Hopp til innhald
Spindel, 2004 (Foto: www.folkelarm.no)

Folkelarm: Ny platepris for folkemusikken

Landslaget for spelemenn har lenge arbeidd for å få til ein alternativ spelemannspris for folkemusikksjangeren. Under Folkelarm kjem endeleg den første eigne plateprisutdelinga for folkemusikk.På ein stor konsert laurdag 22. oktober vil det bli delt ut plateprisar i 5 ulike klasser. Styret i Landslaget for spelemenn vil også dele ut ein heiderspris til årets folkemusikar.

Av Arvid Skancke-Knutsen

Grunnideen med Folkelarm kjem frå Landslaget for Spelemenn sin strategiprosess. Organisasjonen vil med Folkelarm bidra til at folkemusikkartistar blir meir synleg og får meir jobbar.

Folkelarm skal vere ei sals- og eksponeringsmesse for folkemusikken. Den viktigaste oppgåva til Folkelarm er å løfte fram talent og kvalitet i folkemusikken til arrangørarar som vil bruke folkemusikk i sine arrangement på scener, hotell, turistskip, festivaler, seremoniar – ja, alle stader der folkemusikk kan brukast.

— På priskonserten vil ei rekke av dei fremste folkemusikarane i landet delta, slik som Andreas Ljones band, Jan Beitohaugen Granli, Flukt, Gunnhild og Sveinung Sundli, Annbjørg Lien, Sondre Bratland, Hallgrim Hansegård og Majorstuen, seiar informasjonsansvarleg i Landslaget for Spelemenn, Frode Rolandsgard.

Plateprisane blir delt ut til «norsk tradisjonsmusikk».

— Med dette meiner vi også urbefolknings- og minoritetsmusikk med tradisjonar i Noreg, slik som samisk, kvensk, finsk og tatermusikk. I tilegg blir det ei open klasse der også «nyinnvandra » tradisjonsmusikk blir vurdert, fortel Rolandsgard.

Eit supplement til Spellemannsprisen

— Prisutdelinga er tenkt som eit supplement til Spelemannsprisen, og skal sette meir fokus på sjangeren og artistane våre.

Folkelarm-prisen – som på engelsk vil få namnet Norwegian Folk Music Award – vil bli delt ut i fem kategoriar:

*
Årets soloplate – tradisjonell (Tradisjonell solomusikk, instrumental eller vokal)
*
Årets samspelplate – tradisjonell (Spelemannslag/ gamaldans eller liknande)
*
Open klasse / eksperimentell (Arrangert, nyskapande, samt musikken til innvandrarar)
*
Årets nykomar (Kan også vera nye grupper)
*
Årets dokumentasjonsplate (Kan vera både arkiv og nyinnspelingar der dokumentasjon er ein viktig del av utgjevinga.)

Ledige stillinger

For alle klassene gjeld at eit fleirtal på plata må vera busett i Noreg eller spela tradisjonsmusikk med røter i Noreg. Platene som skal vurderast for Folkelarm-prisen 2005 må vera gjeve ut mellom 1. september 2004 og 1. september 2005. Musikken må ikkje vera gjeve ut tidlegare, heiter det i statuttane frå Landslaget for Spelemenn.

Tradisjonsscene og showcasekonsertar

Folkelarm vil gå av stabelen på to scener på Fabrikken i Oslo helga 21. – 23. oktober. Folkelarm er primært eit salsarrangement, der folkemusikkartistar/ grupper skal få fleire jobbar, men det blir også prisutdelingar, bransjetreff, konsertar, seminar og stor fest.

På Folkelarm skal 32 grupper / artistar ha kvar sin 1/2-time lange showcasekonsert, fredag eller laurdag kveld, frå ei av dei to scenene på «Fabrikken» i Oslo. Formålet er å presentere gruppene for innkjøparar av folkemusikk, men dette blir også ein fantastisk og eineståande konsertserie til glede for eit vidt publikum.

På dagtid laurdag blir det eiga tradisjonsscene, der LfS ønskjer å presentere det tradisjonelle uttrykket.

Påmeldingsfristen til Folkelarm er ute, og gledeleg for arrangøren er at mange har meldt seg interessert i å vera med.

— Det har blitt ein flott blanding av nyskaping og tradisjon, etablerte og nykomarar.

Interesserte kan lese meir om Folkelarm på www.folkelarm.no.

Ledige stillinger

Relaterte saker

Landslaget for Spelemenn – åpningsbilde

Folkemusikkmiljøet vil ha egen folkemusikkpris

– For oss er det viktig at folkemusikken skal få en bedre og mer verdig plassering i Spellemannprisen, og vi...

Ellen Horn

Første skritt på vei mot et Folkemusikkens hus?

Norsk folkemusikk- og danselag overleverte i dag en utredning om ny riksscene for folkemusikk og folkedans til stortingsrepresentant Olemic Thommesen...

Landslaget for Spelemenn – åpningsbilde

Landslaget for Spelemenn med drahjelp frå Frelsesarmeen

Norsk folkemusikk tyr til hjelp frå Frelsesarmeen når dei skal meisle ut vegen framover. Tidlegare marknadssjef Jan Størksen i Frelsesarmeen...

Magnar Sundt, LfS (Foto: Kjell Bitustøyl)

Statsbudsjettet 2005: – Skuffande statsbudsjett for folkemusikksektoren, seier LfS

– Det er knapt nok smular i auke til folkemusikksektoren i regjeringas framlegg til statsbudsjett for 2005, skriv Magnar Sundt...

Folkemusikkillustrasjon (Foto: Norsk folkemusikk og Danselag)

Musikklivets tiltakspakke: Slik vil vi ha det!

I denne artikkelen presenterer Ballade kommentarene til kravene som ble presentert i tiltakspakken «Samstemt». Bak «Samstemt» står syv norske musikkorganisasjoner...

Odd Nordstoga 2005 (s/v)

Høy Spellemanns-temperatur for folkemusikkmiljøet

I avisen Varden har bølgene de siste tiden gått høyt rundt Spellemannpris-showet, og ikke minst måten folkemusikken ble gjemt bort...

Flere saker

Frode Fjellheim æresjoik Musikkforleggerprisen

Frode Fjellheim gir det videre – Ramón hyllet for gjennombrudd – her er vinnerne av Musikkforleggerprisene

Musikkforleggerprisene er nettopp delt ut.

VAARIN Lighthouse, Ballade video

Ballade video XCII: Mellom det store havet og det trygge fyret

Ni ferske videoer, fire premierer. Med Vaarin, Dragongirl, Broken Swans, Kill Shelter & Antipole, Josefin Winther, Norsk Råkk, Nullskattesnylterne, Kåre...

Amalie Dahl

Ballade jazz: Å bryte og bygge vaner

Dette er platene du pakkar med deg i lag med krimromanen, kvikklunsjen og appelsina.