Albert Hall.
Ledige stillinger
Året held fram med Norgesturné i august og stor jubileumskonsert i Oslo 21. oktober, der alle tidlegare sangarar og dirigentar er inviterte til å delta.
Norges Ungdomskor samlar korsangarar mellom 16 og 26 år. Koret blei starta i 1987 og har hatt årlege samlingar og reiser i inn- og utland sidan den gang.













