Av Ida Habbestad
Foto: Morten Krogvold
Den omfattande presentasjonen av ”Veslefrikk” er resultatet av eit breidt internasjonalt samarbeid.
Saman med fire andre operainstitusjonar i New York, Berlin, Gdansks og Budapest, er Den Nye Opera vertskap for ein konkurranse for operasongarar.
Denne kulminerer i ein finalerunde under Szeged Open Air Festival i Ungarn. Då er finalist-songarane fordelte i roller i fem fulle operaproduksjonar – ein frå kvart av vertskapslanda. Samtlege produksjonar vert fjernsynsoverførte, via den klassiske, franske kanalen Mezzo TV.
Det norske bidraget til festivalen er familieoperaen ”Veslefrikk”.
— Vi mente at ”Veslefrikk” ville passe utmerket som vårt bidrag. Vi har hele tiden vært opptatt av å presentere moderne norsk opera, ikke bare i Norge men også i utlandet. seier konstituert operasjef Stein Olav Henrichsen.
— Både det at forestillingen er en opera for familien – og at den skiller seg fra det store, tradisjonelle operarepertoaret har vært viktig i vurderingen. Dessuten kan tematikken i ”Veslefrikk” være utgangspunkt for en drøfting av migrasjonsproblematikken. Det passer bra, særlig i internasjonal sammenheng, der det potensielt er sangere fra hele verden som har roller.
Eit draume-perspektiv
Det er komponist Knut Vaage og librettist Torgeir Rebolledo Pedersen som står bak familieoperaen, som eigentleg var skriven til opningssesongen for Den Norske Opera & Ballett. At den framfor å bli presentert på nasjonaloperaen no vert distribuert på tv-kanalen Mezzo er eit solid plaster på såret, meiner komponisten.
— Eg har vel strengt tatt ikkje gjort noko som helst for at dette skulle gå til, seier ein nøgd Vaage.
— Men eg er sjølvsagt glad for at verket kjem opp og fram.
Utgangspunktet for stykket er det norske eventyret ”Veslefrikk med fela”. Fattig-guten som gjer teneste hjå lensmannen, vert kasta på dør. Med tre shilling, som han gjev vekk til endå fattigare folk, får han i bytte ei fele. Den får alle til å dansa, med eit ikkje like lukkeleg utfall for alle.
Men i «Veslefrikk» er denne beretninga berre eit startpunkt, fortel Vaage.
— Eventyret er jo eigentleg nokså destruktivt. Helten, Veslefrikk, ynskjer seg hemn. Men hemnen har aldri vore av det gode for menneska. Difor har me har valt ei anna løysing i operaen. Me ser beretninga meir frå draumaren sitt perspektiv – meir i retning av tanken om at det musiske i mennesket kan ha heilt spesielle krefter. Så har me spunne vidare kring temaet, og berører barnearbeid, dop, rus og flyktningepolitikk.
Konkurranse òg om produksjonen
— Det å få en utenlandsk toppregissør til å jobbe med et norsk operaverk, mener vi er et flott bidrag til norsk kunst, seier Henrichsen, om grunngjevnaden for valet av regissøren,Róbert Alföldi, som er direktør for Nasjonalteatret i Budapest.
Om han gjer resultatet overtydande, kan også produksjonen vinna fram – i nok ein konkurranse. Den trer i kraft når framsyninga vert overført to gonger via Mezzo TV, der sjåarane avgjer kva framsyning som er den beste.
Sidan vil verket bli framført på Ungarsk fjernsyn før heile produksjonen vert distribuert på DVD. Men aller først kan ein sjå framsyninga i Bergen, som har planlagt urframføring til hausten.
For meir informasjon, sjå nyop.no. Mezzo TV vil òg laga eit timelangt portrettprogram om produksjonen av «Veslefrikk» og Den Nye Opera.

Ballade klassisk: Ba-rock og spillelistetilpasset Bach
Ballade klassisk er tilbake med syv aktuelle plater som en start på det klassiske musikkåret 2026.

Jarles låt er lyden av monsteret i fjorden
Vreid spiller og synger offisiell låt til storfilmen «Kraken».

Tono åpner døren for «gratispassasjerer». Er musikkbransjens Ikea-øyeblikk her?
INNLEGG: Dagens definisjon av opphavsrett er en gavepakke til alle som vil unngå å betale, skriver musiker Anders Odden i svar til TONO.

Blant en million sanger som trengte seg på fant Kristopher Schau 16 om rusmisbruk
Hvor skal vi begynne? Med duoen som aldri øver på nye låter, de to som også er del av et notorisk rockeband? Eller med navnebrødrene?

Disse skal tevle om tittelen Årets unge jazzmusikere
Prestisjemønstring i jazzen: I februar starter oppkjøringa til Årets unge jazzmusikere.


















































