Hopp til innhald

I Lindemans fotefar: Tre timars storkonsert

Norsk kvedarforum og Den norske folkemusikkscena samarbeidar om ein konsertserie basert på L.M.Lindeman sitt materiale. 7 kvedarar frå heile landet har enkeltkonsertar med materiale frå sitt lokalmiljø, og førstkomande laurdag, 3. desember, blir det ein felles, tre timars storkonsert på Oslo Ladegård. Dei sju kvedarane er Ragnhild Furholt, Gunnlaug Lien Myhr, Marit Mattisgard, Camilla Granlien, Sinikka Langeland, Øyonn Groven Myhren og Ingvill Marit Buen Garnås.

Av Arvid Skancke-Knutsen

På midten av 1800-talet samla Ludvig Mathias Lindeman vokal folkemusikk frå ulike delar av landet. Nedteikningane hans er no komne ut i si heilskap i utgjevinga «Ludvig Mathias Lindemans samling av norske folkeviser og religiøse folketoner» (Øystein Gaukstad / Institutt for sammenlignende kulturforskning 1997 og 2003 / Novus forlag).

I samband med at Lindemans samling av norske folketonar er komen ut i sin heilskap på Novus Forlag, har Norsk Kvedarforum og Den norske folkemusikkscena skipa konsertserien «I Lindemans fotefar».

Sju kvedarar har alt lenge sunge Lindeman-materiale frå ulike delar av landet. Fyrst ut var Camilla Granlien den 15. april i Sel. Deretter følgde Gunnlaug Lien Myhr den 22. mai i Ål, Ragnhild Furholt den 18. juni i Kristiansand og Sinikka Langeland på Prøysenfestivalen i juli. I haust var det konsertar med Marit Mattisgard i Valdres, Ingvill Marit Buen Garnås i Telemark og Øyonn Groven Myhren i Oslo.

Det blir no også ein felleskonsert i hovudstaden. Denne konserten finn stad i Oslo Ladegård, Oslogt. 13 på Grønland, 3. desember, kl. 19.

Konsertserien er støtta av Norsk Kulturråd, Fond for utøvende kunstnere, Fond for lyd og bilde, Lindemans Legat og Rådet for folkemusikk og dans.

Inngang kostar kr. 150,-, inkludert enkel servering. Vil du vera sikra plass kan billettar tingast på dnfs@folkemusikk.no, eller tlf. 22005695 innan 1. desember Konserten varar i heile 3 timar, inkludert pause .

Ludvig Mathias Lindeman var organist, komponist og folkevisesamlar. Han reiste rundt og samla mange av visene som seinere er blitt «ein del av vårt nasjonale repertoar», som Velle Espeland i Norsk Visearkiv har uttrykt det. Blant materialet på «Norske Folkeviser» (fyrste utgåve i 1850), som og Olea Crøger bidrog sterkt til, finn vi mellom anna «Bendik og Årolilja», «Falkvor Lommansson», «Liti Kjersti og bergekongen», «Margjit Hjukse», «Haugebonden», «Knut Liten» og Sylvelin», «Åsmund Fregdegjeva» – og «Draumkvedet».

Du finn meir om L.M. Lindeman og Olea Crøger i artikkelsamlinga nedanfor. Ein fersk artikkel om plateaktuelle Camila Granlien finn du på denne sida frå Norsk Folkemusikk- og Danselag.

Arrangørar er Norsk Kvedarforum, Den norske folkemusikkscena og Ladegården Middelalderkontor.

Ledige stillinger

Ledige stillinger

Relaterte saker

Henning Sommero (Foto: Skjervøy Kommune).

Kvedarseminar om songtradisjonar frå Midt-Norden

Norsk Kvedarforum skipar i samarbeid med Trøndelag Folkemusikklag og Bakke Menighet til kvedarseminar i Trondheim 10.-12. september. Tema er songtradisjonar...

Sinikka Langeland på Essens 2003 (Foto: Andrew J. Boyle)

Finsk-norsk kulturpris til Sinikka Langeland og Ove Berg

Kulturfondet for Finland og Norge har besluttet å tildele musikeren Sinikka Langeland og musikkprodusenten Ove Berg en kulturpris for 2004...

African Dream på Essens 2003 (Foto: Andrew J. Boyle)

Vakker, viktig og forunderlig Essens

– Det som er riktig ved Essensfestivalen er mer enn riktig – det er riktig på en genial måte. Og...

Sinikka Langeland på Essens 2003 (Foto: Andrew J. Boyle)

Edvard-pris til Sinikka Langeland

Årets fjerde Edvard-pris ble delt ut under Essensfestivalen i Fredrikstad i helgen. Den gikk til Sinikka Langeland for albumet «Runoja...

Ingvill Marit Buen Garnås og Jon Anders Halvorsen: "Gåtesong" (Etnisk Musikklubb, 2005)

«Gåtesong»: Historisk CD frå Etnisk Musikklubb

Ingvill Marit Buen Garnås og Jon Anders Halvorsen har med utgjevinga «Gåtesong» teke utgangspunkt i ulike type vekselsongar frå folketradisjonen....

Ludvig Mathias Lindeman

Salmebok og folkevise – om Magnus Brostrup Landstad og Ludvig Mathias Lindeman

Den 7. oktober var det 200 år siden Magnus Brostrup Landstad ble født. Han stod bak to av de viktigste...

Flere saker

Aurum, her i finalen, ble norgesmestere.

Kammerkoret Aurum er norgesmestere i korsang

Kammerkoret Aurum gikk av med seieren da Koralliansen avholdt Norgesmesterskap. De kan tittulere seg norgesmester i kor, skriver arrangørene til...

Sondre Lerche

Rolf Gammleng-priser til Sondre Lerche, SPUNK og Ola Kvernberg

Mandag ettermiddag delte Fond for utøvende kunstnere ut årets Rolf Gammleng-priser, og blant vinnerne er Lerche, SPUNK og Kvernberg.

Russiske rubler

Riktig å fryse utbetalinger til russiske kunstnere?

– Økonomiske sanksjoner mot et land rammer dessverre enkeltpersoner. Tono sanksjonerer. Amnesty anbefaler nøye vurderinger i forkant.