Bestillingsverk med Tord Gustavsen
Urframføring av konserten ”Restar av lukke – Bitar av tru” under Vossa Jazz.
Tord Gustavsen står for årets bestillingsverk til Vossa Jazz 2008. Bak tittelen ”Restar av lukke – Bitar av tru” møter Gustavsen igjen mange av musikerne han har vært involvert med de siste årene; blant andre saksofonist Tore Brunborg; trommeslager Jarle Vespestad og sangeren Kristin Asbjørnsen.
Melder Vossa Jazz: – Hovudtanken bak konserten har vore å ta tak i ei form for musikalske miniatyrar som ofte har vore improvisert fram mellom låtane i trioen sine konsertar – sekvensar som på same tid er voggesongaktig enkle og harmonisk fleirtydige – og å nytta desse som basis for ein heil konsert. Dette set Tord saman med tekstbitar frå William H. Auden og Lars Amund Vaage sin poesi. Konserten handlar om å samla saman restane og å gå vidare. Den handlar om å finna tru i det som er splintra, og om å finne det store og berande i det enkle og vare. Tittelen er henta frå ein strofe frå Lars Amund Vaage sin poesi; Restar av lukke, Bitar av tru.
Vossasalen, Park Hotel lørdag 15. mars 2008.
Tord Gustavsen – piano
Tore Brunborg – saksofon
Kristin Asbjørnsen – vokal
Mats Eilertsen – kontrabass
Jarle Vespestad – trommer
Cecilie Jørstad – resitasjon
Det er Vossajazz som melder dette.











