Artist, musikkpedagog og tidlegare DKS-utøvar Hans Martin Austestad etterlyser handling frå Kulturtanken. Sjå innlegg og tilsvar her, sitert frå tidsskriftet Periskop.

Musikar og tidlegare DKS-utøvar Hans Martin Austestad, © Foto: Privat

For kort tid sida starta musikar og tidlegare utøvar i Den kulturelle skulesekken, Hans Martin Austestad, eit opprop for å få KS og fylkeskommunane til å møte Creo til lønsforhandlingar.

Underskriftskampanjen stiller krav om at fylkeskommunene og KS svarar på CREOs krav om ei lønsavtale og møter til reelle forhandlingar om løns- og arbeidsforhold i Den kulturelle skulesekken (DKS). Målet er å komme fram til ein avtale der utøvarar kan vere lønsmottakarar, og ikkje sjølvstendig næringsdrivande når dei turnerer i DKS.

Bakgrunnen for oppropet er beskrive slik på nettsida www.opprop.net: Før Rikskonsertene ble avviklet var det mulig for kunstnere å ta lønn som lønnsmottaker i Rikskonsertene og DKS systemet. Som følger av omleggingen er ikke dette mulig lenger. Dette svekker ordningens anseelse, og dermed også kvalitet. Rikskonsertene ble fra 2015 gradvis avviklet av regjeringen under løfte om en ny etat med utvidet mandat som skulle styrke ordningen med den kulturelle skolesekken.

Over 1300 personar har førebels signert oppropet.

I Austestads opne brev til etaten for Den kulturelle skolesekken, Kulturtanken, etterlyser han handling frå verksemda som forvaltar eit mandat som nasjonal eining for alle kunstuttrykka i DKS. Det opne brevet blei publisert på tidsskriftet Periskops heimeside onsdag 9. oktober.

“Kjære Kulturtanken”, startar Austestad, “for tida held kunstnarar eit opprop for å få KS og Creo til å møtast til lønnsforhandlingar. Oppropet kjem som resultat av organisatoriske hol som er oppstått som følgje av dykkar tiltredelse som etat, og ny organisasjonsform for DKS ordninga. Eg er provosert av at de sitt stille i båten (Ballades utheving, red. anm.), og vil no utfordre dykk til å komme med nokre svar på tiltale.”

Dei konkrete spørsmåla Austestad stiller til Kulturtanken handlar om sambandet mellom kvalitetet i tilbodet og kvaliteten i arbeidsvilkåra til kunstnarane og utøvarane som turnerer i DKS:

På grunnlag av dette, og av mandatet dykkar har eg følgjande spørsmål eg vil utfordre dykk til å svare på:

1. Er det samanheng mellom arbeidsvilkår og kunstnarisk kvalitet?
2. Har de dokumentert kunstnarane si anseelse av det nye systemet?
3. Korleis kan de fylle meining i mandatet dykkar om å styrke kvaliteten i alle kunstretningar – når ikkje alle kunstretningar sine forbund har reel forhandlingsmulighet, og dermed manglar anledning til å formidle kva som skal til for å levere kvalitet?

Les heile brevet frå Austestad til Kulturtanken på Periskop.nos heimeside.

Kulturtankens direktør, Lin Marie Holvik, seier i eit tilsvar publisert same dag som det opne brevet at “vi sitter på ingen måte stille i båten”:

Vår jobb på nasjonalt nivå er nettopp å kartlegge, hente inn data, analysere, koordinere, iverksette samarbeidsprosjekt på tvers, forenkle hverdagen gjennom for eksempel DKS-portalen og dermed bidra til gode politiske beslutninger. Og spille tilbake til fylkene og andre DKS-aktører de dataene vi har, slik at fylkene sørger for at elevene får et best mulig DKS-tilbud.

Vi vet allerede i dag mye mer enn vi visste for noen få år siden, og faktakunnskap er som regel det som skal til for å få til endring til det bedre.

Les heile tilsvaret frå Kulturtanken på Periskops heimeside.

Publisert:

Del: