Valdres folkemuseum tematiserer for tida folkemusikk og nasjonalisme. – Å ta opp vanskelege emne er ein del av museet sitt samfunnsansvar, meiner Ole Aastad Bråten.

© Valdresmusea/Max Ehlert (1941)

Utstillinga «Folkemusikk og nasjonalisme» trekkjer linjer mellom folkemusikken og framveksten av nasjonale straumdrag. Kvifor oppfattar ein folkemusikk og -dans som særskilt nasjonalt? Kva finst i omgrepet «det nasjonale»? Og kva tenkjer utøvarane i dag om musikalsk og ideologisk tilhøyr?

I utgangspunktet ville ein sjå på korleis folkemusikken var brukt i ein nazistisk samanheng. Dette vekte merksemd i miljøet, og i januar laga NRK ei sak om at museet hadde late seg pressa av folkemusikkmiljøet til å endra fokus.

Men det var ikkje press som gjorde at utstillinga fekk ein vidare horisont, seier seksjonsleiar ved Valdres Folkemuseum, Ole Aastad Bråten.

– Me har ikkje gått bort frå ideen vår om å sjå folkemusikken i lys av ideologiske og politiske rørsler, før og under krigen. Men då me gjekk djupare inn i tematikken, såg me at emnet er større. Det vart viktig for oss å sjå på kva som førte fram til krigen, og korleis tankane om det nasjonale har verka i landskapet sidan.

Nasjonalt traume
– Nazismen var likevel eit viktig utgangspunkt. Kvifor?

– I museet ser me det som del av samfunnsoppdraget vårt å henta fram tema som ikkje utan vidare er enkle. Tradisjonelt har formidlinga av folkekulturen hatt ei triviell og uproblematiserande ramme. Me har vist fram kulturen på ein måte som gjer at me kan vera stolte av han. Men museet skal vera ein kunnskapsinstitusjon. Då må me også våga å stilla spørsmål, og visa fram det me synest er vanskeleg, svarer Bråten.

Følg musikkdebatten: Ballade på Facebook
Følg Ballade på Twitter

Han meiner det ikkje er vanskeleg å sjå det sårbare i å tematisera dette.

– Andre verdskrig var eit nasjonalt traume, og har vore det for fleire generasjonar. Det må me ta omsyn til, mellom anna ved å utøva god kjeldekritikk og gje personvern. Samstundes kan ein spørja seg kven som eig historia om forfedrane våre og vala dei tok. Er historiene interessante for det offentlege, må ein jo presentera dei.

– Det viktigaste med utstillinga er uansett ikkje å namngje spelemenn som vart brukt av regimet, seier Bråten. – Det handlar om å visa fram ein idé og peika på korleis han er utvikla gjennom to hundreår.

Dei nasjonale straumane var sterke i heile det kulturelle feltet, kanskje særleg i musikken, før andre verdskrig. I ettertid kom kategoriske dommar, somme med rette, andre uheldige. I kulturelle uttrykk, som i film og litteratur, kjem ein òg mykje attende til tema knytt til krigen. Bråten trur ikkje problemstillinga er ferdig belyst.

– Her kan eg ikkje svara generelt, og heller ikkje for musikkfeltet spesielt. Men temaet har vore underkommunisert i folkemusikkmiljøet. Og eg har registrert at ein framleis kvir seg for å kommentera den tilknytinga ulike kunstnarar kunne hatt til denne ideologien.

Ulike briller
– «Det er ingen samanheng mellom folkemusikken og nazismen», sa Knut Buen til NRK i slutten av januar. Er det ein gjeldande påstand?

– Det har me drøfta mykje på museet, og me meiner det kjem an på kva slags briller ein tek på seg. Med Heinrich Himmler sine briller på nasen går folkemusikk og nazisme som hand i hanske. Himmler brukte folkemusikken, og me ynskjer å sjå på kva som var motivet hans for dette. Kvifor var Himmler interessert i langeleik, arkeologi og bygningsvern?

– Ja – kvifor var han det?

– Litt enkelt sagt handlar det om at völkisch-rørsla, som Himmler støtta seg til, meinte at det beste dømet på ein germansk kultur var å finna i Sør-Skandinavia. Folkemusikken vart brukt som eit kulturelt uttrykk som kunne underbyggja dette.

Spør ungdommen!
I utstillingstekstane hevdar ein at arven og ideane etter dei nasjonale strategane på 1800-talet framleis står sterkt i Noreg. Det vert òg stilt spørsmål om slike idear står i vegen for korleis ein opplever musikk og kunst.

– I formidlinga av det folkekulturelle, også i museumsbransjen, har ein som regel teke på seg den nasjonale hamen, forklarer Bråten. – Ein har vilja rekonstruera og formidla det «opphavlege», utan å utfordra folkemusikken sin relasjon til det nasjonale. Det er sjølvsagt viktig å formidla og forvalta ein kulturarv. Men det er ikkje gunstig om ein formar historia slik ein likar å tru at ho skal vera. Til dømes er det påfallande korleis me som museum vil be ein ungdom stilla i bunad om han eller ho skal opptre i museet. Langt sjeldnare har me spurt kva for ei ramme ungdommen trivst best i, og kunne tenkt seg å opptre i. I dag vil du finna at ein heil generasjon folkemusikarar har eit medvite forhold til kva slag kontekst dei står i. Somme vil utfordra estetikken, og vil kan henda ikkje kalla seg folkemusikarar i det heile.

Frå utstillinga. Foto: Valdresmusea

– Kva ynskjer de kjem ut av utstillinga?

– Eg vonar at folk vil reflektera kring korleis folkemusikken har vore knytt til karismatiske politiske rørsler, og korleis ein kanskje kan rusta seg for å unngå at dette skal skje i framtida. For musikk og kultur kan også i framtida bli brukt i ein ideologisk samanheng. Det å gjera folk i stand til å lesa slike trendar er eitt av måla med utstillinga.

Ei blod-og-jord-tenking
Terje Emberland er seniorforskar ved Holocaustsenteret, og har vore rådgjevar for utstillinga. Han meiner problemstillinga er aktuell, og er særleg nøgd med at utstillinga ser fram til notida.

– Eg tykkjer det er bra at utstillinga har ei brei vinkling. Dette handlar ikkje berre om at folkemusikk vart brukt i NS sin propaganda, det vesentlege spørsmålet er meir fundamentalt. Også i dag er det knytt førestillingar til folkemusikken som uttrykk for noko ibuande ved den norske folkesjela. Synet ligg der som ein arv i miljøet, og er problematisk, fordi det antydar at det finst nokre evigvarande eigenskapar ved «det norske», som ei form for raseeigenskap.

– Enkelte i miljøet hevdar det ikkje er nokon samanheng mellom folkemusikk og nazisme. Forstår du synspunktet?

– Nei, det gjer eg ikkje. Sjølvsagt er det ikkje slik at folkemusikken er berar av noko nazistisk. Men det finst ei forståing av kva folkemusikken er, som har røter i ei rasebasert blod-og-jord-tenking. Det er den forståinga ein tek eit oppgjer med, ikkje folkemusikken i seg sjølv.

– Forståinga av at folkemusikken har ein ibuande eigenskap, reduserer også musikaren. Han vert ikkje ein skapar av musikk, berre ein formidlar, ein «kanal» for noko evig eksisterande. Det gjer musikkforståinga statisk. Derfor trur eg det er fleire i miljøet som ynskjer at ein tek opp spørsmålet. Det er eit teikn på at musikken er levande, og at ein ynskjer ei nytenking om kva musikken representerer.

Utstillinga «Folkemusikk og nasjonalisme» opna på Valdres Folkemuseum fredag 15. mars og står fram til oktober 2014. Ole Aastad Bråten og Ingar Ranheim ved Valdres Folkemuseum har arbeidd fram utstillinga, og Holocaust-senteret har vore rådgjevarar arbeidet.

Denne artikkelen vart først trykka i Bladet Folkemusikk og er gjengitt med deira tillating.

Publisert:

Del: