Hopp til innhald
ScreenshotBlåmann Blåmann er Asgaut Bakken, Odd Nordstoga, Silje Hegg og Lars Underdal.

(Foto: Anne Vesaas)

Blåmann Blåmann feirar 20 med comeback

Silje starta mastergrad, Lars fekk seg stresskoffertjobb, Asgaut fekk seg kulturjobb og Odd blei popstjerne. Men no er Blåmann Blåmann tilbake.

Blåmann Blåmann feirar 20-års jubileum med reutgivelse og konsert. Det skriv musikkselskapa Grappa og Heilo ei pressemelding.

I 1997 møttest fire ungdommar for øving i ei gamlestoge i Vinje. Lars Underdal (25), Odd Nordstoga (24), Asgaut Bakken (23) og Silje Hegg (21). Det var starten på folkemusikkorkesteret Blåmann Blåmann og fem år med moro, fest, surmuling, musikk, latter, allsang og kaos. No er det 20 år sidan det legendariske albumet deira kom ut, og det skal feirast med remastra vinyl med heile 5 bonusspor og reunionkonsert på Rockefeller 15. oktober, skriv dei i pressemeldinga.

Blåmann Blåmann spela «felerock med gnist», og bestod av Odd Nordstoga, Asgaut H. Bakken, Silje Hegg og Lars Underdal. Bildet er platecoveret fra 2001, designa av Magnus Rakeng frå Melkeveien. (Foto: Magnus Rakeng – Melkeveien / Heilo)

Skulle reklamere for Noreg: Det heile starta med at Ellen – mor til Odd – dreiv ei lita reiselivsbedrift og hadde funne ut at denne gjengen skulle sendast til Tyskland for å reklamere for Noreg som reisemål. Då gjengen kom heimatt var det fleire som ville høyre kva dei hadde øvd seg på i Tyskland. Fyrst sporadisk, men etter kvart balla det på seg med både skulekonsertar og festivalar, TV, radio og fleire utanlandsturar. Etterkvart kom det på tale å spele inn plate, der fyrstesporet «Tippe tippe tuve» gjekk til topps på Norsktoppen og så smått kom dei også litt ut av folkemusikkens emneområde og blei ei av dei fyrste gruppene av dette slaget som spelte på festivalen Bylarm.

Blåmann Blåmann klarte å gjere tradisjonsmusikken tilgjengeleg for endå fleire lyttarar gjennom sine leikne og energiske sceneopptredenar, kreative arrangementer og suverene samspel. Den lokale, solistiske folkemusikken fekk akkordar og blei skrudd saman og tilpassa eit meir moderne bandformat. Idé og gjennomføring blei godt motteke, og publikum strøymde til lokala langs vegen dei fór. Men etter fem år med konsertar for stapp- og halvfulle hus i inn- og utland blei det brått slutt. Då byrja Silje på mastergrad, Lars fekk seg stresskoffertjobb, Asgaut fekk seg kulturjobb og Odd blei popstjerne.

Blåmann Blåmann er Lars Underdal: hardingfele, fele, vokal – Odd Nordstoga: vokal, gitar, trekkspill – Asgaut Bakken: gitar, vokal – Silje Hegg: fløyter, vokal / medvirkende: Marius Reksjø: kontrabass – Tor Bjarne Bjelland: perkusjon.

Ledige stillinger

Flere saker

Bilde fra Veslefrikkprisen 2017, da elever fra Sunnylven skule vant

Klart for utdeling av Veslefrikkprisen og Årets U-trykk

Barn og unge over hele landet har komponert musikk i månedsvis. Fredag 10. mai kåres vinneren live i NRKs Store...

Yngvar Kjus, Larry Bringsjord, Anja Nylund Hagen – alle ønsker nye modeller for å nå igjennom de massive volumene av strømmet musikk velkommen, men advarer hvis musikkskaperes rettigheter spises opp.

Ny Spotify-funksjon tar enda mer fra artistene

Spotify sier de vil hjelpe artister med å bli oppdaget. Det må artistene selv betale for, i strømmeplattformens nye Discovery-tjeneste....

Eldbjørg Hemsing OpusKlassik2023

Drømmehøst for Norges yngste symfoniorkestre

August og september blir minnerike måneder for Norges to yngste symfoniorkestre. I alt venter fem konserter på noen av Europas...