Hopp til innhald

Norsk folkemusikk- den nye eksportartikkelen til USA

Medan mediaprofilerte MIDEM i år gjekk utan showcases med norske musikarar, reiser Norsk Folkemusikkformidling 3. – 9. februar saman med duoen Bruvoll/Halvorsen til Nashville, Tennessee, og Folk Alliance Conference for å marknadsføre norsk folkemusikk. I tillegg til showcases og stand på Nord-Amerikas største messe for folk- og rootsmusikk, blir det tid til ein avstikkar og konsert på Millennium Stage ved Kennedy Center i Washington DC.

Tore Bruvoll og Jon Anders Halvorsen skal vanleg bidra til å vidareføre suksessen frå WOMEX i Tyskland i fjor haust, der den norske folkemusikken og eksport av norsk «verdsmusikk» blei sett i sentrum av fleire tunge aktørar med Norsk Folkemusikkformidling i brodden. Det er for øvrig tredje året Norsk Folkemusikkformidling er representert på Folk Alliance, der ein tidlegare har kunne høyre Hallvard T. Bjørgum og Kvarts.

Bruvoll/Halvorsen sjølv har det siste året nytt stor merksemd kring om på festivalar og spelingar både i Noreg og i utlandet. Særleg stor har interessa vore i Tyskland, der dei har tilbod om plateinnspeling og turne-verksemd. Også i England er interessa stor. 21. januar var Jon Anders gjest hos Fiona Talkington i «Late Junction» på BBC 3, der han mellom anna presenterte musikk frå duoen sin siste promo-CD.

4. februar er Bruvoll/Halvorsen, slik KVARTS var i fjor, invitert til å gi konsert på den populære Kennedy Center Millennium- scena i Washington. Konserten blir web-kringkasta direkte over internett tysdag 4. februar kl. 18 lokal tid (kl 24.00 norsk tid), og opptaket kan seinare hentast fram frå arrangøren sitt arkiv. Nytt i år er at duoen spelar åleine denne kvelden, og altså er hovudattraksjon. Onsdag kveld er det danskane som gjer inntog på millenniumsscena, med gruppa Phønix.

Bruvoll og Halvorsen gjev vidare tre presentasjonskonsertar under Nordic Nights 6., 7. og 8. februar under North American Folk Music and Dance Alliance sin årlege konferanse. Arrangementet består av konsertar/showcases, seminarer og utstilling/messe, og er den største møtestaden for utøvarar, mediefolk, journalistar, plateselskap, agentar, promotørar, arrangørar m.v. innan folkemusikk i Nord-Amerika. Bruvoll/Halvorsen utgjer saman med Phønix (DK) og Bazar Blå (S) dei nordiske innslaga under Nordic Nights.

Nordic Nights vert arrangert av danske Folkemusikens Fælles Sekretariat, svenske Rikskonserter og Norsk Folkemusikkformidling. Desse skal også ha felles stand for å presentere nordisk folkemusikk og Folkemusikkatalogen. Du kan lese meir om Bruvoll og Halvorsen her, og ellers på denne sida frå Norsk Folkemusikkatalog, der dei var Månadens Artist i juni 2002.

Ledige stillinger

Relaterte saker

Womex 2002 Norwegian Stand (Photo: Norwegian Traditional Music Agency)

Sterk norsk profil på årets Womex

Med en av de største standene var Norge godt synlig på årets Womex messe som gikk av stabelen i Essen,...

Hallvard T. Bjørgum

Norsk folkemusikk til Vancouver

Hallvard T. Bjørgum er invitert til Nord-Amerikas største bransjetreff for folkemusikk. North American Folk Music and Dance Alliance arrangerer sin...

Synnøve S. Bjørset, live, 2002 (Foto: Jan Lothe Eriksen, NFD)

Nordlandenes musikk

21. til 24. august samla åtte musikarar frå åtte Nordsjøland seg til fyrste øvingsveke og opningskonsert i maleriske omgjevnader i...

Eurofolk samling (Foto: Jan Lothe Eriksen, NFD)

Eurofolk 2003 – invitasjon til europeisk ungdomssamling i Spania

I juni samles mer enn 70 ungdommer fra 15 land i Europa for å spille folkemusikk – for hverandre og...

Flukt,

Flukt på Bør og Børsen

Folkemusikkscena melder at FolkemusikkPØBB-arrangementet med Flukt mandag 3. mars er flyttet fra Cordial til Bør og Børsen i Oslo. Her...

Folk og Dans 2 (Design: Rita Endestad)

Betre kår for folkemusikken i Kanal 4?

Norsk Folkemusikk- og Danselag, som nylig gav ut presentasjons-CDen «Folk og Dans 2», ber no inn til eit åpent møte...

Flere saker

Skjermbilde 2017 03 20 kl. 09.19.26

Working Class Hero med ny hovedsamarbeidspartner

Festivalen i Drammen inngår et samarbeid med Sparebanken Øst, som stiller med en halv million kroner årlig i en tre...

Sangboka publikum landsfestivalen for kor

Lanserer et nordisk sangkrafttak

– Mange er bekymret for fremtiden til fellessangen.

Swing’it

Swing’it, Tyskland!

Tradjazzbandet Swing’it satser egne penger for å spille turné i Tyskland.