Hopp til innhald
Ida Habbestad

Ein kvar som ytrar seg tek del i spelet

INNLEGG: – Kvifor eit så snevert syn på kritikk, spør Ballades meldar i svar til Opera Bergen sin styreleiar.

Det nærmar seg ei konstruktiv meiningsutveksling, spørsmålsstillinga som vart forsøkt reist i av «Madama Butterfly». Det set eg pris på.

Imidlertid gjev det til Kristin Knudsen grunn til å utdjupa kva eg meiner kunstkritikk kan – og bør – vera.

Styreleiaren i Opera Bergen hevdar at omgrepa amatør og profesjonell, som ikkje er nøytrale, opnar for at kritikken vert innlegg i ein kunst- og kulturpolitisk diskusjon. Diskusjonen er interessant, men ein bør ikkje skriva seg inn i den gjennom meldingsformatet, er påstanden.

Nøytral kritikk?

Her er eg grunnleggjande usamd. Slik eg ser det, er ikkje kritikken nøytral. Snarare motsett: Ein kritisk tekst tek stilling til eit kunstnarleg produkt. Gjennom bifallet eller den negative omtalen vil ein kritikk alltid kunne nyttast i spelet om midlar og status. Det trur eg dei fleste kritikarar er klare over.

På same måte er heller ikkje framsyningar nøytrale. Dei vert presenterte i eit samfunn som dei nødvendigvis står i høve til. Når Opera Bergen insisterer på å bli vurdert profesjonelt, samstundes som framsyninga utstråler mykje anna, kan dette sjåast i lys av kampen som Knudsen skisserer. Då meiner eg det er heilt betimeleg at dei som møter produksjonen – publikummet og kritikarane – får stilla spørsmål ved praksisen.

Eg meiner sjølvsagt ikkje at dei formelle rammene til ei kvar tid skal stå i fokus for kritikaren. Snarare er vel oppgåva å fanga det heilskaplege inntrykket; å stilla spørsmål om kva eit kunstnarleg uttrykk er – eventuelt kva problemstillingar det reiser – for så å formidla det vidare.

Alltid ein kontekst

Når Knudsen refererer til Windsbacher Knabenchor sin opningskonsert under Oslo Kirkemusikkfestival, har ho funne eit godt døme på ein konsert der det formelle virkar knirkefritt. Windsbacher Knabenchor er drive som ein internatskule i Sør-Tyskland, der elevane får omfattande musikkundervisning. Dei gjev omlag 60 konsertar årleg, og konserten her i Oslo var så til fingerspissene profesjonelt utført at spørsmålet om bakgrunn og ramme for meg ikkje vert særleg relevant å problematisera.

Det betyr ikkje at kritikarane ikkje forheld seg til ein kontekst kring konserten. Dømevis opna konserten for eit spørsmål om jerndisiplinen til dirigent Karl-Friedrich Beringer ville vera akseptabel her til lands, slik Idar Karevold i Aftenposten antydningsvis gjorde i si melding. Ståle Wikshåland si melding i Dagbladet, treng heller ikkje lesast utan kulturpolitiske konnotasjonar. Når han påpeikar at koret er noko heilt anna enn kva me kjenner til i Noreg, ligg innbakt ei vurdering av gutekora våre. Kan henda òg ein kritikk av kva høve der er for profesjonell korverksemd i Noreg?

Ledige stillinger

Viktige spørsmål

Slik kan ein tolka vidare. Poenget er at ein kvar som ytrar seg tek del i spelet. Nettopp difor meiner eg det er viktig å gjera tydeleg problemstillingane, det vera seg gjennom innlegg, meldingar eller andre formar for ytring.

Eg er usamd med Knudsen i at ein må teia stilt om det som kan verta misforstått eller det som er betent. Snarare meiner eg at det er viktig med meiningsutveksling kring utfordrande spørsmål, sjølv om det medfører at nokon kjenner posisjonen sin trua.

Lukkast ein med kritikken å skapa ein konstruktiv debatt, er ingenting betre, meiner eg.

Ida Habbestad er kritikar og journalist i Ballade

Ledige stillinger

Relaterte saker

Madama Butterfly

Klassikar i uklårt farvatn

KONSERTMELDING: Denne helga kunne Bergens operainteresserte få med seg klassikaren «Madama Butterfly» i gamle Forum kino. Var det ein dyktig...

Kristin Knudsen

Sjangerbevissthet i kulturjournalistikken

INNLEGG: Mitt poeng er at en konsert eller forestilling må vurderes ut fra det som synes og høres der og...

Flere saker

Utsnitt fra Jürg Frey sin String Quartet no.

Den stille musikken

Stillheit har alltid vore det viktigaste for meg ved musikk, både som lyttar og utøvar. Difor har eg brukt to...

Åpningsshow Borealis Vinterfestival

Hvordan kutt i kulturtilbud konkret rammer barn og unge

Før sommeren kom Telemarksforsking med en alarmerende rapport rettet mot kutt i kommunale kulturtilbud for barn og unge. Hvordan rammer...

15frixe7kkhsdbvroj61ha

Ny dekan til Operahøgskolen

Operahøgskolen får ny dekan. Mira Bartov mener skolen må satse på internt samarbeid og kvalitetsøkning i et konkurransepreget utdanningsfelt.