Hopp til innhald

Håp om nye takter

Dei siste åra har det gått nedover med Latinfestivalen i Trondheim. Med eit nytt styre håper kunstnarleg leiar Bjørnar Søreng no på betre tider.

Denne helga fyller Latinfestivalen i Trondheim femten år, etter både oppturar og nedturar. Dei siste par-tre åra har det vore mindre og mindre oppslutning rundt festivalen, og i fjor valgte det sitjande styret å tre av.

Bjørnar Søreng er kunstnarleg leiar i den nye organisasjonen bak festivalen. Han var også med å starte den aller første festivalen i 1998.

-Den gangen eksploderte det fullstendig, og vi solgte ut den gamle jazzklubben i Olavskvartalet utan problem. Etter det var det mange gode år for festivalen, fortel Søreng.

Følg Ballade på Facebook

Viktig med nettverk

Men i det siste har det altså gått nedover. Søreng forklarar at det er essensielt for styret å ha brei kontakt med både musikarmiljøet og det latinamerikanske innvandramiljøet i byen.

-I det nye styret har vi mellom anna med Ernst Wiggo Sandbakk og Knut Fagerbakke, som også jobbar i Jazzfest.

Vidare har den nye produsenten for festivalen, Patricia Princess Søreng, bakgrunn frå Haiti, og god kontakt med det latinamerikanske miljøet i Trondheim.

–I tillegg til vanlege kanalar som sosiale medier, aviser og plakatar er kontakta med dette miljøet svært viktig for å nå ut til vårt publikum, fortel Søreng.

Virtuell kulturturisme

Ledige stillinger

Det er fleire internasjonale navn på plakaten i år.

Musikkprofessor Kjell Oversand ved NTNU står bak eit av dei meir lokale: Trondheim World Music Ensemble. Dei har hatt eit samarbeidsprosjekt med bandet til den svært populære, nyleg avdøde musikaren Polo Montanez frå den Cubanske landsbygda.

Trondheim World Music Ensemble:

Oversand er einig i at kjerna av både publikum og musikarar kjem frå det latinamerikanske innvandrarmiljøet.

-Samtidig er nok dette ei moglegheit for ein del nordmenn til å drive med ein slags virtuell kulturturisme, eller å gjenoppleve tidlegare turistopplevingar. Den viktigaste funksjonen festivalen har er likevel at dei med latinamerikansk bakgrunn får gode liveopplevingar med ‘sin’ musikk, forklarer Oversand.

Oversand har trua på at det nye styret kan løfte festivalen vidare i åra som kjem.

-Apparatet rundt festivalen har tidlegare vore litt prega av mykje dugnad. Det kan vere slitsamt på sikt, seier han.

Les også: – Oslo er «nasjonal scene for sjangerblanding»

Avhengig av godt salg

Bjørnar Søreng håper på mykje publikum denne helga. Festivalen har brei støtte frå kommune, fylkeskommune, kulturrådet og fleire.

–Men likevel treng vi nok nokon hundre betalande begge kveldane for å få det til å gå rundt, fortel han.

Til trass for nokre dårlege år viser tidlegare erfaring at dette er mogleg.

-Det er eit godt og relativt stort miljø for dette i Noreg, med mange amatørmusikarar som har stor interesse for musikken og kulturen. I tillegg har vi jo dansekursa, held han fram.

Kjell Oversand meiner nordmenn har mykje å lære av den latinske kulturen.

-I denne kulturen er det ikkje eit like skarpt skilje mellom livemusikk og bruksmusikk, seier han. Her går dans, deltaking, allsang saman med improvisasjon og musikkprestasjonar på høgt nivå, held han fram.

Den 15. Latinfestivalen i Trondheim startar fredag 24. februar med headlinarar som Matt Bianco (UK), Latini (Brasil) og India – La Princesa de la Salsa (Puerto Rico/New York)

Ledige stillinger

Relaterte saker

Veronica Maggio

Punkterer myter

Undersøkelsen fra svensk musikkbransje viser at mytene om söta brors eksporteventyr ikke helt stemmer.

Erik Hillestad

– Systemet har brutt sammen

Erik Hillestad i Kirkelig Kulturverksted har søkt Kulturdepartementet om en egen pott for debutantstøtte.

CD

Om CDens død

KRONIKK: Strømming er en katastrofe for «den krevende musikken» og tvinger den over på statsstøtte, mener Erik Hillestad i Kirkelig...

KORK i studio

Travle dager for KORK

Etterspørselen etter Kringkastingsorkesteret går i taket som en følge av NRKs konflikt med IFPI. Nå planlegges lydlegging av sommerens OL-sendinger.

Christian Ihle Hadland

25 år med musikkeksport

INNLEGG: Impressario Kjell Wernøe har gjort opp regnskap. Det danner grunnlaget for noen tanker om hvordan musikkeksporten bør utvikles videre.

Flere saker

Illustrasjonsfoto

GOD SOMMER!

Ballade tar sommerferie, men her har vi samlet lese- og lyttestoff for late og gode feriedager, hentet fra 2019-arkivet vårt.

Andreas Meland blir satt pris på av bibliotekvenner.

Sildajazz-general fikk pris for å være god venn av folkebiblioteket

Får ros for å tilgjengeliggjøre deler av Sildajazzen.

Penger

Kulturrådet krever ikke gjenbruk etter urfremføringer

Men ønsker at søkere tenker over mulighetene. Slik beroliger de dem som frykter kommersialisering av støtteordning.