Hopp til innhald
Sondre Mæland. Stillbilde fra video opptak på Nordic Black Theatre

(Foto: Elisa Bates)

Ballade og Samspill presenterer Samspill Sessions: Sondre Mæland

Ny uke med live-video fra Samspill Sessions! Nå står Sondre Mæland og hans «Opp og Stå» for tur.

– Hvem er du? Fortell kort om deg selv!
– Fyrst og fremst er eg ein nysgjerrig kar som interesserer seg for absolutt alt. Dette har gjort at eg har fått delta i ei heil rekkje spanande musikk- og kulturprosjekt med folk frå heile verda, i tillegg til å ha hatt mange jobbar kor eg har fått sjå samfunnet vårt frå fleire vinklar. Eg likar å tenke at eg fungerer som ein svamp i sosiale situasjonar, og det beste eg veit er å prate med folk om tema som verkeleg er viktig for oss. Når eg skriv musikk forsøker eg å la erfaringa som denne nysgjerrigheita har gåve meg komme til uttrykk.

– Elles er eg vaksen opp i rolege omgjevnader blant fjordar og fjell i Hardanger før nysgjerrigheita mi tok meg til Oslo for å ekspandere horisonten litt. Det er her at eg blitt kjend med bandet som eg arbeider med.

– Gjennom livet har eg erfart at noko av det viktigaste med eit samarbeid er evna til å kunne gje konstruktive tilbakemeldingar og å saman byggje opp eit godt miljø. Det aller viktigaste for meg då eg skulle finne eit band var difor at folka som er med er ((godt) over gjennomsnittet) hyggelege. Og dersom du nokon sinne får gleda av å helse på Inger-Maren, Milad eller Simen vil du skjøne kvifor vi arbeider saman. I tillegg til å vere knakande gode på sine respektive instrumenter og ei rekke andre ting, er dei truleg dei tre mest hyggjelege og konstruktive menneska som har vandra her på jorda.

Her ser du videoen fra liveinnspillingen av låten «Opp og Stå»:

– Hvordan vil dere beskrive musikken deres? Hva ønsker dere å formidle?
– For å raskt plassere musikken kan vi sei det slik: det er variert musikk som hentar inspirasjon frå heile verda med éin fellesnemnar: Nynorsk vokal. Det vil seie at du gjerne kan høyre noko som liknar på alt frå latinamerikansk musikk til afrikansk stammemusikk eller pop, men med tekst på mi dialekt.

– Dei to låtane som sleppes gjennom Ballade er ganske forskjellige, og det speglar måten eg skriv musikk på.

– All musikken min er skrevet berre eit steinkast unna viktige livserfaringer, enten det er mine eller andres. Håpet er at den kan vere noko som ein kan lytte til når ein ynskjer alt frå trøst og støtte til noko å danse til.

Sondre Mæland og bandet, fra venstre Inger-Maren Fjeldheim, Milad Amouzegar og Simen Brenden (Foto: Karstein Grønnesby)

– Teksten til «Opp og Stå» er noko som eg vonar at kan få folk til å tenke framover og glede seg over det ein har. Vi har til og med ordna koppar som ein kan kjøpe og ta fram når ting er som traustast om morgonen! Dei finn du på heimesida mi.

– Hva tenker dere om denne digitale formidlingen av musikken gjennom Samspill Sessions?
– Vi er veldig imponert over kor fort Samspill omstilte seg då konsertane vart avlyste i vår. Moglegheita for både å få innspelt musikkvideoar og å få dei lansert gjennom Ballade.no betyr enormt mykje for nyetablerte artistar med behov for markedsføringsmateriale. Sjølv er eg spesielt takksam for å endeleg ha noko fint å vise til dei som bookar Den Kulturelle Spaserstokken og liknande.

Ledige stillinger

– Ein stor takk til Karstein og Siri i Samspill – arbeidet dykk gjer for å hjelpe fram nyetablerte artistar er kjempeviktig. Utan å skape forventningar vil eg sei at det vert spanande å sjå kva meir de kjem til å dra ut av hatten for andre artistar i liknande situasjon.

Fiolinist Inger-Maren Fjeldheim. Stillbilde fra videoen (Foto: Karstein Grønnesby)

Sondre Mæland og bandet er:
Sondre Mæland – bass
Inger-Maren Fjeldheim – fiolin og vokal
Milad Amouzegar – gitar, vokal og tradisjonelle persiske instrumenter
Simen Brenden – slagverk, perkusjon, melodisk perkusjon og vokal

Ledige stillinger

Relaterte saker

Moisés Gadea

Ballade og Samspill presenterer Samspill Sessions: Moisés Gadea

Samspill Sessions er i gang, og denne tirsdagen får vi se og høre Moisés Gadeas «Tortillas».

Orun

Ballade og Samspill presenterer Samspill Sessions: ORUN

I dag starter vi opp Samspill Sessions, videoer med opptak av liveinnspilte låter fra seks ulike artister og band. Først...

Bilde fra en av innspillingene til Samspill Sessions. Elisa Bates holder kameraet, og bak fra venstre ser vi Ricardo Sanchez på perk, Moisés Gadea på gitar og vokal, og Sondre Jessen Bjerkeli på bassgitar

Samspill Sessions – livemusikk i opptak

Musikere som skulle ha hatt konserter denne våren har fått spille inn og filme utvalgte låter live på Nordic Black...

Flere saker

Peder Niilas Tårnesvik Foto: Synne Sofi Baardsdatter Boenes

Nopa-stipend til Peder Niilas Tårnesvik

Tårnesvik mottok prisene like før sin konserter under by:Larm i Oslo fredag kveld.

Benedicte Maurseth

Benedicte Maurseth: Fra ensom springar til improvisasjon og dyrelyder

Når det ikke lenger føles kunstnerisk tilstrekkelig å bare spille hardingfele solo, lar hun skapertrangen slippe løs, og horisonten utvides....

Folkemusikksenteret i Buskerud

Kunstneropphold på Folkemusikksenteret i Buskerud

Åpent for alle musikere å søke, til øving, låtskriving og fordypning i norsk folkemusikk.