«Fabula Grande» er ei strålande oppvisning av barnleg orkesterklang, meiner Nicholas Møllerhaug.

Fabula Grande i Grieghallen Foto: Bit20

Det var varmt i Grieghallen no på laurdag. Allereie då eg kom inn i Grieghallen merka eg det. Rommet gav frå seg ein uvanleg energi. Det var noko med lyden: ljoden av tre er nemleg ein varm ljod. Kakking – det eg kallar lyden ein får når ein slår to trebitar mot einannan.

Varmeeffekten blir forsterka av eit varmt ljos langsmed scenegolvet. Det ligg raude varme tepper spreidd utover scenen: desse har nesten ein installatorisk effekt – iallfall for oss som sat eit stykke framme. Og viktigast av alt: borna som sat saman på desse raude teppa. Elevane ved Haugland skule var på jobb denne laurdagen: dei var i gong med framføringa av det nye verket. Tre vaksne dirigentar eller instruktørar sit framføre kvar si gruppe på kvart sitt teppe. Dei tre gjev tydelege signal om når dei unge skal kakke. Etter å ha kakka ei stund er den store salen godt fylt med lyd – og i løpet av prologen også fylt med publikum; born og foreldre.

Fabula Grande Frå forarbeide på Haugland skule. Ledet av  Alwynne Pritchard i samarbeide med Ole Andre Farstad og Michael Barnes.

Fabula Grande Frå forarbeid på Haugland skule. Ledet av Alwynne Pritchard, som var instruktør i prosjektet sammen med Ole Andre Farstad og Michael Barnes. Foto: Bit 20

Fleire aktørar skal fylla scenen: vaksne musikarar kledd i svart. Dei går sakte inn på podiet i grupper, set seg ned på dei tomme stolane bak borna, går gruppevis i gong med rollene sine. Ein eigen dirigent instruerer alle saman: Trond Madsen samlar born og vaksne til samspel.

Norges største komponist
Komponisten er truleg Norges aller største: Torstein Aagaard-Nilsen og 44 elevar ved Haugland skule — større komponist skal ein leite lenge etter.

Det er skrive for born — og delvis med born — og i denne ramma er det treffsikkert.

Aagaard-Nilsen har forma verket – og samla materialet. Eg syns han gjer dette meisterleg. I møte med unge amatørar får han brukt sin store musikalske styrke: eg har alltid opplevd Aagaard-Nilsen som effektiv komponist, som aldri er redd for å gjere noko ukorrekt i formspråket. Han vel å stadig veksle: er ein fri komponist som elegant kan bevege seg mellom ulike stil- og sjangergrep. Gjennomgåande i alt Aagaard-Nilsen skaper av musikk er det at han jakter etter den fine melodien. Han er heller ikkje redd for å vise fram kor glad han er i å skape orkesterlyd. Ofte feit orkesterlyd. Og nett det har han blitt meister på gjennom sine utal komposisjonar for korps.

Fabula Grande – det store eventyret – viser dette særleg godt. Det er skrive for born — og delvis med born — og i denne ramma er det treffsikkert. Aagaard-Nilsen veit kva som fungerer i musikalsk kommunikasjon med dei minste, og bruker det: eit mylder av stemningar, rytmar og groove.

Slik er verket blitt eitt rikt og reindyrka klassisk prosjekt for born og unge. Rikt fordi det er ensyklopedisk og gjev ein fin introduksjon til lydens moglegheitar.

Fabula Grande Frå forarbeide på Haugland skule. Ledet av  Alwynne Pritchard i samarbeide med Ole Andre Farstad og Michael Barnes.
Fabula Grande Frå forarbeide på Haugland skule. Ledet av Alwynne Pritchard i samarbeide med Ole Andre Farstad og Michael Barnes. Foto: Bit20

På arket me har fått utdelt er Fabula Grande eit verk i ti satsar. Aagaard-Nilsen har sjølv skrive entusiastiske introduksjonar til kvar av desse, Tekstane gjev oss eit inntrykk av noko opnande inn mot den musikalske handlinga.

Ole Brum, avisblafring og polyrytmer
Sånn praktisk glir forløpet kontrastivt frå reine parti med BIT20 til sekvensar der dei unge er solistar. Her er nokre av høgdepunkta: ein orkestrert hybrid av Xenakis og Monn-Iversen. Dette fann stad i Merkelige Lyder-satsen. Resultatet var noko som kunne ha vore musikken Ole Brum eigentleg burde fått. Avisblafre-partiet var eit anna høgdepunkt. Elevane framførte dette med stor innleving: som om det var eit romantisk parti. Det er også tydeleg at Aagaard-Nilsen veit kva som fenger dei minste aller mest: rytmar. I Bit av en dans ser ein også spor av spanande polyrytmikk – noko ein finn att både hjå minimalistane og i verdsmusikken ein til dømes kan finna i deler av det afrikanske kontinentet

Resultatet var noko som kunne ha vore musikken Ole Brum eigentleg burde fått.

Av andre parti eg vil framheve er den unge solisten som spelte på blikkboksar. Dette var prega av stor sjeldan innleving framkalla av distinkt og konsentrert rasling. Han som spelte xylofon med fiolinboge skapte også ein skikkeleg fin stemning. Effekten var som ein akustisk ondes martinot: lange strok fylde med fine overtonar.

Dette passa godt fordi verket utvikla seg inn mot eit Messiaen-uttrykk: Dei mindre kammerpartia i Fabula Grande vekka minner om krigskvartetten Quator De La Fin des Temps. Dei massive ensemblepartia minna meg om Turangalia-symfonien: breie rytmiske utbrot skapt av groovy komboar av stryk og perkusjon. Kontrasterande rytmiske element forsterkar særleg denne Messiaen-effekten.

Fabula Grande Foto: BIT20
Fabula Grande Foto: Bit20

Undervegs føregår det stadige glidningar i dette mangfaldige verket. Aagaard-Nilsen skaper kontrastar og vekslingar utan at dei verker manierte. Han klarar leikande lett å hoppe frå det abstrakte til det nostalgiske. Andre stader gir han jernet og lagar romantisk musikk for det 21 hundreåret. Og BIT20 er essensielle i dette verket; dei fungerer godt i dialog med dei unge musikarane: borna på scenen blir inkludert i ein orkestergroove dei seint vil gløyme.

Eit sprettertinstrument
Eg ser at beskrivinga mi blir eit spegelbilete av det ensyklopediske med Fabula Grande. Det er eit verk som vekslar valdsamt mellom utrykka, ein får inntrykk av at verket består av mange innfall. Og kvifor ikkje? Eit viktig lim for å få innfalla til å samle seg er humoren og entusiasmen til Aagaard-Nilsen. Latteren sat laust både i sal og på podiet når dei unge plutseleg sat med kvar sin raude ballong. Instruksen var å sleppe lufta ut or dei på same tid. Ein stor feit fiselyd. Andre stadar blei gummien i ballongen brukt som sprettert. Effekten var truleg ein lyd ein sjeldan høyrer i Grieghallen: eit knallgodt perkussivt element.

Og BIT20 er essensielle i dette verket; dei fungerer godt i dialog med dei unge musikarane: borna på scenen blir inkludert i ein orkestergroove dei seint vil gløyme.

Skal eg kome med ei innvending, må den handle om det eg såg frå setet mitt midt i salen. Dei som sat på radane bak meg såg ikkje så mykje. Og det høyrde ein – særleg på dei minste. Bablinga auka med volum etter ein halvtime. Og volumet auka trass i alt som hendte på scenen. Eit effektivt grep hadde vore å gje videojockey’en andre instruksar. Eg syns det er ein knallidé å filme ensemblet i realtime, og projisere det på storskjerm. Men kva var vitsen med det når det hovudsakleg var gruppebilete som blei projiserte? Eg trur ein bør vurdere nærbilete av dei spanande detaljane på scenen til neste framføring. Gruppebileta fungerte ikkje for dei minste bak i salen. Nett av denne grunnen gjekk merksemda etterkvart over i kjeisemd for dei minste.

Med nokre små justeringar på videofronten vil dette stykket blitt ein klassikar: musikalsk fungerte det knallbra.

Les også: Trollbindende konsert av svette barnehender. Fabula Grande anmeldt på Periskop.

Artikkelen er laget med midler fra prosjektet Periskop, som handler om å utvikle og styrke kritikk av kunst for barn og unge. Scenekunst, Kunstkritikk, Barnebokkritikk og Ballade er eiere av prosjektet og nettsiden Periskop.no, som har finansiering fra Norsk kulturråd.

Publisert:

Del: