Saksofonist, bandleder og komponist Signe Emmeluth i Emmeluth's Amoeba under Oslo Jazzfestival 2020 (Foto: Matija Puzar)

Emmeluth’s Amoeba på Oslo Jazzfestival: Alt er avhengig av soniske vekstvilkår

KONSERTMELDING: Siste dag på årets Oslo Jazzfestival vart ei naturfagsførelesing om vekstvilkår like mykje som ein konsert.

Kalender

Odd René Andersen med band på Hankø

04/12/2020 Kl. 21.00

Viken

Rikke Normann på Hankø

05/12/2020 Kl. 21.00

Viken

Kim, alle klokker

06/12/2020 Kl. 18.00

Oslo

Kreativt Mandagsmøte

07/12/2020 Kl. 14.00

Vestland

Eg trur ikkje eg møter mykje motstand om eg seier at Signe Emmeluth er den hippaste saksofonisten på den norske frijazzscena i dag. Alle snakkar om Signe Emmeluth. Ho har ein energi i spelet sitt og ein kreativitet i komposisjonane som er av ei anna verd. Det var heilt rett at ho skulle avslutte Oslo Jazzfestival.

Det er vanskeleg å fri seg frå ordet amoeba når du lyttar til denne musikken. Det er ei presis skildring av vekstprosessen til musikken – den gror ut av aktiv lytting til kvarandre som element og kan ende opp som kva som helst. Og det liknar ingenting. Musikken endar opp som eit resultat av det soniske vekstvilkåret musikken har hatt – musikarane, instrumenta, rommet, lydmannen, publikum, kvar enkelt lyttar.

Signe Emmeluth er nettopp ein uhyre god lyttar. Ho er tilstades i alt som skjer rundt henne, og reagerer med saksofonen omtrent før det har skjedd noko. Ho har ein umiddelbar gjenkjenneleg klang. Det er rart med det – alle dei saksofonistar ein har høyrt, og så klarer ein framleis å skilje nokre så tydeleg ut. Klangen hennar er både sylskarp, krisp og romleg mjuk. Og så har ho ein ekstremt høg frekvens i klangskiftet, og vekslar konstant mellom linjer og lydnysgjerrigheit i spelet sitt.

I dagane etter har opplevinga vore med meg i alt – eg vil berre inn i det rommet igjen så fort som mogleg.

Pianist Oscar Grönberg var for kvelden vikar for Christian Balvig. Apropos «liknar ingenting» – Grönberg er ei eiga rase. Han ser ut til å ha kopla magekjenslesenteret direkte i flygelet. Det er slag, gjerne med handa keitete til og eit vanvittig oktavstrekk i fingrane. Det ser tilfeldig ut, men musikken som kjem ut til oss lét til tider gjennomtenkt komponert ut.

Gitarist Karl Bjorå spelar ein slags eksplodert country med ein «bottleneck» han kastar rundt på gripebrettet i ulike formasjonar. Hans skarpe gitarlyd gir musikken ein markør som skil det totale lyduttrykket frå andre grupper ein kunne samanlikna Amoeba med. Om det faktisk er slik eller ei, veit eg ikkje, men det lét som Karl Bjorå aldri gjentek seg sjølv.

Kvartetten vekslar mellom å blende inn i kvarandre og å bryte ut frå kvarandre. Dei spelar med, for og mot kvarandre. Alle er dei heile tida interesserte i teksturar og i å gi det totale lyduttrykket ulike konsistensar for lyttaren å tygge på.

Kvartetten Emmeluth’s Amoeba avsluttet Oslo Jazzfestival 2020. Det er eit enormt vakkert musikalsk augeblikk, skriv Ballades anmeldar (Foto: Matija Puzar)

I Emmeluths opne komposisjonar ligg det repetisjonar, utan at det på noko tidspunkt blir statisk. Det er tvert i mot organisk. Repetisjonane har små mikroskopiske variasjonar, og for at det skal vere mogleg, krev det eit kraftig mangfald i det soniske miljøet. I løpet av konserten har kvar enkelt eit lenger soloparti, og det slår meg nettopp kor enormt ulike desse musikarane er. Ole Mofjell lét nokre små lydar vekse ut i eit enormt bulder der dei djupstemte trommene legg ei skodde over scena. Og ut av skodda kjem desse tre spisse og merkjelege lydane. Unisont spelar dei «Lyons». Det er eit enormt vakkert musikalsk augeblikk.

Konserten har ei stor form. Det er spennande heile tida, og er over så alt for tidleg. I dagane etter har opplevinga vore med meg i alt – eg vil berre inn i det rommet igjen så fort som mogleg.

 

Red. mrk.: På åpningsdagen av Moldejazz i sommer ble Signe K. Emmeluth utropt til JazZtipendiat 2020/21. Det årlige arbeidsstipendet er en del av et talentutviklingsprogram i Trondheim Jazzorkester, og innebærer blant annet at Emmeluth skal komponere et nytt verk for Trondheim Jazzorkester med urpremiere på Moldejazz 2021. Prosjektet har en total ramme på 1 million kroner, som dekker urpremieren neste sommer samt påfølgende turné med fire konserter høsten 2021. Kilde: Jazzinorge.no

OM KONSERTEN

Emmeluth´s Amoeba

Signe Emmeluth – saksofon. Bandleder og komponist
Oscar Grönberg – piano
Karl Bjorå – gitar
Ole Mofjell – trommer

Nasjonal Jazzscene Victoria
16. august 2020 kl. 18:30

Omtale av konserten på Oslo Jazzfestivals sider: https://oslojazz.no/artist/emmeluth-s-amoeba/

For å kommentere her må du ha en Facebook-konto. Dersom du har en mening du ikke får postet her kan du sende oss en e-post.

Hold deg oppdatert

Meld deg på vårt nyhetsbrev